Debatt

Vi må ta fleire grep for å ta knekken på skabben

  • Gudrun Seeberg Boge
    PhD, veterinær og seniorrådgiver, Statens legemiddelverk
  • Ulrike Jüse
    farmasøyt og seniorrådgiver, Statens legemiddelverk
Utviklinga dei siste åra gir god grunn til å frykte at auken i skabb vil fortsette, meiner Legemiddelverket.

Konsekvensane kan strekke seg utover nattekløe og tomme studentkontoar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Lege Simon Ertzeid er uroa over at skabbmidden framleis brødfør seg på både lommeboka og huda til for mange nordmenn. Det kjem fram i eit debattinnlegg i Aftenposten 10. november og i podkasten Forklart.

At redusert kontakt ikkje har hatt effekt på førekomsten gjennom halvanna år med nedstenging, skapar bekymring. Også hos dei ansvarlege forvaltningsetatane.

Legemiddelverket kan ikkje aleine få endra behandlingskostnadane. Men det er gode argument for at samfunnet bør dekke behandlinga. Det kan skje ved at skabb får status som allmennfarlig smittsam sjukdom.

Begrunna frykt

Både presse og fagmiljø har uttrykt bekymring for høge kostnader og at skabben kravlar vidare, trass gjentatte behandlingsrundar. Utviklinga dei siste åra gir god grunn til å frykte at auken vil fortsette. Konsekvensane kan strekke seg utover nattekløe og tomme studentkontoar.

Det er ikkje riktig at tablettbehandling er meir effektivt enn krem, slik Ertzeid hevdar. Det viktigaste for å bremse smitten er å sørgje for at dei som er smitta og deira nærkontaktar, raskt kjem i gang med behandling – og lukkast på første forsøk.

Legemiddelverket saman med Folkehelseinstituttet har det siste året tatt fleire grep:

  • Pasientar kan no få dekka kostnader til tablettbehandling dersom dei ikkje lukkast med den anbefalte krembehandlinga.
  • Behandlingsråd til legar og pasientar er blitt oppdaterte.
  • Det er utarbeidd sjekklister for behandling som følgjer med dei aktuelle preparata.

Fortset skabbdansen?

Tal på skabbkonsultasjonar og sal av skabblegemiddel vil etter kvart indikere om skabbgaloppen fortsett i aukande takt, slik Ertzeid fryktar.

Han personleg har observert ein auke i talet på konsultasjonar etter gjenopninga av samfunnet. Men vi veit for lite om smittetrenden i heile Noreg til å kunne seie kor fort og i kva retning smittespiralen snurrar no.

Ertzeid poengterer med rette at dersom berre éin einaste skabbmidd snik seg unna, fortset skabbdansen på eit nytt vers. Det er samfunnet som tar rekninga når foreldre og barn må vere heime frå barnehage, skule og jobb. Og fleire kløande pasientar er ikkje det verken helsebudsjetta eller helsetenesta treng no.

Les også

  1. Skabb er på fremmarsj

  2. Dårlig klesvask har ført til fotsopp og skabb blant soldater

Les mer om

  1. Skabb