Debatt

Kva er grunnen til at Aftenposten praktiserer språkleg tvang? | Ola E. Bø

  • Ola E. Bø

Faksimile av en Aftenposten-forside.

Bøyingsformer, kjønn og diftongar er òg ei forteljing, ei forteljing Aftenposten sensurerer med sine språkpolitiske grep.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Som ein konsekvens av samarbeidet med Bergens Tidende, der ein fritt nyttar begge målformer, oppheva tidlegare sjefredaktør, Espen Egil Hansen, forbodet mot nynorsk på redaksjonell plass i Aftenposten.

Han hevda òg at det var «umoderne» å ha eit slikt forbod, (Norsk Tidend nr 3 2018), men understreka at «moderat bokmål» framleis skal vera det viktigaste språket i avisa, og at nynorsk også i framtida vil vera unnataket.

Ola E. Bø har vært dramaturg og språkkonsulent ved Det Norske Teatret. Han var leder i Noregs Mållag 1984–1986.

Dette er ikkje oppsiktsvekkande, det er berre så langt ein er kommen i Norges største avis 135 år etter at Stortinget jamstelte dei to målformene, og Aftenposten er sjølvsagt i sin fulle rett til å velja redaksjonelt språk.

Det som derimot bør vekka oppsikt, er den retten avisa tar seg når det gjeld debattinnlegg og innsende artiklar, og særleg at, «Innlegg på bokmål skal følge Aftenpostens språknorm».

Bokmål kan vera så mykje meir

Dette er ei norm i den konservative utkanten av det som er tillatt i bokmål, og ein treng ikkje lesa lenge i den beste og mest populære litteraturen på bokmål før ein ser at bokmål kan vera så mykje meir.

Det betyr at til dømes utbreidde hokjønnsformer som boka, tida, klokka, gata, elva, brua osv. (namneskikk i Oslo i over 80 år) blir retta. Det same gjeld fortidsformer av verb som hoppa, dansa, kasta, blunka, og framtida er bannlyst.

For å handheva denne påhaldne pennen nyttar Aftenposten, som mange andre redaksjonar, språkrettingsprogrammet Tansa. Men Tansa har ikkje språkøyre, derfor skjer det stadig komiske uhell, som at partiet Høgres uvanleg folkelege slagord blir til «Erna er stjernen» og Aftenpostens byvandrar, som eg gler meg til kvar søndag, må finna seg i at det blir slengt med leppen.

Ikkje eingong Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) klarer å grava fram belegg for slenging eller henging med leppen, men må ta til takke med at Ingvar Ambjørnsen både slengte og slang med leppa.

Les også

Derfor skriver vi på nynorsk og dansk i Aftenposten

Identitetsmarkør

Avvik frå Aftenposten-norma, av den typen eg alt har nemnt, er for mange skriveføre viktige identitetsmarkørar som fortel om andre politiske, sosiale og geografiske ståstader. Dette valsar Tansa ned og viskar ut.

Bøyingsformer, kjønn og diftongar er òg ei forteljing, ei forteljing Aftenposten sensurerer med sine språkpolitiske grep. Dette filtrerte språket blir i sin tur brukt som dokumentasjon av ein språkleg konsensus som ikkje finst.

«Enhetlig språk»

Det er verdt å merka seg at ingen av dei andre Schibsted-avisene driv med språkpolitikk av denne typen.

Kva er så grunnen til at Aftenposten, som hevdar liberale verdiar og i andre samanhengar talar varmt om retten til å velja, praktiserer språkleg tvang? Er det det avblomstra idealet om eit «enhetlig språk», i eit land med to skriftspråk og brei aksept for dialektar og språkleg mangfald i nær sagt alle samanhengar?

Ei avis med tung lingvistisk kompetanse og profesjonelt engasjement for det frie ord i sin midte burde forlengst ha fått slutt på dette tullet. Og i alle fall bør den nye redaktøren setja si ære i å by lesarane sine eit uforfalska språk.

  1. Les også

    Helene Uri: Norge har så mange språk. Hva med å lære oss litt flere av dem?

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Aftenposten
  2. Språk
  3. Bokmål
  4. Nynorsk
  5. Espen Egil Hansen
  6. Debatt

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Avisene driver språklig sensur av leserinnlegg

  2. KOMMENTAR

    Nynorsken har sigra

  3. DEBATT

    Kort sagt, tirsdag 3. mars

  4. DEBATT

    Kort sagt, fredag 24. januar

  5. DEBATT

    Nei, turen vår over Nordpolen var ikke et PR-stunt

  6. DEBATT

    Kort sagt, onsdag 22. januar