Debatt

Nettbrett må brukast med fornuft

  • Guri Melby
    Guri Melby
    Kunnskaps- og integreringsminister (V)
Kunnskapsminister Guri Melby (V).

Til foreldre som er urolege for bruken av Ipad i klasserommet, vil eg seie dette.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Til liks med andre foreldre er også eg uroleg for at barn brukar for mykje tid på skjerm, slik forfattar Agnes Ravatn skildrar i ein kommentar i Aftenposten. Også eg er opptatt av at ungar må røre på seg og vere med i det som skjer her og no.

Elevane skal både lære seg å bruke digitale verktøy og forhalde seg til den digitale kvardagen innanfor dei trygge og gode rammene skulen kan tilby.

Til foreldre som er urolege for bruken av Ipad i klasserommet, vil eg difor seie: Snakk med læraren om korleis han eller ho brukar digitale læremiddel i undervisninga.

Ikkje underhaldningsmaskin

Det er viktig at foreldre har god dialog med skulen, og at skulen har eit gjennomtenkt forhold til bruk av IKT. Det er også viktig at lærarane får høve til å utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse slik at dei sjølve blir trygge i eigne val.

Nettbrett eller andre digitale læremiddel skal ikkje erstatte ein fagleg flink lærar. Tvert imot. Som Simen Spurkland, ein lærar som føler seg feilsitert i boka til Gaute Brochmann, skreiv i ein kronikk i Klassekampen nyleg: «Det er ikkje det digitale i seg sjølv som er poenget, men alt det man kan få til.»

I skulesamanheng skal ikkje nettbrett fungere som underhaldningsmaskiner. I klasserommet skal nettbretta hjelpe til med meir læring. Dersom det ikkje skjer, bør dei leggast vekk.

Utdatert digitaliseringsdebatt

Eg har ansvar for å fastsetje læreplanar for alle fag i grunnskulen. På kva måte elevane skal nå alle måla i læreplanane, er det derimot ikkje eg som avgjer. Om elevane skal ha kvart sitt brett og kva dei skal bruke dei digitale verktøya og ressursane til, blir bestemt lokalt av kvar einskild kommune. Slik skal det vere.

Når eg har meint at debatten er utdatert, er det fordi norsk skule ikkje er tent med spissformuleringar som verkar unyanserte og splittande. Vi må vri fokus frå kor mange timar ungane brukar framfor skjermen, til korleis dei brukar desse bretta.

Digitale læremiddel og verktøy er komne for å bli. Det har koronaen vist oss, og det har Venstre forsøkt å fortelje i lang tid. Vi må berre sørgje for å bruke dei nye hjelpemidla på fornuftig vis til det beste for ungane.

Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Les også

  1. Bokanmeldelse: Hvass kritikk av den digitale skolen

  2. Har barnet ditt blitt #youtubed?

Les mer om

  1. Digitalisering
  2. Skole og utdanning
  3. Barn og unge
  4. Nettbrett