Debatt

Om innvandrarar skal løna seg, må dei tena eigne pengar netto gjennom livet | Jon Hustad

  • Jon Hustad, Hjørundfjorden, Sunnmøre

Jon Hustad svarer på tilsvar fra Anne Britt Djuve, Fafo, om Brochmann II-utvalgets rapport og kostnader knyttet til innvandring. e-mail

Litt enkelt sagt bør innvandrarar ha ei gjennomsnittsinntekt på litt over 600 000 kroner i året i 45 år før dei går i null. Det gjer svært få.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Anne Britt Djuve frå FAFO held fram med å vera frustrert over at eg presenterer tal frå Brochmann II. Mi synd er at eg på eit seminar sa at tala frå Brochmann viser ein kostnad for det offentlege på 11,6 millionar livet ut for ei kvinne som kjem hit frå Afrika og Asia.

Det er eit tal Djuve ikkje liker, sjølv om det altså er henta frå NOU-en som ho sjølv har vore med å skrive.

Men sånn i forbifarten har Djuve funne ut noko anna: At om vi reknar på norske kvinner frå dei vert fødde, altså år null, ja, så går dei med endå større underskot enn ei innvandrarkvinna som kjem hit når ho er 25, ja, til og med etnisk norske menn går med eit lite underskot med den reknemåten.

Bygd opp stor finansformue

Eg vil tilrå Djuve å sjå på det litt større biletet. Ja, det er rett at om vi tek med både barnehage, skule og høgre utdanning, så går norske kvinner med store underskot på statsrekneskapen, men berre om vi avgrensar oss til direkte skattar og avgifter på individbasis.

Men dei same individa som har gått med underskot på eit individuelt plan den siste generasjonen, har samstundes bygd opp den største finansformuen noko demokrati har skapt per innbyggjar.

Verdiar ikkje telt med

Om vi tek med smått og stort, har det offentlege Noreg no ein finansformue på rundt 10 billionar. Og dei som har arbeidd og arbeider i Nordsjøen, i Hydro, i Statkraft og ei rekkje norske verksemder, skaper og har skapt enorme verdiar over statsbudsjettet.

Men desse verdiane vert ikkje telt med i Brochmann II. Om norske kvinner og menn hadde gått med underskot, ville vi ikkje hatt denne finansformuen.

Innvandrarane kjem utan nettoformue

Eg vil likevel forsvara metoden SSB har nytta når dei har rekna for Brochmann. For innvandrarane kjem utan ein nettoformue, dei får derimot sin del av ein stor formue, og dimed vatnar dei ut denne formuen.

  • Les kronikk av Borchmann-utvalgets leder: Norge har så langt ikke lyktes godt nok i å innlemme flyktninger i arbeidslivet

Om innvandrarar skal løna seg for staten og oss som alt er her, må dei tena eigna pengar netto gjennom livet. Det gjer svært få innvandrarar.

Litt enkelt sagt bør innvandrarar ha ei gjennomsnittsinntekt på litt over 600 000 i året i 45 år før dei går i null. Det gjer svært få. Dimed må vi byrja å tæra på formuen for å kunne gje innvandrarar det same tilbodet som vi gjev etnisk norske.

Innvandringa går med underskot

Djuve vedgår at innvandringa frå Afrika og Asia går med underskot, men ho seier at underskotet kan verta mykje mindre enn tala til Brochmann II syner. Eg deler ikkje den trua av fleire grunnar, men særleg av di kostnadene etter det meste å døma alt no er høgre enn Brochmann viser.

For det fyrste har SSB som føresetnad at innvandrarar frå Afrika og Asia ikkje hentar ut meir offentlege tenester enn kva etniske nordmenn gjer, noko SSB sjølv vedgår mest truleg er feil. Ein ung flyktning som kjem til Noreg, har gjerne ikkje fått vaksinar og har generelt dårlegare helse enn nordmenn i same aldersgruppa.

Hentar ut store summar

Tak noko så enkelt som tannhelse: Unge asylsøkjarar får kvart år dekt store summar både til regulering og vanleg behandling. På ei rekkje område veit vi at innvandrarar hentar ut mykje større summar i form av tenester. Tenk berre på noko så prosaisk som politi.

Heller ikkje alle integreringskostnadene er med, fortel utvalet sjølv. Mange av dei ekstrakostnadene som innvandrarar fører med seg i form av tenester og integrering, vert delt på alle nordmenn.

Dimed kjem innvandrarar ut med lægre kostnader i innvandringsrekneskapen og nordmenn høgre. Det same gjeld investeringar.

Genererer ikkje så høge investeringar

Ein enkel regel er at om ein folkesetnad går opp med 1 prosent (Noreg gjekk opp med 0,9 prosent i fjor, alt innvandrardrive), så må investeringa opp med 3 prosent av verdiskapinga per år for å halda realkapitalen oppe.

1 prosent auke på fastlandet vert dimed 78 milliardar i investeringar. No genererer ikkje innvandrarar så høge investeringar av di dei bur trongt, men også innvandrarar må ha skular, vegar, kraftnett, sjukehus og kloakk.

Kostnadene vert kunstig låge

Alle ekstra offentlege investeringar som kjem grunna innvandring, vert i rekneskapen delt på alle. Dimed vert igjen kostnadene ved innvandring kunstig låge, og kostnadene ved oss nordmenn kunstig høge.

Djuve gjer sitt beste for å underminera tal som ho sjølv har vore med å garantera for. Desse tala er kunstig gode for innvandrarar, men Djuve liker ikkje ein gong kunstig gode tal. Ho burde teke dissens i staden for å klaga over SSB, som trass i mine innvendingar har gjort ein særs god jobb.

Her kan du lese flere artikler om Brochmann II-utvalget:

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Innvandring
  2. Integrering

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Kan ikkje eg gonga opp eit dividert tal som Brochmann-utvalet sjølv har delt?

  2. DEBATT

    Solberg selv har gjort Hareide mer venstrevridd

  3. KRONIKK

    Ingen kan føresjå sjølvmord

  4. DEBATT

    Kva bør verta konklusjonen på Tangen-prosessen?

  5. KRONIKK

    Det største talet er kostnadane ved å ikkje gjere noko

  6. KOMMENTAR

    Vi treng sunn skepsis mot særinteressegrupper som oppvurderer risikoen på sitt felt for å få meir ressursar | Aksel Mjøs