Debatt

Hei, dr. Skavlan. Eg er ikkje lat, eg er ikkje ein snyltar. Eg er i periodar sjuk. | Kristina L. Iversen

  • Kristina Leganger Iversen, forfatter og stipendiat
Eg fortel ikkje dette for å få sympati, skriv Kristina Leganger Iversen. Ho reagerer på Jørgen Skavlan, NHO og NRKs karakteristikkar av sjuke og sjukdom.

Vi er mange, vi sjukemeldte. Og det er eit politisk spørsmål korleis vi skal bli omtalt.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Lege Jørgen Skavlan er denne veka ute i Aftenposten og hevdar at folk sjukemeldar seg for lett, at dei lyg seg til sjukemeldingar og at nordmenn generelt er som bortskjemte einebarn.

Eg skjelv medan eg les det, for det er meg han snakkar om tenkjer eg – meg som er sjukemeldt på grunn av angst og depresjon.

Depresjon og doktorgrad

«Hva skal jeg gjøre med deg,» sa legen min, med sin sterke amerikanske aksent, sist veke då eg var inne hos henne og ikkje klarte så masse anna enn å gråte.

«Sist jeg så deg skreiv jeg en helseattest du skulle du til Berkeley, du er doktorgradsstipendiat og skriver bøker og har et høyt funksjonsnivå, og nå sitter du her og gråter.»

Som om dei to ikkje passa saman: Depresjon og doktorgrad, som om eit menneske som stort sett var frisk og fekk mykje til ikkje kunne bli sjuk på den måten. Endå vi veit jo at det ikkje er slik.

Eg bebreidar ho ikkje, for eg har ofte tenkt det sjølv, når den kjem, den grå og nokre gongar kolsvarte disen. Eg veit at eg er glad i livet mitt, i alt eg har, at eg objektivt sett har det så godt som eg trur eg kan ha det – eg ville ikkje bytta ut korkje kjærasten, vennane eller jobben min for noko i verda. Likevel, så er ein der igjen, nedfor, utkjørt, skjelvande.

Du har vore der før, du kom ut igjen då og, du vil kome ut igjen no også.

Etter eit par rundar sit ein med ein viss kompetanse for kva som skal til: Ro og kvile, fysisk aktivitet, nok svevn, møte med menneske som er gode.

Fordi eg har vore ekstremt heldig og har ein jobb eg kan tilpasse, fordi eg har få andre ansvar enn meg sjølv (og dermed ein relativt lett livssituasjon samanlikna med ein aleinemor, til dømes), fordi eg har lært meg litt om kva som skal til, har eg klart meg utan å sjukemelde meg sidan eg var 21 år.

Men så måtte eg bite i det sure eplet, og sjukemelde meg, då, ei veke i første omgang, for å få sove nokre netter og freiste å kome ut av disen.

Vi er mange, vi sjukemeldte

Eg fortel ikkje dette for å få sympati, ikkje fordi eg tenkjer eg er særskilt spesiel, men fordi vi er mange, vi sjukemeldte, og det er eit politisk spørsmål korleis vi skal bli omtalt.

For mange er det langt verre enn for ein som er relativt privelegert og har ei lengre midlertidig stilling:

Den unge guten som har slitt med alvorlege depresjonar i periodar sidan han var tenåring, som er livredd for å miste plassen på attføringsskulen eller tiltaket fordi han er blitt sjuk igjen. Som prøver å få vitnemål, å få ei framtid som er noko anna enn trygd.

Aleinemora med vikariat som er livredd for at det ikkje blir forlenga dersom ho må sjukemelde seg ein periode, som går på terskelen til å bli utbrent.

Historier som dette er så mange: Slik er det ofte for dei sjuke, særskilt dei med «lettare» psykiske diagnosar, og særskilt dei som er i det prekære arbeidslivet, i arbeidarklassa, eller utanfor arbeidet.

Heldigvis har vi velferdsstaten – enn så lenge.

Lukrativt» å vere langtidssjuk?

Nyleg las eg at NHO vil fjerne det dei omtalar som «Navs mest lukrative ytelse», som dei omtalar det til NRK. Det er AAP, arbeidsavklaringspengane, det er snakk om, ein stønad som i følgje Nav skal «sikre deg inntekt i perioder du på grunn av sykdom eller skade har behov for hjelp fra Nav for å komme i arbeid».

Men kanskje ikkje lenger. For det NRK-journalistane og NHO verkar å vere samde om er at desse pengane, skarve 12.000 i månaden, gjer syke unge folk for «late» til å arbeide.

Eg går ikkje med på folk forblir syke fordi AAP er «for lukrativt».

Eit rom i kollektiv i Oslo kostar 6000 kroner, og månadsutgiftene til mat for ein mann er i følgje SIFO om lag 3000 kroner. I tillegg til det kjem utgifter til kollektivtransport (690 i Oslo), strøm, telefoni.

Korleis i all verda kan det reknast som «lukrativt» å vere langtidssjuk på AAP?


«Jeg er mye hardere enn Per Fugelli. Et karaktertrekk jeg brukte mange år på å bygge opp,» forteller Skavlan. Les hele portrettet i Amagasinet


Eg vil ikkje vere med på den retorikken lenger. Eg er ikkje lat, eg er ikkje ein snyltar, eg er i periodar sjuk, eg prøver så godt eg kan å gjere den jobben eg elskar og har jobba steinhardt for å få.

Eg vil ikkje leve i eit samfunn som mistenkeleggjer dei sjuke og delar ut enorme skattelettar til dei rikaste og lar velferdsprofitører tene seg skamrik på offentlege bevilgningar.

Eg vil ha eit samfunn og ei politisk leiing som skapar jobbar til alle som vil ha, trygge, stabile jobbar, som prioriterer eit helsevesen som faktisk har kapasitet til å behandle folk for dei sjukdomane dei har – og ikkje berre veltar seg i ein retorikk om individets ansvar.

Sånn, det måtte eg seie. Dagens energi er brukt på dette innlegget, så no skal eg logge av og hente meg inn.

Nyt dagen, nyt helsa, nyt å betale skatten din, fordi den skal gi deg moglegheita til å bli frisk om du blir sjuk – slik planen min er no.

Innlegget er en redigert versjon av denne Facebook-posten.

Delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les mer om

  1. Sykefravær
  2. Nav
  3. Jørgen Skavlan
  4. Retorikk