Debatt

Kva gjev kvalitet i høgare utdanning? | Aksel Mjøs

  • Aksel Mjøs
    Aksel Mjøs
    Førsteamanuensis, Norges handelshøyskole
Gode studenter, både norske og utenlandske, leter over landegrensene etter den beste institusjonen de kan komme inn på, skriver Aksel Mjøs ved NHH i Bergen.

Kvifor omtalar ein ikkje dei ambisiøse og krevjande «talentkonkurransane» om faglege tilsette, studentar og forskingspublisering?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Gode studentar, både norske og utanlandske, leitar over landegrensene etter den beste institusjonen dei kan koma inn på.

Kunnskapsdepartementet kom 27. januar med stortingsmeldinga «Kultur for kvalitet i høyere utdanning». Kvaliteten på fagstaben er det mest kritiske leddet i god utdanning og difor er det store hol i meldinga. Kvifor omtalar ein ikkje dei ambisiøse og krevjande «talentkonkurransane» i sektoren?

Dei viktigaste konkurransane

Norske universitet og høgskular er internasjonalt marknadsutsette verksemder der dei beste hevdar seg i konkurransen om faglege tilsette, studentar og forskingspublisering.

Det er prisverdig at Kunnskapsdepartementet vil premiera institusjonar for god undervisning. Men for å oppnå like høg kvalitet som dei beste utanlandske institusjonane, er det mykje viktigare at institusjonane deltek aktivt i dei konkurransane som allereie fins.

Desse konkurransane er internasjonale og til dels globale, og her er stortingsmeldinga altfor spak. Studentutvekslingar og tilsette sine internasjonale samarbeid sikrar ikkje at norske, skattefinansierte institusjonar hevdar seg i internasjonale marknader.

Dei viktigaste konkurransane er:

Rekruttering av fagleg tilsette

Meldinga fokuserer på kultur og kvalitetsprosessar i dagens fagstab på universitet og høgskular utan å utfordra deira rekrutteringspraksis.

Kunnskapsdepartementet må krevja av institusjonane at dei rekrutterer så ambisiøst som ressursane tillèt og unngår å tilsetja eigne doktorgradskandidatar.

Til dømes i Tyskland har ikkje universiteta lov til å tilsetja interne, og ser dette prinsippet som nyttig både for kandidaten og institusjonen. Ambisiøs rekruttering krev open og engasjert internasjonal rekruttering sjølv om det utfordrar norsk språk og tradisjon i fagmiljøa.

Det krev og at vi tilbyr kvalifiseringsperiodar for nytilsette som nyttast internasjonalt, såkalla «tenure tracks». Det er dessutan ei overordna utfordring at ein må vera villig til å gi akademisk tilsette konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.

Attraktiviteten til nyutdanna doktorgradskandidatar

Dette er «syretesten» på både forskings og utdanningskvalitet i høgare utdanningsinstitusjonar. Dei beste søkjarane leitar internasjonalt kor dei kan få den beste doktorgradsutdanninga, både i innhald og kva jobbar dei kan få etterpå.

Om norske universitet plasserar nyutdanna kandidatar i dei best rangerte internasjonale forskingsmiljøa, så er det ein svært god indikasjon på eigen kvalitet. Dette skjer kun dersom fagstaben både underviser og forskar godt og sjølv har relevante nettverk internasjonalt.

Doktorgradsprogramma er den mest avanserte formelle utdanninga vi har og seier mykje om kvaliteten også på lågare nivå. Plasseringar frå alle norske doktorgradsprogram inn i NOKUT sin doktorgradsstatistikk hadde vore ein viktig kvalitetsindikator.

Kvalitet på bachelor- og masterstudentar

Gode studentar, både norske og utanlandske, leitar over landegrensene etter den beste institusjonen dei kan koma inn på. Denne konkurransen er adressert i meldinga, men omtalen er avgrensa til norske universitet og høgskular og det vert for snevert.

Norges handelshøyskole, der eg arbeider, opplever stadig sterkare internasjonal konkurranse, særleg frå handelshøgskulane i København og Stockholm.

Konkurransedyktighet krev betre leiarskap. Leiarskap vert dessverre ofte sett på som upassande av fagleg tilsette som har kontrakt på akademisk fridom. Det er feil, dei fremste fagmiljøa har gode leiarar som gjev retning, effektive prosessar og inspirerande handlingsrom.

På Twtter: @aksmj

  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger
    Facebook og Twitter

Les også:

Les også

  1. Norske studenter henger etter i høyere utdanning

  2. Baklengs styringsreform ved Norges Handelshøgskole | Aksel Mjøs

  3. Aftenposten mener: Høyere utdanning trenger et kvalitetsløft

  4. Du må tørre å ta høyere utdanning i utlandet!

Les mer om

  1. Universitet
  2. Kunnskapsdepartementet
  3. Høyere utdanning