Kjære togkunder

  • Magnhild Meltveit Kleppa
Samferdselsministeren beklagar togkaoset.

På vegne av heile Jernbane-Noreg, beklagar eg all venting, forseinking og frustrasjon de har opplevd i det siste.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Magnhild Meltveit Kleppa

Vi arbeider no intenst med både kortsiktige og langsiktige tiltak. Det tek tid å få bukt med problem som har bygd seg opp over mange år, men mykje positivt er på gang. Togtilbodet skal bli langt betre og meir stabilt enn det er i dag.

Ulike årsaker

Statistikk over punktlegheit og regularitet viser at haustmånadene i fjor var relativt gode. Frå desember og utover har det derimot vore store problem. Dette har ulike årsaker, frå teknisk feil på infrastruktur til feil på sjølve toga. Ein god del skuldast også ein krevjande vinter. Gammal infrastruktur og gamle tog er rett og slett ikkje gode nok til å takla streng kulde. Det er sjølvsagt ikkje haldbart i eit vinterland som vårt. Eg har teke initiativ til at vi skal få betre refusjonsordningane ved avvik.

Krisetiltak

NSB og Jernbaneverket har sett i gang ei rekkje tiltak for å få bukt med den akutte krisa. Ekstra folk har blitt kalla inn på jobb både på verkstadane og om bord i toga. 30–50 bussar er i beredskap dagleg. Tinekapasiteten er auka på verkstadene. NSB har medarbeidarar på plass på perrongane for å informera. Informasjonsarbeidet har til no ikkje fungert godt nok, noko vi får mange tilbakemeldingar på. For å betra publikumsinformasjonen har Jernbaneverket i samarbeid med togselskapa sett i gang eit fellesprosjekt. Dette skal ha fokus på konkrete aktivitetar som kan gje god informasjonseffekt både på kort og lang sikt. I statsbudsjettet for 2010 er det løyvd 80 millionar kr til dette prosjektet.

Langsiktige tiltak

Løysinga på sikt ligg i å sikra betre infrastruktur og betre tog. Her er nok pengar avgjerande, i tillegg til nok kyndige folk. Jernbaneverket har fått dei pengane dei har bede om til vedlikehaldet. Nett no er største problemet mangel på folk til å gjera jobben. Alle tilgjengelege ressursar blir utnytta til fulle.

Osloområdet er eit problemområde der det no blir arbeidd med å få på plass nye kablar, ny jording av straum, nye kontaktleidningar, skinner og sporvekslarar. Innan utgangen av 2012 skal det såkalla Osloprosjektet ha gitt oss ny og oppgradert jernbane mellom Lysaker og Etterstad. Til no har Jernbaneverket berre brukt 10 prosent av dei to milliardane som er løyvd til dette prosjektet. Blant anna er det gjort større arbeid på Oslo S og i jernbanetunnelen mellom Oslo S og Skøyen. Vi ser no at dette arbeidet gir positive resultat. Framleis er det for mange feil i tunnelen, men dei er langt færre enn tidlegare.

Etter planen skal Osloprosjektet vera ferdig omtrent samstundes med at nytt dobbeltspor mellom Lysaker og Asker opnar. Det er bestilt 50 nye togsett som gradvis vil bli levert og sett i trafikk frå 2012. Dessutan er NSB i ferd med å pussa opp tog for to milliardar kroner.

Ignorert i 30 år

Det blir altså arbeidd både med investeringar, vedlikehald og materiell. Likevel har vi no hatt nok ein periode med togtrøbbel. Det skuldast at vedlikehald og fornying av jernbanelinene ikkje har blitt prioritert høgt nok dei siste 30 åra. Ei slik forsømming er det umogleg å kompensera for på ein-to-tre. Vi ønskjer heller ikkje å innstilla togtrafikken medan arbeidet pågår. Pendlarane må heile tida ivaretakast. Å driva omfattande anleggsarbeid på særs trafikkerte strekningar er likevel som å halda open restaurant med full servering medan ein byggjer om lokalet. All vedlikehaldsaktiviteten på linenettet fører diverre også til saktekøyring og brot i togtrafikken.

Eit økonomisk løft

I revidert budsjett for 2004 var løyvingane til jernbanen på 5011 millionar. I 2009 var løyvinga 8548 millionar, begge summane i 2010-kroner. Tala er klare: Stoltenberg II-regjeringa tok ansvar og har føretatt eit økonomisk løft for jernbanen. Det løftet vil halda fram. Eg gler meg over at det er eit heilt anna fokus på jernbanen enn tidlegare. Det er forsmedeleg for oss alle at det tek tid før vi ser resultata av dagens satsing. Likevel er det grunn til å gle seg over lys i enden av tunnelen. 2012 vil bli eit markant skilje, men eg håpar og trur mykje vil bli betre allereie i løpet av 2010.