Debatt

Kva er problemet med Nicolai Tangen sitt seminar på Wharton? | Aksel Mjøs

  • Aksel Mjøs
    Aksel Mjøs
    Førsteamanuensis, Norges handelshøyskole
Nicolai Tangen er påtroppende sjef for Oljefondet.

Det er forstemmande kor føreseieleg debatten rundt Nicolai Tangen sitt seminar på Wharton er.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det er forstemmande kor føreseieleg debatten rundt Nicolai Tangen sitt seminar på Wharton er, prega av misunning, med fokus på smøring og det som verre er.

Dette er ei spesiell sak, men den fortener å vurderast med ope sinn og rett perspektiv.

For det første: Det var eit fagleg seminar med verdsleiande ressursar og svært spanande program som deltakarane godt kan forsvara å delta på profesjonelt. Om noko er urovekkjande, måtte det vera at han valde å leggja det til Wharton og ikkje til Europa eller for den del Noreg. Dette bekreftar at framleis er USA ei fagleg og akademisk stormakt som Europa slit med å nå igjen på mange felt. Sjølvsagt var hans val av Wharton og knytta til at han sjølv er utdanna der. Det kan godt vera at deltakarane burde ha vore opnare om at dei var med, og ein del burde truleg ha teke kostnadane sjølve, men det kan ikkje Nicolai Tangen klandrast for.

Nicolai Tangen (på storskjerm til venstre) ble i mars presentert som ny sjef for Statens pensjonsfond utland, også kalt oljefondet. Avtroppende leder for fondet, Yngve Slyngstad (t.h.).

For det andre: Nicolai Tangen arrangerte dette heilt ut med sine eigne pengar som han har tent gjennom å levera god avkastning til kundane i AKO Capital. Det er all grunn til å kritisera tillitsvalde, sjefar, politikarar og andre som misbruker ressursar som ikkje er sine, men som dei disponerar gjennom stillinga si. Det er likevel irrelevant i denne saka. Det er fundamentalt ulikt kva folk gjer med eigne pengar samanlikna med kva dei gjer med andre sine pengar.

For det tredje: Nicolai Tangen er ein av dei største filantropane vi har. Med rundt fem milliardar kroner overført til den allmennyttige stiftinga AKO Foundation som «..supports charitable causes that improve education, promote the arts, or mitigate climate problems», er donasjonane lagt større enn både Trond Mohn og Olav Thon sine. Det er dessutan imponerande at gåvene kjem frå eigen innsats, utan innslag av arva midlar. Etiske normer skal ikkje modererast ut frå kor gavmild ein elles er, men kva han elles har gjort høyrer med i vurderinga av kva motiv han kan ha hatt for å arrangera seminaret.

For det fjerde: Nicolai Tangen trengte ikkje jobben som sjef for Statens Pensjonsfond Utland. Han går som kjent ned i løn og handlefridom, samt vert ein svært offentleg person. Svært få kan setja seg inn i kva avvegingar han må ha gjort, men det er vanskeleg å sjå at han berre såg oppside i å skifta til dette ansvaret. Igjen, vanskeleg å skjøna kvifor han skulle ha drive med smøring for å få den jobben.

Denne saka har mange sider og eg støttar at den vert dokumentert, men håpar det skjer med visdom.

Oppdatert kl 18: Kommentarfeltet på denne saken holdt ikke det nivået vi ønsker, så vi har fjernet det.

Les også

  1. Tangen vil ha 100 prosent arveavgift. Men bare for egne barn.

  2. Fra arkivet: Nicolai Tangen om sin kunstsamling: Undervurder aldri kombinasjonen av kapital, energi og mindreverdighetskomplekser

Les mer om

  1. Nicolai Tangen
  2. Oljefondet