Ikkje kjøp denne boka inn til biblioteket
Eg har lese boka «Dere skal ikke erstatte oss!» av Renaud Camus. Det tenkjer eg færrast mogleg andre bør gjera.
Hjå den franske forfatteren Renaud Camus er «den griske jøden» bytt ut med «den skitne afrikanaren», oftast i form av «den valdelege muslimen». Språket er polariserande og hissande.
Naturkatastrofe, skadedyr og epidemi – alle dei klassiske metaforane om «den andre» er med. Krigsmetaforane er mangfaldige, og han utholar viktige omgrep som folkemord og terror.
Viktig samtale, feil samtalepartnar
Vi bør snakka meir om utfordringane i ei multietnisk, hyperlenka verd. Men om vi skal ha håp om å gjera den betre, kan vi ikkje lytta til personar som skriv slik: «Nasjoner [i Europa] blir redusert til rettighetsbuffeter for parasitter som ikke har tatt seg bryet med å anstrenge seg, eller ikke hatt vilje, hjerne, mot eller tålmodighet til å ta skjebnen i egne hender» (s. 56).
Camus har ei stor forklaring på kva som gjer dagens Europa kaotisk: innvandring. Løysinga er å senda dei tilbake der dei kom frå. Han stigmatiserer millionar av medmenneska våre. Difor støttar eg alle biblioteksjefar som vel å ikkje kjøpa inn boka «Dere skal ikke erstatte oss!». Ikkje at den bør bannlysast eller brennast. Den treng berre ikkje prioriterast.
Bibliotek med kvardagsmakt
Biblioteksjefar si redaktørrolle ved debattarrangement og utlån av lokale får mykje merksemd, redigeringa av boksamlinga mindre. Om det kjem inn 10.000 bøker i året, må like mange ut. Også her er biblioteksjefen redaktør.
Folkebiblioteksamlingane blir hovudsakleg bygd opp via innkjøpsordningane til Kulturrådet. Men biblioteka vel suverent om dei vil formidla bøkene, supplera med fleire – eller setta dei på hylla i det heile. Slik utøver biblioteka si kvardagsmakt. Budsjetta for eigne innkjøp varierer, men også her er fridomen stor.
Fridom, ikkje rett
Eg heiar på at Legatum Publishing publiserer Camus på norsk. Ytringsfridomen skal vera stor. Fjernlånsordninga gjer boka tilgjengeleg via alle norske bibliotek.
Eg meiner også biblioteksjef Knut Skansen si avgjerd om å lata Legatum Publishing låna rom på Deichman Bjørvika til lanseringa var riktig. Om nokon låner eit rom, er ikkje biblioteket ansvarleg for opplevinga til dei som er der. Men ingen har rett til å ytra seg i «det store opne bibliotekrommet», som Skansen sa i eit intervju i Bok & bibliotek 11. mai.
Bokhyllene er del av rommet der biblioteksjefen er redaktør.
Sjølvtekt i lesekioskane
«Dere skal ikke erstatte oss!» er blitt plassert ut for bokbyting i mange lesekioskar. Rødt-politikar Sofia Rana har oppfordra folk til å henta bøkene og kasta dei. Men det er ikkje opp til folk flest å luka i boksamlinga. Vanlegvis har eit bibliotek tilsyn med lesekiosken. Då må dei også røkta den.
Vi er vande med at redaktørar har makt til å avgjera kven som får sendetid og spaltemillimeter. Vi bør venna oss til tanken om at biblioteksjefane har ei liknande makt. Ikkje til å knebla, men til god gamaldags, redigering.