Debatt

Kva Hege Storhaug bør gjera

  • Jon Hustad

Eit delmål med å stilla kritiske spørsmål til Hege Storhaug, var å visa at ein både kan vera edrueleg med tal og halda att i dommedagsprofetiane, skriv Jon Hustad. Foto: Tor G. Stenersen

Hege Storhaug bør evna å forsvara seg mot skuldingar om å ha trakka feil, skriv Jon Hustad.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Siste fredag var eg med å intervjua Hege Storhaug på Underhuset i TV 2. Eg trur ikkje eg overdriv når eg seier at fleire tusen av dei som held med Hege Storhaug, i ettertid har kome med negative kommentarar om meg. Innboksen min eignar seg ikkje akkurat for born og dei med svakt hjarte. Eg stilte visst altfor negative og urettferdige spørsmål. Var dessutan ikkje eg på lag med Hege Storhaug i synet på innvandring og islam? Og dei ein er på lag med, skal ein følgja i tjukt og tynt, har eg fått høyra.

Storhaug er aktivist, eg er journalist

Jon Hustad. Foto: Stig B. Hansen

Det er fleire ting å seia om dette: Hege Storhaug er aktivist, eg er journalist, kommentator og forfattar av faglitteratur. Det bør vera ulike roller. Ja, eg har rekna mykje på innvandring, også på innvandring frå muslimske land. Den type innvandring vi har hatt til Noreg, har sett vekk frå den til oljeindustrien, forsking og akademia, i hovudsak vore negativ for samfunnsøkonomien og samfunnslimet.

Hege Storhaug er aktivist, eg er journalist, kommentator og forfattar av faglitteratur. Det bør vera ulike roller

Det ser òg ut til at til at majoriteten av muslimar har endå større vanskar med å integrera seg i den norske arbeidsmarknaden enn andre innvandrargrupper. Det kan heller ikkje vera tvil om at store delar av islam og med det mange muslimar har ei manglande demokratiforståing – ein treng berre nemna ytringsfridom og Muhammed-karikaturar – og kvinnesynet er altfor ofte mellomaldersk blant store grupper av muslimske menn.

Sjekka og kryss-sjekka

Så ja, Hege Storhaug har kjempa ein viktig kamp for kvinner og born med muslimsk bakgrunn i Noreg, ho har oftare hatt rett enn feil om det ho har hevda om klaninnvandring til Noreg. Eg har ingen problem med å gje henne honnør for kampen mot hijab, tvangsekteskap og omskjering. Men som journalist har eg i liten grad følt at eg kan nytta henne som kjelde utan først å sjekka og kryss-sjekka det ho har hevda.

som journalist har eg i liten grad følt at eg kan nytta henne som kjelde utan først å sjekka og kryss-sjekka det ho har hevda

TV 2 bad meg om å intervjua henne, det gjorde eg, og eg stilte i hovudsak kritiske spørsmål. Kvifor? Av di det eg er journalist og av di Storhaug har rett til å forsvara seg mot kritikk og bør evna å forsvara seg mot skuldingar om å ha trakka feil.

Eg stilte henne mellom anna spørsmål om Eurabia-konspirasjonsteorien, det ligg ein mengd artiklar til støtte for den på heimesida hennar. Ho påstod ho ikkje kjende til teorien. Eg stilte henne spørsmål om kvifor ho stilte opp i samtale med Peder «Fjordman» Jensen og andre ekstremistar i eit høgreradikalt magasin. Ho svarte at ho berre hadde fått spørsmål på internett, men om ein les samtalen, ser ein at Storhaug òg kommenterer svara til dei andre som er med. Ho har med utgangspunkt i islam skriva bok om no-go-zones i Sverige og Frankrike for å åtvara om ei liknande utvikling i Noreg. Eg stilte henne difor spørsmål om kvifor kriminaliteten i Groruddalen har gått så kraftig ned. Svaret hennar var at ho ikkje hadde skrive om Groruddalen.

hadde det vore bra for oss som vil ha ein edrueleg debatt om islam og innvandring om eg hadde haldt att på dei kritiske spørsmåla

Ja, eg kunne ha stilt henne ukritiske spørsmål. Men hadde det vore bra for oss som vil ha ein edrueleg debatt om islam og innvandring om eg hadde haldt att på dei kritiske spørsmåla og i staden spurt noko a la «korleis kjennest det igjen å ha fått rett»? Kva vil dei som ikkje ønskjer ein kritisk debatt om innvandring då ha sagt? Ja, det er problem med innvandringa, og store delar av islam er i konflikt med seg sjølv og omverda, men då er det viktig å diskutera dette kaldt og rasjonelt.

Best med låg innestemme

Eit delmål med å stilla kritiske spørsmål til Hege Storhaug, var å visa at ein både kan vera edrueleg med tal og halda att i dommedagsprofetiane. Det er det moderate sentrum som til sjuande og sist vinn og avgjer politikken. Skal sentrum overtydas, gjer ein det best med rette tal, relevante døme og med låg innestemme. Men i hovudsak stilte eg kritiske spørsmål til Storhaug av di eg alltid stiller kritiske spørsmål i arbeidet mitt, det er det eg lever av.

Skal sentrum overtydas, gjer ein det best med rette tal, relevante døme og med låg innestemme.

Når dei du er usamd med, gjer feil, skal du vera nøgd; det styrkar di sak. Når dei du er samd med, trakkar feil, bør du kritisera dei, for dei gjer saka di svakare.

Les også:

Hadia Tajik:

Les også

Debattene om hva slags Norge vi vil ha kan ikke fortsette i parallelle universer

Hadia Tajik:

Les også

Det er ikke hijaben jeg vil til livs

Bushra Ishaq:

Les også

Det er de som ikke bruker hijab som seksualiserer plagget

Les også

#Anbefalte meningssaker fra debattredaktør Erik Tornes: «Reddet Paris-avtalen sivilisasjonen? Kanskje.»

Sjekk også ut podkasten Debattert , der debattredaktørene Hilde Sandvik (Bergens Tidende) og Erik Tornes (Aftenposten) snakker om ukens største debatter. Gjest i ukens sending er Skjalg Fjellheim fra Nordlys.

Les mer om

  1. Debatt
  2. Hege Storhaug

Relevante artikler

  1. SID

    Krev svar på spørsmåla frå politikarane!

  2. DEBATT

    Om innvandrarar skal løna seg, må dei tena eigne pengar netto gjennom livet | Jon Hustad

  3. DEBATT

    Er lovverket klart for framtidige kriser? | Sveinung Rotevatn

  4. DEBATT

    Ja til innvandringskritikk – Nei til HRS| Kristian Tonning Riise og Peter Christian Frølich

  5. DEBATT

    Dagens unge vet ikke hva fisken betyr for Norge.

  6. DEBATT

    Det er fryktas tid i Brasil, og vi held rundt kvarandre. Men tida for kamp er no