Debatt

«Lettvint utspill» om Nesna?

  • Arna Meisfjord
    Arna Meisfjord
    Tidl. rektor ved Høgskolen i Nesna
Høgskolen i Nesna ble 1. januar 2016 en del av Nord universitet. I 2019 vedtok universitetsstyret å legge ned Høgskolen i Nesna, på grunn av dårlige måltall.

Viktigheita av sjølvstendige utdanningsinstitusjonar ute i distrikta er godt grunngjeven.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Aftenposten laurdag 30. juli blir Trygve Slagsvold Vedum sin valkampturne til Nordland og Senterpartiet sitt forslag om å gjenreise Høgskolen i Nesna omtalt. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) blir òg intervjua.

Asheim tek ikkje stilling til om nedlegging av campus Nesna var ein god eller ein dårleg ting, men hevdar at nedlegginga er i tråd med Strukturreforma, som i 2015 slo saman ei rekke studiestadar.

Om sentrale politikarar skulle ha noko innverknad på dette, vil det føre til ein dårlegare utdanningssektor, hevdar Asheim. Ei gjenopning av Høgskolen i Nesna må i tilfelle føre til ei endring av styringsstrukturen.

«Vekst og utvikling»

Eit sentralt poeng med Strukturreforma var at institusjonane som fusjonerte til Nord universitet, skulle sikrast «vekst og utvikling» og bli «robuste». Ja, statssekretær Bjørn Haugstad (H) skreiv i Rana Blad i 2015: «Vi ønsker ikke å legge ned studiesteder, men å styrke dem slik at de kan bli sterkere og mer betydningsfulle i regionene.»

For å få nedlegginga av campus Nesna til å framstå som legitim, trass i at «vekst og utvikling» var målet, måtte studiene ved campus Nesna snakkast ned. Studentane har kjempa tappert mot feilinformasjonen, og dei vart utnemnde til Årets namn i akademia for 2020.

«Nesna best på flere tall», skriv nettavisa Khrono i 2019: «Det er ikke bare på søkertall at Nesna kommer bedre ut enn Bodø på lærerutdanningene. Det gjelder også tall for oppmøte, gjennomføring og studietilfredshet.»

Handlar ikkje om autonomi

Når Sp, SV, Rødt og MDG no går inn for å gjenreise Høgskolen i Nesna, treng dei ikkje å endre strukturreforma, sjølv om det i og for seg kan vere mogeleg. Eit nytt storting står fritt til å opprette dei regionale institusjonane dei meiner er nødvendige.

Dette har ingen ting med Nord universitet sin autonomi å gjere. Ein ny høgskole vil vere uavhengig av Nord universitet.

Nord universitet har lagt ned campus Nesna, utan ei utgreiing av dei regionalpolitiske konsekvensane. Dei har òg sagt opp leigeavtalen med Statsbygg som gjeld bygningsmassen. Dette trass i sterk motstand frå alle dei 18 ordførarane på Helgeland og frå fleire vedtak i Nordland fylkesting.

Sterkt næringsliv, lite folk

Næringslivet går så det susar i Nord-Noreg, verdiskapinga er stor, og store verdiar for Noreg ligg her. Likevel går folketalet dramatisk ned.

Etablering av utdanningsinstitusjonar ute i distrikta er eit av dei viktigaste tiltaka for å snu denne trenden. Dette høyrer vi også i forslaga frå Demografiutvalet og Distriktsnæringsutvalet. Det handlar om kompetansearbeidsplassar ute i distrikta, om gode skolar, gode barnehagar og helsetilbod, slik at arbeidstakarar i distriktsnæringane finn det attraktivt å busette seg i distrikta.

Difor har næringsaktør Aino Olaisen frå øya Lovund teke initiativ til ei utgreiing om «Framtidens distriktsskole», som har gjenreising av Høgskolen i Nesna som eit prioritert tiltak.

Viktigheita av sjølvstendige utdanningsinstitusjonar ute i distrikta er godt grunngjeven. Det er ikkje noko «lettvint tiltak», slik statsråd Asheim hevdar.


  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les også

  1. Høgskolen hadde nesten ikke studenter som møtte opp. Nå lover Vedum å åpne den igjen.

Les mer om

  1. Utdanning
  2. Nesna
  3. Nordland