Russ, turisme og hatet på kjærleikens øy | Åshild Ulstrup
Dagen etter eg kom til Kypros, møtte eg unge jenter og spurde kva dei syntest om oss som kom og snakka og flørta med gutane deira. Svaret sjokkerte meg: Dei hata oss!
I det siste har det vore mykje snakk om storturismen både i nord og syd.
På Mallorca har øyfolket sett seg lei av turistane si omsynslause framferd og at dei sjølv blir skvisa ut, sa turismeeksperten Åsa Grahn. Som om dei legg hovudet igjen heime.
Nå er det den norske russen som har vist sine styggaste sider i Hellas.
Les også: En russemammas erkjennelse | Trude Jacobsen
Kvinnene på Kypros betalte prisen
For 35 år sidan kom eg åleine til Kypros og vart fanga av sol og kvite strender. Dagen etter eg kom, møtte eg unge jenter i ulike butikkar og spurde kva dei syntest om oss som kom hit og både snakka og flørta med gutane deira. Svaret sjokkerte meg: Dei hata oss!
Resten av ferien vart inga solreise, men ei vandring i turismens bakgater der kvinnene på Kypros betalte prisen for mang ein nordeuropeisk ferieidyll.
Året etter var eg seks gonger på Kypros og samla stoff til boka som kom ut i 1986: Hore og madonna på kjærleikens øy.
Det første eg fekk vita, var at frå februar til oktober måtte jentene finna seg i å sitja heime mens kjærastane delte nettene med turistjenter frå Norden. Eg gløymer ikkje stemninga i heimen til ei jente eg overnatta hos. I hyllene på det vesle jomfrukammerset låg utstyret og venta: Gardiner, dukar og sengtøy – alt vakkert brodert av jenta sjølv.
Ei turistjente hadde flytta inn i bustaden hans
Men han ho skulle gifta seg med, såg ho sjeldan nå. Det var blitt mars og ei turistjente hadde alt flytta inn i bustaden hans.
Sjølv var ho ikkje glad i han lenger, men visste at ho måtte gifta seg med han. For det var henne han ville gifta seg med. Turistjentene hadde han berre sex med, hadde han sagt.
Jentene på Kypros skal vera jomfruer mens dei ventar på guten, men for gutane hastar ikkje ekteskapet lenger, slik det gjorde. Guten meinte det var ho som skapte problema, ikkje han. Ein annan gut gjekk rett på sak: Eg brukar jentene som eg brukar motorsykkelen! Sa han.
Sjølv mødrer søkte psykiatrisk hjelp
Jentene eg snakka med, mista trua på sin eigen seksualitet, og sjølv mødrer søkte psykiatrisk hjelp. For det var ikkje berre unggutane som var ute på byen og spanderte frå hushaldspengane.
– Turistane vil aldri forstå kva som skjer innanfor dørene i heimane våre! Sa ei mor. Ho kjende seg friare i sin ungdom enn dotter si.
Blant kypriotane går turistjentene for horer. Foreldra heldt døtrene heime for at dei ikkje skulle bli som oss, og var også redd for at sønene på byen skulle mista noko av det finaste i seg sjølv.
Før den tyrkiske invasjonen i 1974 var Famagusta i nord, turistsenteret på Kypros. Nå vart det Aya Napa i den greske delen, turistane strøymde til.
Å få så mange jenter du vil ha!
– Du kan tenkja deg, sa ein godt vaksen kar – at desse gutane som aldri hadde sett eit nake bryst, og som aldri hadde hatt nokon sjanse med ei jente utan å vera gift, og så få så mange jenter du vil ha!
Unge gutar og vaksne karar som tidlegare sat på kafeane og spelte, gjekk med store augo inn i det nye eventyret.
– Vi tener pengar, byggjer hus og velstanden aukar, men i hjarto våre er vi blitt fattigare, sa ei anna mor.
– Vi var lykkelegare før turistane kom. Landet vårt har mista sjela si, sa ho.
Ein engelsklektor fortalde at kvar sommarferie drog han frå familien sin til ein bustad tvers over Star-bussen sin siste stoppestad og sikta seg inn på ei av oss. Siste sommaren hadde han delt netter med 200 jenter.
– Kvifor ikkje? Sa han. Han var fødd fri og ville døy fri.
Eg var jo ei av desse sjølv!
Boka mi vart nærast pepra då den kom ut i 1986. Lenge hadde eg ein søppelsekk med utklipp. I Norge var det eg som kalla norske jenter for horer, fekk eg høyra. Men eg var jo ei av desse sjølv!
Det eg opplevde, var ein kulturkollisjon som var viktig å få kjennskap til: At møtet mellom frie nordiske kvinner og frie kypriotiske menn hadde så store følgjer for kvinnene på øya.
Samstundes prøvde eg å fortelja kypriotane at jentene i Norge fritt kan snakka med menn utan å skulle liggja – eller trulova seg – med dei.
Sidan den gong har norsk ungdom, jenter og gutar også skilt seg ut med sine grisefestar på Kypros – dyppa i alkohol. Og akkurat nå, desse slåstkampane i Hellas mellom to norske russelag i eit land med eit anna syn på både ungdom, oppførsel og også dannelse.
Eg kalla det Aya Napa, men plassen kunne lege kor som helst der turismen gjev store pengar i kassa, mens landet mister sjela si.