Debatt

Nye passregler: Men kva med oss «ikkje-adopterte»? | Amina Sewali

  • Amina Sewali, musiker, komponist, manusforfatter og skuespiller

Som eit nedlatande plaster på såret har dei fjerna «fødestad ukjent» i passet og gjort det om til «fødeland X2».

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

«Politiet snur om nye passregler», las eg i avisene i går.

Eg blei nesten lurt her, feira og jubla før eg forstod det som faktisk stod der.

Gratulerer til mine adopterte venner og familie.

Men for oss «andre» ikkje-adopterte, har politiet behalde davidsstjerna i passa våre.

Som eit nedlatande plaster på såret har dei fjerna «fødestad ukjent», og gjort det om til «fødeland X2».

Men Eg Veit Jo. Kvar eg kjem ifrå. Kvar eg blei født. Kvar eg blei møtt, for fyste gong av mora mi sitt moderlege smil.

Kvar? På eit glovarmt sjukehus i Kampala.

Kunne sunge det over ein Grieg-eriansk skala.

Uganda, Kampala

Uganda, Kampala

Uganda, Kampala

Men når det er sagt.

Så er eg også ein stolt nordmann.

For dette er eit fantastisk, fredeleg og flott land. Det var her eg gjekk i barnehagen for fyste gong. Lærte i korpset den norske nasjonalsong.

Åå som eg song stolt!

«Alt hva fedrene har kjempet

mødrene har grett

har den Herre stille lempet

så vi vant vår rett»

Men kva med vår rett? Kva med vår identitet? Kvifor har den i folkeregisteret blitt viska vekk?

Mødrene våre har også kjempa.

Og fedrene våre grett.

For at barna deira skulle behalde deira verdigheit

Ja, vi elsker dette landet. Det trengjer ikkje å elske oss. Men vi forlanger i det minste å bli respektert tilbake.

‪#‎NeiTilAnnenrangsPass‬

Les mer:

  • Philip Marcussen, adoptert fra Vietnam: Jeg er blitt en annenrangs borger
  • Politidirektoratet snur om nye passregler

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Lyst til å skrive ? Les denne først: Seks tips til en Aftenposten-debattant

Les mer om

  1. Jus
  2. Politiet