Debatt

Tiggarane ei gåve til oss? | Marianne Sunde

  • Marianne Sunde, journalist
Innleggsforfatteren reagerer på uttalelser fra Oslos nye biskop Kari Veiteberg om at tiggerne er en gave til oss.

Ein løyser ikkje utfordringane overfor trengande i Europa i 2017 ved å slå seg til ro med at det er ei gåve å få gje almisser.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Meinar verkeleg Oslos nye biskop at det er det ei gåve at folk kjem til oss og er så desperate at dei overnattar i sprengstein under Sinsen-krysset? At vi berre kan putte ein 20-kroning i begeret til tiggaren og gå til vår lune heim og setje over middagen? Skal vi slå oss til ro i takksemd fordi «vi har så mye at vi kan gi litt bort»?

Eg har gjeve bort vottane mine gong på gong når eg har gått forbi unge jenter og gamle koner som sit og frys. Eg har tømt klesskapa til døtrene mine for ullgensarar og delt ut. Eldste dotter har vore frivilleg i Røde Kors og stått for loddtrekking om kven av tiggarane som skal få ei seng for natta og kven som må sove ute.

  • Byrådet i Oslo: Slik vil det få bedre kontroll på tiggerne

Den yngste reagerte resolutt sist førjul over grautrestar etter nissefest. Ho la grauten i boksar og ga til huslause tilreisande. Skal vi vere takksame fordi vi får oppleve menneskers uverdige liv og få sukre det litt med vår nestekjærleik?

Nei. Det einaste vi kunne vore takksame for, var om politikarane som vi har gjeve vår tilllit, viste seg tilliten verdig og gjorde si plikt.

At dei tok eit reelt initiativ til europeisk samarbeid der det vart garantert for at alle Europas innbyggjarar fekk eit minimum av menneskeverdig liv i sine respektive heimland. Ein løyser ikkje utfordringane overfor trengande i Europa i 2017 ved å slå seg til ro med at det er ei gåve å få gje almisser.

Vil du lese mer om tigging og tiggere? Her er et par forslag:

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Tigging