Om krig og gløymsel
Lærarane sin motstand mot nazifisering av skulen må formidlast til allmenta for å bli del av vår felles historie.
Lærarane sin ikkje-valdelege motstand under andre verdskrig er ikkje gløymt, skriv Lars Rowe, leiar i Norges Hjemmefrontmuseum, i eit svar til vår kronikk. Hendinga er skildra i historieverk og har dessutan fått plass i ei utstilling i museet, argumenterer Rowe. Så då skulle vel alt vere greitt?
Vi tvilar ikkje på at kunnskapen finst i faglitteratur og i museum. Vårt syn er at dette ikkje er nok til at historia om læraraksjonen blir ein del av allmennkunnskapen.
Kva som blir allmennkunnskap
Krigshistorie er i høg grad ein del av kultur- og mediebiletet. Dei siste tiåra har det kome ei rekke TV-seriar, filmar og bøker om krigen som gjerne framhevar væpna motstand, medan det har vore langt mindre fokus på ikkje-valdeleg motstand.
Hegemoniet gjeld også historisk forsking. I ei kunnskapsoversikt frå 2018 fann Vegard Kvam at det har vore vesentleg meir forsking på militær enn på sivil motstand.
Det som blir formidla gjennom grunnskulen, er særleg viktig når det gjeld kva som blir allmennkunnskap i eit samfunn. Dette var jo òg bakgrunnen for at nazi-regimet sette så mykje prestisje og makt inn på å få kontroll over skulesystemet.
Vi ser også i dag korleis krigførande makter brukar skulen som ein propaganda-arena for å fortelje sin versjon av sanninga om krigen i Ukraina.
Berre omtalt på nokre få linjer
Ein førebels gjennomgang av lærebøker skrive til fagfornyinga LK (20) frå dei tre største lærebokforlaga viser at andre verdskrig vert tildelt relativt stor plass i læreverka både for ungdomsskulen og vidaregåande. Men motstanden til lærarane er berre omtalt på nokre få linjer, om den er nemnd i det heile.
På ungdomsskulenivå er det berre Aschehoug-verket «Arena 9» som nemner aksjonen. I læreverka for vidaregåande skule er læraraksjonen nemnd kort i Aschehoug si «Rett på historie», og i Gyldendal sitt læreverk «Perspektiver».
Ingen av desse får fram at lærarane sin aksjon førte til at Vidkun Quisling måtte gi opp forsøket på å kontrollere skulen.
Cappelen Damm set av meir plass til dette emnet i «Alle tiders historie», men heller ikkje her kjem det klårt fram kva lærarane gav i striden for saka, eller samanhengen mellom lærarane sin aksjon, og det at Nasjonal samling (NS) leid nederlag i denne kampen.
Særleg relevant for skuleelevar
Vi vil argumentere for at den ikkje-valdelege motstanden mot nazifisering av skulen er særleg relevant for skuleelevar fordi det er ein situasjon som er så tett på deira liv.
I tillegg er sivil motstand mot indoktrinering i skulen ein viktig del av beredskapen i eit samfunn. Vi håpar derfor lærebokforlaga vil finne plass til temaet i nye opplag eller i digitale ressursar.
Vi er glade for at Rowe deler vårt syn på at lærarane sin motstandskamp er interessant og viktig å løfte fram.
Kan hende ligg det her òg til rette for samarbeid med senter for formidling av menneskerettsbrot? Samling om empirisk basert forsking og formidling av den historiske rikdomen, til dømes gjennom undervisingsopplegg og digitale læringsressursar, bør vi sjå på i fagleg fellesskap framover.