Debatt

Om innvandring og tal | Jon Hustad

  • Jon Hustad, Hjørundfjorden, Møre og Romsdal

FAFOs forskningssjef Anne Britt Djuve. Foto: Morten Holm/NTB Scanpix

Kan ikkje eg gonga opp eit dividert tal som Brochmann-utvalet sjølv har delt?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Aftenposten 17. februar skuldar FAFO-forskningssjef Anne Britt Djuve, som sat i Brochmann I og II, underskrivne for å ha misbrukt tala deira om kostnadene ved innvandring til å laga ei prognose.

Eg forstår ikkje kritikken, eg har ikkje gjort anna enn kva ho sjølv har gjort.

Jon Hustad. Foto: Knut Falch/NTB SCANPIX

Utvalet fortel at ein norsk mann frå han er 25 og livet ut går med eit gjennomsnittleg overskot på 54.000, medan ein frå Afrika og Asia går med eit underskot på 94.000. Ei innvandrarkvinne går med eit underskot på 170.000 i året i gjennomsnitt.

Det er utvalet som sjølv fortel at dette er gjennomsnitt med basis i 2013-tal. Då vert sluttsummen frå 25 år og til vi døyr, pluss knapt 3,6 millionar for ein etnisk norsk mann i den offentlege rekneskapen, minus 6,2 for ein innvandrarmann frå Afrika og Asia. For ei tilsvarande innvandrarkvinne ved 25 vert talet minus knapt 11,6 millionar.

Utvalet fortel sjølv at dei reknar slik: «Summen av beløpene er dividert på gjennstående leveår», skriv dei i ein merknad til tabell 8.1 på side 156. Kan ikkje eg gonga opp eit dividert tal som dei sjølv har delt?

Les også

Bjørn Stærk: Innvandrere gir opp å få seg norske venner

Les også

Grete Brochmann: Norge har så langt ikke lyktes godt nok i å innlemme flyktninger i arbeidslivet

Les også

Andreas Slettholm: Hvis Sylvi Listhaug håpet på mer innvandringsbekymring, har Brochmann-utvalget skuffet

Her kan du lese Brochmann-utvalgets rapport, Integrasjon og tillit— Langsiktige konsekvenser av høy innvandring.


Takk for at du leser Aftenposten! Bli abonnent hos oss og få full tilgang til de viktigste nyhetene, de mest vesentlige debattene og interessante kommentarer og analyser. Her kan du bli abonnent.

Les mer om

  1. Innvandring
  2. Integrering

Flere artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Om innvandrarar skal løna seg, må dei tena eigne pengar netto gjennom livet | Jon Hustad

  2. DEBATT
    Publisert:

    Misbruk og multiplikasjon av innvandrerdata | Anne Britt Djuve

  3. POLITIKK
    Publisert:

    – Innvandringsdiskusjonen gir mye støy og konflikt

  4. NORGE
    Publisert:

    Sylvi Listhaug: 70 prosent innstramningsminister – 17 prosent integreringsminister

  5. NORGE
    Publisert:

    Faktaene om innvandring som skremmer – og beroliger

  6. NORGE
    Publisert:

    Asle Toje: –Etniske nordmenn en minoritet i fremtiden