Debatt

Nordmenn er i verdstoppen på kjøp og kast. Vi har råd til å betale meir for mat.

  • Hallvard Helland
    Hallvard Helland
    Lom Bonde – og småbrukarlag
Før var det rekna som mykje om ein gard leverte 100 tonn mjølk i året. Nå blir 200 tonn rekna som minimum, skriv Hallvard Helland.

Utfordringane i jordbruket blir ikkje løyst berre med robotar og effektivisering.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Framtida i landbruket er robotisering, meinte politisk redaktør Kjetil B. Alstadheim i Aftenposten 9. mars.

Og ja, mjølkeroboten har forenkla arbeidsdagen for mange. Kanskje kan vi få robotar til å plukke jordbærene for oss. Men utfordringane i jordbruket blir ikkje løyst berre med robotar og effektivisering.

Må produsere meir og meir

Før var det rekna som mykje om ein gard leverte 100 tonn mjølk i året. Nå blir 200 tonn rekna som minimum. Ein robot er dyr både å kjøpe og drifte. Men den arbeider 24/7.

Både roboten og kua bør produsere mest mogeleg mjølk heile året. Ei ku kan produsere 4–5 tonn mjølk i året utan eller med lite kraftfôr.

Når den helst skal opp mot 10 tonn, er om lag 45 prosent av rasjonen kraftfôr. Mest norskprodusert råstoff, noko import.

Matfatet blir utarma

Norge disponerer i dag eit areal i utlandet til soyaproduksjon tilsvarande cirka 25 prosent av dyrka mark innanlands. Halvparten går til dyrefôr, mest til laks.

Dette er område som vil gje mindre avling framover grunna utarming av jordsmonnet og klimaendringar. Samstundes må vi auke global matproduksjon med 60 prosent dei neste 30 åra for å brødfø ei aukande befolkning.

Vil da eksport til nordmenn som ønskjer billig mat og dyre feriar, ha førsteprioritet? Er det robust og framtidsretta, når vi i tillegg er i ferd med å utarme det største matfatet vårt, havet? Eg meiner nei.

Gjeldstyngd og uføreseieleg

Dei fleste bønder leiger nå jord. Låge marginar og større lån må kompenserast med auka volum. Det inneber større og meir effektive maskiner for å nå over større areal på same tid.

Tyngre utstyr gir meir jordpakking. Pakka jord er som ein samanpressa svamp, den er dårlegare både til å suge opp og halde på vatn. Det gir mindre avling i ei tid der vi må rekne med meir ekstremvêr. Gjelda på norske gardar er firedobla siste 20 åra. Men vil du vera med, så heng på.

Vi kan og må satse på auka sjølvforsyning
Hallvard Helland er utdanna skogbrukskandidat.

Alstadheim beskriv grøntproduksjonen som ei suksesshistorie. At den langt på veg konkurrerer med import trass i lågt importvern. Men produsentane får stadig mindre betalt og har i aukande grad korte og uføreseielege kontraktar.

Også her må det kompenserast med volum, mekanisering og investering. Jordbær blir sprøyta seks gongar før vi et dei. Poteter fire. Meir sprøyting gir færre pollinerande insekt. Skal vi likevel gå vidare mot industrilandbruk og store monokulturar og satse på at forskinga på dronebier til pollineringa blir ein suksess?

Løysinga finst

Vi brukar 11 prosent av inntekta på mat, 25 prosent på hus og 20 prosent på transport og reiser. Vi har totalt 440.000 hytter. Vi er i verdstoppen på kjøp og kast av elektronikk, klede og mat.

Nordmenn kastar i snitt 22 kg klede kvart år. Det er 12 kg rein bomull. Berre det krev areal tilsvarande 14 prosent av norsk dyrka mark og gir CO₂-utslepp tilsvarande 190.000 bilar.

Vi kan og må satse på auka sjølvforsyning. Og vi har råd til å betale litt meir for at fleire produserer litt mindre mat, men meir til saman. Det er ei betre investering i framtida enn ny TV på hytta. Med redusert belastning på natur og klima i både heime og i andre verdsdelar på kjøpet.

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meiningar på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Jordbruksoppgjøret
  2. Landbruk
  3. Roboter
  4. Klima