Debatt

Vi kan ikkje godta at statsforvaltninga er ei milliard-leikegrind for tannlause maskinistar | Olav S. Årflot

  • Olav S. Årflot
    leder Bygg Og Anlegg, Politihøgskolen
En del av Stortingets omfattende byggeprosjekt går ut på å bygge en 250 meter lang innkjøringstunnel til et nytt post- og varemottak. Bildet viser arbeidet med innkjøringstunnelen 23. februar. Stortingsbygningen skimtes i bakgrunnen.

Dette handlar om så ufatteleg store summar, og det er så fundamentalt demoraliserande.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eg er ikkje udelt einig i at ein alltid skal finne ein syndebukk når dette eller hint går gale i offentleg sektor. Ofte er det ein eller annan stakkar som ikkje aktivt kunne påverke prosessen som må ta støyten.

Men denne gongen må det røskast opp i – og gravast djupt i slutningsprosessar og ikkje minst i kontroll, eller total mangel på såleis. Dei ansvarlege må kjenne at dette får konsekvensar.

Vi kan ikkje godta at statsforvaltninga er ei milliard-leikegrind for tannlause maskinistar. Trekk i løn og tilsetningsstopp som har vore oppe i media, kan her reknast som ei svært rimeleg konsekvensberekning.

Dette handlar om så ufatteleg store summar, og det er så fundamentalt demoraliserande at desse som forvaltar sjølve nasjonalproduktet kan vere så grenselaust ansvarsfråskrivande.

Eg er ei tann i offentleg sektors tannhjul, skriv Olav S. Årflot.
Les også

Fem ting du kan få for én meter med stortingstunnel

Avbyråkratisering og effektivisering

Eg er altså ei tann i offentleg sektors tannhjul. Ein mellomleiar på driftssida i eit statleg organ, med eit eige budsjett for mi eining. Sprekk mitt budsjettet med nokre titusen så må det forklarast i detalj, sjølv om «overskridinga» er gått med til aldri så gode formål til det beste for etaten.

Siv Jensen bereknar at ein sparer tre milliarder i året på effektivisering og avbyråkratisering. Vi – og dei fleste andre statlege organ og etatar – effektiviserer og rasjonaliser slik at det til slutt vil gå på akkord med leveransen. Du finn eksempelvis forsvinnande få byråkratar i ei driftsavdeling.

Korleis avbyråkratisere ein praktikar? Og vi er alt fintuna og effektivisert til fingerspissane. Men vi er lojale mot reformer og omstillingar, digitalisering og attpåtil nemnde avbyråkratisering.

Alle ser det fåfengde i dette: Hundretusenvis av «byråkratar» i alle ledd som skal effektivisere seg sjølv herfrå til evigheten, for så å bruke milliardar i feilslag utan å løfte nemneverdig på augnebrynet?

Les også

Stortingsflertallet sier nei til lønnskutt for å dekke milliardsprekk i eget byggeprosjekt

Ei «vanleg» heksejakt

Ein kvar kan ramse opp ei mengde tiltak som ein kunna brukt «ein Olemic» på i staden for bokstavleg talt sleppe pengane i eit hol i gata i Oslo. Eg kan nemne lokalt her i Glåmdalsregionen ein motorveg vi har venta i tiår på å fullføre. Ein kostnadsreduksjon på om lag «éin Olemic» er vel det det har kokt ned til og heng ved no.

Denne saka blir ikkje tatt tak i av media på ein seriøs nok måte. Det har utarta seg til ei «vanleg» heksejakt. Denne gang på stortingspresident Olemic Thommessen (H). Han er på ingen måte åleine om dette. Kvar er normale kvalitetsrutinar, kostnadskontroll, riksrevisjonen, komitear meg her og organ meg der og eg veit ikkje kva?

Her er det då hundrevis av verkelege byråkratar i alle ledd. Her må det vere avdelingsfeil, etatsfeil, departementsfeil og ei skyggelegging utan sidestykke! Om ikkje dette får konsekvensar, kva får det då?

Eg trur ikkje medianorge eingong har forstått alvoret i dette. Når ein kan drive statsrådar frå sin post, sans og fornuft fordi ein er for tett ven med og den, eller ei lita tre-bryggje utan løyve: kvar er dykk no?

Les også

Støre ber Olemic Thommessen trekke seg etter byggeskandalen på Stortinget

Hån mot offentlege tilsette

Det må ei total opprydjing til! Det er ein hån mot alle offentleg tilsette som skvisar og tyner sine budsjett, går på akkord med seg sjølv for å få arbeidsdagen til gå opp til det beste for konge, folk og fedreland.

Skal ein få alle tannhjula i offentlegheitas maskineri til å snurre same vegen så er det eit minstekrav at hovudmaskinisten – statsapparatet – i det minste har ein snev av tillit. Slik det no utviklar seg frå Løvebakken så er vi ei tann i inkompetansens lykkehjul.

Dette er mine synspunkt, eg representerer ikkje Politihøgskolen.

Les også

Stanghelle: Thommesen ville gjort nasjonalforsamlingen en stor tjeneste hvis han avsluttet redegjørelsen med å varsle sin egen avgang

Les mer om

  1. Stortingets byggeprosjekt
  2. Olemic Thommessen
  3. Stortinget