Debatt

Kom ikkje her og si at dyra mine ikkje har det godt! | Anne Ragnhild Korsvold Saglien

  • Anne Ragnhild Korsvold Saglien
    Budeie

«Det er hendene mine som sørger at dyra får alt dei treng, reint vatn, rett næring og nok mat», skriver innleggsforfatter. Foto: Anne Ragnhild Korsvold Saglien

Neste gong dykk pratar om å leggja ned husdyrproduksjon, tenk dykk om ein gong til.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Når ein kalv blir født, er hendene mine det fyrste han kjenner når eg tek tak for å hjelpe kua i siste fase av fødselen. Stemma mi er den fyrste stemma han høyrer når eg pratar beroligande til kua og roser henne under fødselen, og når eg ynskjer kalven velkomen til verda.

Det er hendene mine som sørgjer for å gje kalven velvære når kua er ferdig med det fyrste stellet av kalven etter kalvinga. Og det er hendene mine som sørger for at kua får det ho treng når ho er svolten og sliten etter fødselen, og treng mat, kvile, rein og tørr bås.

Innleggsforfatter Anne Ragnhild Korsvold Saglien har vært budeie i over 50 år. Foto: Janne Saglien

Det er hendene mine som sørger at dyra får alt dei treng, reint vatn, rett næring og nok mat. Medisin og pleie, om det feilar dei noko.

Det er hendene mine som sørger for reine og tørre båser og bingar. Det er hendene mine som held pelsen deira fri for møkk, støv, samt utøy som insekt om sommaren og lus om vinteren.

Det er stemmen min dei lyar til og kjenner som den stemmen som gjev dei tryggleik.

Les også

Budeie svarer Knut Olav Åmås: Eg er freista til å kalle det i-lands-problematikk og snobberi

Les også

Knut Olav Åmås svarer budeie: Turister fortjener å slippe å lete så hardt etter kvalitet og god service

Dykk har kanskje aldri sett:

  • Ein kuflokk i fullt firsprang, fyrste dagen på setra for å finne att båsen sin i seterfjøset frå året før. Kor nøgde dei er om kvelden nå mjølkinga er undagjort og dei legg seg på sin eigne trygge plass der ingen ting kan true dei.
  • Ei ku snu seg rundt utanfor fjøsdøra om hausten når været byrjar å bli guffent, for å springe rett attende åt båsen sin og be om at eg finn foring åt henne.
  • Kor nøgde kyrne er når dei slepp å gå ut att om hausten, når dei berre kan stå roleg på plassen sin å få alt dei treng av føde rett framfor nasen sin.
  • Korleis ei ku koser seg og nyter stunda når hendene mine børster pelsen, klappar og stryk.

Foto: Anne Ragnhild Korsvold Saglien

  • Ei ku som senker ryggen og løfter rompa i været i takksemd over å få tømt juret sitt når ho har mjølkespreng (sjøl med lite kraftfor i krubba), og at ho lyftar eine bakbeinet for at eg skal få betre tak til å massere og smørja det harde juret hennar for å dempa jursprengen.
  • At ungdyra som går på sommarbeite, kjem springande i fullt firsprang i rein og skjær glede over å sjå meg att, flokkar seg rundt meg for ein mjølsleik og klapp og kos. At det er ein risiko for at dei bryt ned grinda for å vera med meg heimatt.
  • Det bedande blikket åt ei ku når ho ber om hjelp når ho plagast med noko, av di at ho stoler på matmor og veit at eg betyr hjelp og tryggleik.

Foto: Anne Ragnhild Korsvold Saglien

Neste gong dykk pratar om å leggja ned husdyrproduksjon, tenk dykk om ein gong til.

Det er ikkje berre hos meg det er slik som beskrive ovanfor. Ein stor del av norske alminnelige gardsbruk driv fortsatt slik.

Eg vonar denne formen for matproduksjon skal bestå og ikkje avsluttast. Det vil bli katastrofalt for både folk, dyr og natur!

Kom ikkje her og si at dyra mine ikkje har det godt!

Kom ikkje her og si at dyra på tilsvarande gardar ikkje har det godt!

Les mer om

  1. Dyrevern
  2. Landbruk
  3. Dyr og natur

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Det er ikke sant at gutter bare er sånn

  2. KRONIKK

    Lytt til jordmødrenes advarsler

  3. DEBATT

    Smittestopp-appen kan bli god butikk

  4. DEBATT

    Fokuset på unge menneskers psykiske helse kan være konstruktivt

  5. KOMMENTAR

    Kvifor les eg, ustelt kvinne (34), dagleg om celebritetars beste tips til ein lytefri utsjånad?

  6. DEBATT

    Kort sagt, torsdag 11. april