Kva bør verta konklusjonen på Tangen-prosessen? | Aksel Mjøs
Leiaren av NBIM må vera ein person fagfolk ser opp til.
Eg argumenterte i Aftenposten 20. april for at Nicolai Tangen sitt seminar på Wharton i fjor ikkje burde diskvalifisera han som leiar av Oljefondet. Eg håpar at konklusjonen på den pågåande debatten bekreftar at Nicolai Tangen til hausten startar i den jobben.
Global porteføljeforvaltning er svært krevjande, særleg oppgåva Norges Bank Investment Management har med å forvalta Statens Pensjonsfond Utland for Finansdepartementet.
Avkastning og risiko vert målt kontinuerleg, og ein veit til ei kvar tid om ein gjer det betre eller dårlegare enn marknaden.
Det er svært viktig kven som skal leia NBIM, utan at ein reknar på kva nokre hundredels prosent dårlegare avkastning av, eller litt høgare risiko for, 10.000 milliardar kroner utgjer.
Lista over reelt aktuelle kandidatar er kort, men Tangen er der.
Kvalifisert leiarskap
Kvifor er det krevjande å leia Norges Bank Investment Management (NBIM)? Finansdepartementet har jo gitt eit svært spesifikt mandat.
Det meste handlar likevel om godt og kvalifisert leiarskap.
Sjefen skal ikkje gjera investeringar sjølv, men ho eller han må greia å rekruttera, inspirera, utvikla, styra, og eventuelt avvikla dei dyktigaste innan forvaltningsfeltet.
Fra Caymanøyene til Bankplassen (og hjem igjen) | Kjetil B. Alstadheim
Ei krevjande øving
Ho må byggja ein organisasjonskultur, organisasjonsstruktur og styringsmodell som leverer på mandatet.
Dette er like viktig anten fokus er på forvaltning som følgjer marknadsindeksane, eller i dei delane der ein tek meir aktiv risiko.
Oljefondet investerer over heile verda, dels frå Oslo og dels frå sine fire utekontor, noko som gjer leiaroppgåva særleg komplisert. I tillegg har dei ein omfattande struktur av forvaltningsmessige og administrative partnarar.
Leiing av globale organisasjonar og samla styring og overvaking av alle slags risiki er ei krevjande øving.
Finansfagleg respekt
Leiaren av NBIM må og nyta personleg finansfagleg respekt for å kunna byggja ein sterk organisasjon. Det må difor vera ein person fagfolk ser opp til, elles dreg dei beste av dei raskt.
Ho eller han må vita kva forvaltning i verdsklasse inneber, det held ikkje med ein rein administrator.
Overfor omverda må ein óg ha godt samspel med styresmakter og opinion i Noreg og evna å utvikla tenlege internasjonale nettverk.
Leiaren må stå opp for mandatet og sikra den langsiktige forvaltningsmodellen mot «gode idear». Samstundes er det eit allment krav at finanskapitalen må vera meir ansvarleg i sine vurderingar og handlingar.
Dette har NBIM har prioritert lenge, men det kjem stadig meir i fokus og kan utfordra forvaltningsmodellen.
Det er ikke «misunnelig» og «smålig» å stille kritiske spørsmål om Nicolai Tangen | Christina Pletten
Krevjande kundar
Kvifor meiner eg at Tangen har gode føresetnadar for denne jobben? Han har bygd opp eit internasjonalt svært anerkjent forvaltningsmiljø som både forvaltar hedgefond og vanleg aktiv forvaltning.
Dei har svært krevjande kundar, til dømes store universitetsfond i USA, som har vore så nøgde med leveransen at dei har akseptert at han har tent godt på honorara dei har betalt.
Det er viktig å hugsa at om dei fann betre, eller rimelegare og like gode, alternativ, så hadde dei flytta kapitalen med ein gong. Det betyr óg at desse, med høge krav til ryddige strukturar, ikkje ser problem med lokalisering og struktur av AKO sine fond.
Godt leiarskap
Det er ein vidare indikasjon på godt leiarskap at då det vart kjent at han skulle slutta i AKO for å gå til NBIM, så gjekk fleire investeringskonsulentar ut og avdramatiserte konsekvensane sidan han over lang tid har bygd ein robust organisasjon som er lite avhengig av han sjølv.
Eg trur óg han vil handtera godt overgangen frå ein aktiv til ein meir passiv forvaltningsstrategi, men det er sjølvsagt ein av fleire utfordringar med nytt ansvar.
Noregs Bank skal no avklara ei rekke spørsmål rundt Tangen si fortid, sine investeringar og andre aktivitetar.
Det er feil at Tangens forretningsdrift ikke ble vurdert av hovedstyret i Norges Bank | Egil Matsen
Få kvalifiserte
Ingen veit om dei avdekker noko som gjer at vi ikkje kan ha tillit til han.
Eg er likevel oppteken av at dette er ein så viktig jobb at det er få kvalifiserte, ikkje minst om dei skal kunna norsk.
Om avklaringane ikkje svekker tilliten, men vi likevel steller oss slik at vi mister Tangen som leiar for NBIM, vert det ein svært krevjande jobb å finna, og så å greia å rekruttera, nokon med tilsvarande kvalitetar.