Kort sagt, onsdag 3. august
- Debattredaksjonen
Riksvei 13. Dette er dagens kortinnlegg!
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.
Folk risikerer livet når dei køyrer langs Sørfjorden
For nokre dagar sidan gjekk det to ras over riksveg 13 langs Sørfjorden i Hardanger. Dei seinare åra er vegen utbetra klattvis med ein og annan tunnel og litt utviding her og der. Framleis er han smal, svingete og utsett for ras fleire stader. Det same gjeld mange andre vegar på Vestlandet.
Slike vegar burde sjølvsagt ha vore sikra for lenge sidan. Kan henda det finst planar for det òg. Men kva vert gjort? Ein heil del. Det vert laga nokre kilometer firefelts veg over Hadeland, beint over beste matjorda. Det same på Sørlandet. Ferjefri E39 er prosjektert. Dette vil rasera verdifull natur på Vestlandet. Utviding av E18 vestover frå Oslo er trumfa igjennom og starta opp. Sikring av rasutsette vegar vestpå er det mindre av, endå dette truleg vil kosta ein brøkdel av desse gigantprosjekta.
Når folk i dag køyrer langs Sørfjorden risikerer dei livet, men ikkje på grunn av uvettig køyring. På E18 som vert «utbetra» vestover frå Oslo, risikerer ein ikkje stort anna enn å sitja litt i bilkø og kanskje ei bot for å fingra med mobilen. Rett prioritering?
Eirik Holten, pensjonist