Debatt

Meir sykling krev betre trafikkreglar og omfattande tiltak

  • Helge Fiskaa
    Helge Fiskaa
    Professor emeritus i by- og regionplanlegging, NTNU
Det bygges sykkelveier i byene og tettbygde strøk. Her har syklistene fått rødt felt og egne trafikklys nederst i Rådhusgata i Oslo.

Her er fire problem med sykling i dag.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Det trengst meir attraktive og sikrare sykkelruter.

Sykkelreglane er mangelfulle, ulogiske og inkonsekvente. Utforminga av sykkelvegane er ofte usamanhengande og utilfredsstillande.

Mange opplever det som for farleg å sykle.

Nullvisjonen om at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken, gjer drastisk forbetring av forholda for sykling nødvendig. Eg vil omtale fire av problema.

1. Køyretøy eller fotgjengar?

Eit grunnleggande problem er at me ser på sykkelen som litt køyretøy og litt fotgjengar, mens i andre land er syklisten køyrande. Den uklare statusen fører til eit regelverk som få, også blant politiet og planleggarar, har full oversikt over.

Det er lov å sykle i køyrebane, sykkelfelt og kollektivfelt, på fortau, gangvegar og stiar, på sykkelvegar, i gatetun og andre fotgjengarområde. Dette gjer at sykkelrutene er mangelfulle og i blant i strid med reglane. For eksempel er det ofte planlagt at syklar skal krysse gata i fotgjengarfelt.

Når syklistar skiftar mellom ulike stader å sykle, skaper det eit uoversiktleg trafikkbilete som er hovudårsak til ulykkene.

2. Sykling på fortau

Då det i 1978 blei lov å sykle på fortauet, var meininga å gjere det tryggare for barn og andre «svake» syklistar. Men regelen kan gje falsk tryggleik.

Fartsgrense på 6 km/timen for sykling på fortau, gangveg og gangfelt gjer det vanskeleg å halde balansen. Samstundes gjer 1-1,5 meter breitt fortau det uråd å halde god avstand.

Faren for uhell med fotgjengarar og risikoen ved kryssing av veg eller gate gjer det ofte tryggare å sykle i køyrebanen. Eventuelt forbod mot elsparkesykkel på fortau vil auke forvirringa ved å gje éin type tohjuling andre reglar enn dei andre.

Eit viktig poeng er at sykling nesten kor som helst gjer det lett for styresmaktene ikkje å etablere fullgode løysingar når det finst fortau.

3. Kryssa er farlege for syklistar

Undersøkingar viser at ca. 70 prosent av sykkelulykkene skjer i og i tilknyting til kryss, og berre 30 prosent på veg- eller gatestrekning. I nesten alle ulykkene er sykkel og bil involverte. I vel 30 prosent av kryssulykkene kjem syklisten frå fortau eller gang- og sykkelveg og kryssar gata i eller nær fotgjengarfelt.

Nesten halvparten av ulykkene skuldast kryssande køyreretning. Mange av dei skjer når bil svingar til høgre, eller når syklistar svingar til venstre. Det er altså primært kryssutforming som må forbetrast.

4. Vikepliktreglane er problematiske

For eksempel har bil på ei avkøyrsle vikeplikt for syklist på sykkelveg som kryssar avkøyrsla. Men ved kryssing av veg eller gate har syklisten vikeplikt.

Det er ofte uklart kva som er avkøyrsle eller gate. Det er òg ulogisk at den som syklar lovleg på fortau, har vikeplikt for bil ved sykling i fotgjengarfelt i gata.

Kan me få ei utgreiing?

Det bør gjerast ei utgreiing (NOU) om sykkelpolitikken. Den bør mellom anna ta sikte på å forenkle og klargjere regelverket for sykling og prinsipp for utforming av sykkelanlegg.

Utgreiinga må bygge på reglar og erfaringar i land som har lykkast betre enn oss i satsing på sykkel.

  • Følg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter