Kor er lærarane i den offentlege debatten?

  • Oddbjørn Hofseth
Er lærarar uengasjerte? Late? Er det grunna ein fryktkultur ein ikkje vil uttale seg? spør Oddbjørn Hofseth.

Politikarar, foreldre, samfunnsdebattantar og andre forståsegpåarar får uttale seg vidt og breitt om skulen. Vi lærarar må bli meir høglydte.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Stoda i den norske skulen er stadig oppe til høglydt debatt. Politikarar, foreldre, samfunnsdebattantar og andre forståsegpåarar får uttale seg vidt og breitt i avisspalter, Dax18-studio og andre flater.

Folk diskuterer mat i skulen, lengda på undervisningsøktene, bruken av bøker vs. skjerm, klasseleiing og elevtalet i kvar klasse og så bortetter.

Det er ikkje måte på kva oppegåande folk med null røynsle frå skulen (anna enn som elev og student) får seg til å meine noko om, ofte i ein bastant og betrevitande tone. Enkle, populistiske raljeringar er regelen snarare enn unnataket når skule og lærarstanden skal debatterast.

Når desse røystene får tyte ut i media, vert dei møtt med motsvar frå dei som veit eitt og anna om desse problemstillingane?

Tja, gjer dei det?

Kor er lærarane i den offentlege debatten?

Mindre oppteken av verkelege utfordringar

Dette er ei yrkesgruppe som er representert i kvart lokalsamfunn her til lands, og som bør vere både skrive- og taleføre nok og ha eitkvart å svare til dei forskjellige hylekora som dukkar opp med ujamne mellomrom.

Sjølv om lærarar som yrkesgruppe ikkje markerer seg, trass i at dette er ei av dei største og mest utspreidde yrkesgruppene som finst, er det likevel nokre få som stikk seg ut.

Men kva tema tek dei opp og debatterer?

Alle som jobbar i den norske skulen veit kor skoen trykker og kva som er uheldig utvikling i denne bransjen. Det er påfallande at dei store «kjendis-lærarane» er meir ivrig på å støtte opp under problem som ein som eks-elev eller føresette kjenner, og mindre oppteken av verkelege utfordringar slik vi møter dei som yrkesutøvarar.

Vi må bli meir høglydte

Auka løn og anerkjenning er stikkord som det gjerne vert spurt etter, for å heve standarden på denne yrkesgruppa.

Eit ønske frå meg som representant for denne yrkesgruppa er at vi må bli meir høglydte, med rask reaksjon på usaklege innspel om skulen og læraryrket, og dessutan vere langt mindre lydige andsynes politisk ideologi, praktiske tilhøve, marknadsstyrte omsyn og skuleleiarar.

Dette kan i det minste vere med på å syte for at læraryrket kan oppnå og nyte høgare anerkjenning.

Lærar, reis deg!

Kvifor er det slik at denne store yrkesgruppa er såpass usynlege i den offentlege debatten?

Er lærarar uengasjerte? Late? Er det grunna ein fryktkultur ein ikkje vil uttale seg?

Kvifor tek ikkje «raud-laupar-pedagogane» opp tema som er meir presserande i skulen enn enkle problemstillingar som er lette å framstille på populistisk vis?

Kvifor reagerer ingen på dei sjølvutnemnde representantane for denne yrkesgruppa, dei som uttaler seg meir eller mindre medvitne på vegne av heile yrkesgruppa?

Lærar, reis deg! Rop ut, vert høyrt.