Derfor er Ibsen Museum & Teater for tida stengd

  • Nina Refseth
Mykje ligg til rette for at museet skal blomstre. Men vi manglar pengar til drift, skriver Nina Refseth.

Vi manglar pengar til drift.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

I ein kronikk i Aftenposten 31. august skriv Lise Fjeldstad med fleire at det er ein internasjonal skandale at Ibsen Museum & Teater er lukka.

Vi i stiftinga Norsk Folkemuseum synest også det er svært trist.

Huset er sett i stand, leilegheita skin og ny scene er på plass. Mykje ligg til rette for at museet skal blomstre. Men vi manglar pengar til drift.

Bygarden museet held til i er eigd og pussa opp i regi av Victoria Eigedom AS. Store investeringar er gjort. Men det har naturleg nok også ført til ei vesentleg høgare husleige.

Stiftinga Norsk Folkemuseum fekk eit ekstra tilskot til oppgradering av bygg og utstillingar, men som Stortinget var klar over, dekkjer dagens løyvingar knapt auken i leigekostnader. Også stengde hus kostar pengar. Arrangementa som er gjennomførte, har vore eksternt finansiert, saman med overføring av ressursar frå andre delar av stiftinga.

Kronikkforfattarane spør kvifor vi ikkje berre kan overføre middel frå andre delar av Norsk Folkemuseum. I noko grad omprioriterer vi allereie. På same tid har pandemien svekka inntektene til alle musea i stiftinga. Det hadde vore ei dårleg løysing å svekkje tilbodet ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy for å opne eit nytt museum og teater på sparebluss.

Vi står klare med eit heilt nytt formidlingstilbod, der publikum, og ikkje minst skuleelevar, kan møte både Ibsens liv og verk.

No både trur og ventar vi at det er politisk vilje til å opne Ibsen Museum & Teater i 2023.