Velkommen til våre «digitale» klasserom!

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Debattane om skjermtid og lesing i skulen rasar som aldri før. Ein ting slår meg: Eg kjenner meg ikkje igjen i det narrativet som blir teikna av politikarar og andre som ønskjer skjermen ut av skulen.

Kjære politikarar og andre interesserte, kom på besøk for å sjå kva vi faktisk gjer i våre «digitale» klasserom.

Sjå elevar som er i aktivitet, som leikar og lærer saman. Biblioteket, elevar som les i bøker og på skjerm, og som både brukar tastatur og blyant når dei skriv. Korleis vi brukar skjermane for å lære både fag og digital kompetanse.

La meg få forklare tanken bak og kvifor det å fjerne skjerm frå dei minste vil gi elevane våre eit dårlegare tilbod.

Kom på besøk, og så kan vi diskutere! Konstruktiv kritikk gjer oss betre, men vi må faktisk snakke same språk. De må vise interesse for kva vi faktisk gjer i klasserommet. Først då kan diskusjonen bli konstruktiv. Eg vil utfordre dykk: Ta turen, de er hjarteleg velkomne!

Ps: Sjekk også ut #mittklasserom på Twitter.

Ingvild Vikingsen Skogestad, avdelingsleiar mellomtrinn, Knappskog skule