Eit skuleeksempel på arroganse

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) snakker med demonstrantene utenfor Olje- og energidepartementet 28. februar.

Den norske majoritetsbefolkninga er systematisk trena til å oversjå samiske rettar. Nå ser me konsekvensane.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Eit gammalt utyske heimsøker Noreg: Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) let som han ikkje ser ein høgsterettsdom om pågåande menneskerettsbrot. Redaktør Gunnar Stavrum skriv i Nettavisen som om urfolksrettar er noko han kan prostituere som lausøyre på marknaden. Finansavisens redaktør Trygve Hegnar seier faktisk at «vi» kan ikkje la samane herje med «oss», og at «Det er på tide å sette samene litt på plass». På leiarplass i ei avis, ikkje i fylla og anonymitet i ormegardane på nettet.

Denne tragiske tilstanden skuldast, blant anna, manglande forståing av kva urfolksrettar er, og ei innbiten uvilje til å ta samiske interesser, behov og perspektiv inn over seg.

Manglane ser ut til å beherske store delar av majoritetsbefolkninga, ikkje minst maktas institusjonar.

Korleis kan dette ha seg, og kor djupt kan mentaliteten stikke?

Kva skal ikkje-samiske og samiske elevar lære?

Lat oss sjå på «Kunnskapsløftet» som er innført for skulen. Kva skal ikkje-samiske og samiske elevar lære, til dømes i faget kristendom, religion, livssyn og etikk?

Fagplanane for dei to elevgruppene er i hovudsak identiske, og båe har som «kjerneelement» at «samiske perspektiver inngår».

Men der er heilt systematiske ulikskapar, ikkje minst i dei konkrete kompetansemåla.

Etter 4. årstrinn skal elevane etter KRLE-samisk «samtale om hva menneskeverd, respekt, toleranse og samiske rettigheter betyr, og hva det innebærer for hvordan vi lever sammen».

KRLE har same formulering, bortsett frå at «samiske rettigheter» er vekk.

Etter 7. trinn skal elevane etter samisk plan «gjøre rede for hva menneskerettighetene innebærer for urfolks rettigheter, for ytrings- og religionsfrihet og for religiøse minoriteters situasjon i […] Saepmie og Norge».

KRLE-planen har også her droppa alle referansar til urfolket.

Også det siste kompetansemålet i fagplanen er reinska: Medan samisk plan seier at elevane skal kunne «identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillinger knyttet til menneskerettigheter, urfolks rettigheter, bærekraft og fattigdom», er «urfolks rettar» borte frå planen til majoritetsbefolkninga.

Tallause, systematiske forskjellar

Desse utelatingane er ikkje eineståande eller tilfeldige. Dei er eit lite utval blant tallause, systematiske forskjellar som ser ut til å avdekke eit iskaldt og pinleg maktforhold: Majoriteten treng ikkje bry seg og gjer det da heller ikkje.

Skulen ser ut til å føresette, eller ynskje, at berre samiske elevar lærer om desse rettane. Slik vil rettane berre bli kjende av dei som skal krevje dei, ikkje av dei som skal innrømme dei. Slik vaksinerer skulen majoriteten mot forståing for samanes perspektiv og interesser og deira rettar som urfolk. Ikkje det beste vilkåret for ei god meiningsutveksling.

I dei nemnde menns korrupte forståing av urfolksrettar som underordna pengar, ser me i røynda modellane for dagens norske elevar og framtidas makt: Ei så grunnleggande forakt for urfolksrettar at dei her jamvel er i stand til å oversjå tilhøvet mellom den dømmande og den utøvande makta.