Debatt

Be for Brussel. Be for Paris. Be for Boston. Nei, ikkje be! Gjer noko! | Kjetil Aarseth

Det er lettare å stå opp mot religion enn nokon gong før. Og det er noko du kan gjere. No. Her.

En skadet blir tatt hånd om ved metrostasjonen i Brussel etter terrorangrepet tirsdag. AFP PHOTO / EMMANUEL DUNAND/NTB SCANPIX

  • Medieviter
  • Kjetil Aarseth
    Ålesund

Så har ei ny terrorhandling råka Vesten. Det er fælt. Like fælt som det er overalt. På alle kontinent og til alle tider. Vi er mest opptatt av det som er nærast oss her og no og det kan forklarast rasjonelt med ein haug av medieteoriar. Og lite overraskande trendar «pray for Brussels» på sosiale media. Men , sjølv om det heilt sikkert er godt meint, så er det alt anna enn rasjonelt. I beste fall betyr det ingenting. I beste fall verkar det mot si hensikt.

Be for Brussel? Religion er den viktigaste drivaren for at denne faenskapen skjer i det heile tatt.

Terror: den ytterste konsekvensen av religion

IS har tatt på seg ansvaret for terrorangrepa. Dei som står bak har etter trua sikra seg sjølv for evigheita. Jihad gir raskaste vegen til Paradis for dei ansvarlege. Trur dei. Trur .

For dei som er ekstreme nok, så er alle som ikkje delar religionen vantru. Og dei vantru er legitime mål. Også mor og to barn på veg til barnehagen som sprengjast i bitar på metroen. Ein ventande far. I bitar! Han ventar forgjeves og skal aldri få pusla saman familien sin. Livet sitt. Også pensjonisten på veg til varmare strøk og ledd som skal mjuknast. Vantru. Bort med han. Også studentane på veg til høgare utdanning og som går ut av tida før potensialet er utløyst.

Les også

Disse terroristene er ikke «de andre», og de kommer ikke «utenfra», skriver forfatter og politisk flyktning i Norge, Iyad El-Baghdadi, om angrepene i Brussel

Og så tenkjer du at eg er kategorisk og Islam-hatar. Nei, det er ikkje slik. Eg er kategorisk religions-skeptikar, fordi det som skjedde i dag er den yttarste konsekvensen av religion. Denne gongen er det islam som får det frå meg, fordi det skjedde no. Eg skriv dette i harnisk, og ville sikkert formulert meg litt annleis før angrepa. Eller i morgon. Men prinsippet står.

Andre religionar har fått dosa si tidlegare, også den eg var døypt inn i og melde meg ut av ved første høve. I dag har islamistar tent gnisten som Donald Trump allereie har brukt for å tenne si lunte. Også for han er religionen sprengkrafta. Andre med makt og avmakt vil kaste seg på. Det kjem til å smelle igjen. Med bomber og ord.

Denne gongen er det muslimar. Før var det kristne

For slik er det: Alle dei som ikkje trur på din Gud tek feil, og er dermed dårlegare menneske enn deg. Då er vegen kort til undertrykking av desse. Og drap. «Ja, men alle er ikkje slik». Nei, det er sant. Humanismetankegangen finn ein igjen i alle religionar. Det er det som foreinar religionane.

Inhumanisme er det betre grobotn for i religion enn i noko anna drivkraft i menneska

Men så er det forskjellen på skrift og praksis. Inhumanisme er det betre grobotn for i religion enn i noko anna drivkraft i menneska. Dei og oss. Dei andre. Dei vantru. Bort med dei.

Komikaren Ricky Gervais sa det godt: «Hugs, DIN Gud er ekte. Alle desse andre gudane er tullete påfunn. Men ikkje din. Din gud er ekte. Kven no den er.»

Dette er herleg sarkasme. Komisk. Men bak smilet er det sorg. Terroraksjonen i dag er resultatet av akkurat dei same mekanismane. Dei og oss. Denne gongen er det muslimar. Opp gjennom tidene har det vore kristendommen eller andre religionar.

Korleis rettferdiggjere krigføring, terror og vald? Noko rasjonale bak det er vanskeleg å få til. Då kjem religionen i bruk som den nyttige idioten den er. Det irrasjonelle og andelege tek over. Og alle «dei andre» er fritt vilt. Som mora og to barn. I bitar!

Støtt deg på ei rein humanisme

Be for Brussel. Be for Paris. Be for Boston. Be for Madrid. Be for London. Be for New York. Nei, ikkje be. Gjer noko.

Eit viktig steg for deg som les dette er å ta avstand frå religion. I alle former. Vær modig nok til å tale imot dei som lyfter fram trua si. Det kan vere litt ugreitt, men som dagen i dag har vist, er det viktig å stoppe det i alle former før det utartar seg.

Religionen er ei vaklevoren krykkje. Støtt deg på ei rein humanisme. Utan atterhald. Utan religion.

I Norge er det ikkje så vanskeleg å vere modig som det ein gong har vore. I førre veke vart det lagt fram eiundersøking frå Norsk Monitorsom viste at dei som ikkje trur på Gud er i fleirtal her heime. Det er lettare å stå opp mot religion enn nokon gong før. Og det er noko du kan gjere. No. Her.

Alt det andre, som diplomatiske samtalar, om ein skal overvake meir, ha strengare grensekontrollar eller politi med skytevåpen, er oppgåver for andre enn deg. Dette krev også at dei er modige. Har kløkt. Kaldt hovud. Varmt hjarte. Eg sender kjenslene mine til Brussel og til oss alle.

Det er tid for ettertanke. Og så er det tid for deg å vere litt modig. Vær modig.

Få med deg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Aftenposten følger hendelsene i Brüssel og konsekvensene her i Norge og i Europa tett. Her er noen av de mest leste sakene:

Frank Rossavik kommenterer:

  1. Les også

    Det må bli slutt med aksepten for parallellsamfunn

  2. Les også

    Norsk terrorekspert i Brussel: - Må venne oss til flere slike angrep

  3. Les også

    Terrorforsker Thomas Hegghammer: - Dette er et vannskille for terror i Europa

  4. Les også

    Angrepene i Brussel: Dette vet vi - og dette vet vi fortsatt ikke

  5. Les også

    Verden deler fransk solidaritetstegning i sosiale medier

Les mer om

  1. Debatt
  2. Terror
  3. Religion

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

  2. SID

    Kassadama, postmannen, læraren. Dei burde fått eit diplom alle saman

  3. DEBATT

    Kva bør verta konklusjonen på Tangen-prosessen?

  4. DEBATT

    Eit visst vedtak om ulv sette fyr i Facebook-feeden min i går. Idiotar der óg. Så mykje idiotar.

  5. SPORT

    - Det er vi i Nordvest-Europa som er ulike frå resten av verda

  6. SID

    Ein SMS kan ikkje redde verda, men den kan redde nokon si verd