Gje folkemusikken det han treng | Ole Aastad Bråten og Knut Aastad Bråten
Når gamlemor er daud, er også songtradisjonen etter ho borte.
«Han klarar seg vel alltids, folkemusikken?»
Tradisjonskultur er sårbare greier. For anten vi speler langeleik i Valdres eller dansar pols frå Drevja kviler tradisjonen i hendene og føtene på fåe menneske.
Sjølv om rekrutteringa har vore god i mange år, mellom anna med rekorddeltaking på Landskappleiken i Vågå i år, er framtida avhengig av at sterke familietradisjonar held seg over tid, og at frivillige krefter prioriterer musikken og dansen på kveldane.
Men sårbare kulturtradisjonar kan ikkje kvile på frivilligheit åleine.
Når gamlemor er daud, er også songtradisjonen etter ho borte.
Om vi då ikkje har greidd å fange songen på kurs eller med eit lydopptak, eksisterer han heller ikkje.
Utvikling av programvare
Det siste året har Nasjonalbiblioteket kartlagt lydarkiv i norske museum og arkiv.
Omfanget av materiale som korkje er registrert eller digitalisert er svært høgt, og framtida for dette materialet er usikker. Dessutan manglar folkemusikkarkiva godt nok systemprogram for registrering av musikken.
Oppmoding 1: Gje Nasjonalbiblioteket mandat til utvikling av programvare som kjem folkemusikkarkiva i heile landet til gode.
Ei satsing i utdanning, særleg innan folkemusikk, har resultert i ei auke i antalet profesjonelle utøvarar.
I skuleåret 2017/2018 var det om lag 50 studentar ved Noregs musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Raulandsakademiet – alle med eit framtidsmål om å leva av musikken.
Dei profesjonelle folkedansarane er òg i vekst med Kartellet og Frikar som dei fremste dansekompania med basis i folkedansen.
Men tradisjonskunsten treng eit støtteapparat som gir moglegheiter til nyskaping og kunstnarisk utvikling. I dag er moglegheitene småe, og berre sju av dei 500 arbeidsstipenda som Statens kunstnarstipend forvaltar, er tilgodesett folkekunstnarar. Kvota speglar dermed ikkje utviklinga i sektoren.
- Ole og Knut Aastad Bråten i St. Tomaskyrkja 24. juli 2016.
Minimum 20 arbeidsstipend
Oppmoding 2: Staten bør auke kvota i folkekunstsjangeren til minimum 20 arbeidsstipend.
Framtida for folkemusikken er ikkje berre styrd av smakslaukane til meg og deg. I 2006 ratifiserte Noreg UNESCO-konvensjon om immateriell kulturarv.
Med konvensjonen kviler det ei plikt på Noreg til å utvikle ein politikk som skal sikre framtida for særskilte kulturuttrykk, og som elles er truga av globalisering og kulturell forflating.
Trass i konvensjonstekstar og internasjonale plikter druknar den norske folkemusikken og folkedansen i selskap med dei store kunstsjangrane. Den kulturelle kapitalen blir framleis investert i den klassiske musikken og kulturen.
Bortsett frå symbolsk støtte frå Rådet for folkemusikk og folkedans er arbeidet med seminar og helgekurs, bok- og plateutgjevingar, arkivprosjekt og danseframsyningar tufta på uløna arbeid.
Støtta frå Rådet har verka som kvalitetsstempel for mottakaren, men ressursane er minimale, om lag ein million kroner i året, og har vore konstante over lang tid.
Fast påfyll og årleg utdeling
Oppmoding 3: Etablering av Norsk folkemusikk- og folkedansfond – ei ny tilskottsordning attraktiv for investeringsselskap og pengesterke gjevarar og med fast påfyll frå staten – til årleg utdeling på 10 millionar kroner.
Ikkje berre vil det sikre realiseringa av stadig nye prosjekt, det vil også stø opp om kvardagen for profesjonelle arrangørar og nyutdanna musikarar og dansarar som skal ut i arbeidslivet.
Kulturen overlever ikkje på kake og godord åleine. Gje folkemusikarar og -dansarar det dei treng, Trine Skei Grande, gje dei gode rammevilkår og løn for arbeidet.
- Video fra 2015: