Debatt

Tidleg digital innsats i skulen er naudsynt | Rune Johan Krumsvik

  • Rune Johan Krumsvik, professor i pedagogikk, Universitetet i Bergen, Professor II, Høgskulen i Volda
For å lukkast med digital læring i framtidas skule, er tidleg innsats naudsynt for elevar allereie i småskuletrinnet og for morgondagens lærarar må dette skje i lærarutdanninga.

90 prosent av morgondagens jobbar krev IKT-kompetanse og nye forskingsstudiar syner gode læringseffektar frå digitale læremiddel. Er ein i rute i skulen?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Kvifor lærer millionar av menneske verda rundt å lage papirfly (origami) via videoar på Youtube framføre via bøker, vener, og liknande?

Rune Johan Krumsvik, professor i pedagogikk

Og om du i ein akutt skadesituasjon langt til fjells (utan mobildekning og lege til stades) fekk valet mellom å bli behandla av éin som hadde lest om behandling av skaden i ein boktekst, éin som hadde sett behandling av skaden på eit bilete, éin som hadde sett behandling av skaden via ein animasjon og éin som hadde sett behandling av skada via video – kven hadde du valt? Fire metaanalysar gir grunn til å seie at du burde valt den nest siste eller siste.

IKT-strategi for grunnopplæringa

27. oktober inviterte kunnskapsministeren mange sentrale aktørar til innspelsmøte om ein ny IKT-strategi for grunnopplæringa. Dette er viktig i lys av mange forhold; den generelle digitaliseringa av skule og samfunn, framtidig yrkesliv, digitaliseringa av PISA-testar, digitale nasjonale prøver, digital kompetanse i læreplanen og at digitale læringsressursar er tekne i bruk i alle fag.

Særskilt vart digitale læremiddel drøfta under dette innspelsmøtet, men kva veit ein om evidensen i høve læringseffekten frå slike digitale læremiddel?

Multimedia gir god læringseffekt

Forskaren Tamim og kolleger gjennomførte i 2011 den største andregrads metaanalyse nokon sinne basert på 40 års forsking innan digital læring og fant ein låg til moderat positiv læringseffekt ved bruk av digital læringsteknologi i undervisingssamanheng.

Forskarane Berney og Bètrancourt gjekk meir konkret til verks i sin studie frå 2016 og stilte spørsmålet: Aukar bruk av animasjonar læringa? Svaret dei fant i si metaanalyse etter å ha saumfart dei mest anerkjente studiane på feltet var at, ja - animasjonar er betre enn stillbilete i læringssamanheng.

I 2009 fant forskaren John Hattie i sine metaanalysar at det var ein god læringseffekt ved bruk av interaktive video-metodar. Og forskaren Richard Mayer har i sine metaanalysar basert på over 100 studier funne at multimedia gir ein god læringseffekt.

Teknologien åleine gir ikkje læringseffekten

Felles for alle desse funna er likevel ein viktig premiss; det er heilt avhengig av kva for undervisingsmetode som blir nytta. Teknologien åleine gir dermed ikkje læringseffekten – det er medium og metode hand i hand.

Difor er ikkje den stadige påminninga om viktigheita av lærarars digital kompetanse ugrunna: Skal ein lærar klare å omsetje desse forskingsfunna til handling i klasseromma, føreset dette i dag ein digital kompetanse både hjå lærarar og elevar. Visst ikkje kan faktisk IKT verke underhaldande, men læringshemmande.

I læreplanen for Kunnskapsløftet er fem basiskompetansar innførte i alle fag som Regjeringa no vidarefører i den pågåande revisjonen av denne skulereforma.

I tillegg til å kunne rekne, lese, skrive og uttrykkje seg munnleg, skal elevane ha ein digital kompetanse. Digital kompetanse er den kompetansen som byggjer bru over dei andre basiskompetansane; berre tenk etter – du skriv, les, reknar og kommuniserer nesten meir digitalt enn analogt i dag.

Grunnskulen legg dermed fundamentet for at du som elev, og framtidig student, yrkesaktiv og samfunnsborgar skal bli digitalt kompetent nok til å klare å handtere den komplekse digitaliseringa av samfunnet vårt. Samstundes kan denne digitale kompetansen (med rett metodebruk) også gi læringsmessige vinstar.

Dette, saman med teknologitilgang i verdstoppen både i skule og heim, gjer at Noreg har eit godt utgangspunkt for å lukkast med digital læring i framtidas skule.

Tidleg innsats er naudsynt

Men for å lukkast med dette, er tidleg innsats naudsynt – for elevar allereie i småskuletrinnet – for morgondagens lærarar må dette skje i lærarutdanninga.

Men dette er ikkje nok; det er eit behov for å klargjere meir konkret kva det vil seie å vere digitalt kompetent i dagens grunnskule når ny IKT-strategi er i støypeskeia. Innføringa av digital kompetanse i læreplanen er nemleg tufta på ei oppfatning om at slike digitale ferdigheiter ikkje blir tileigna ein gong for alle på småskuletrinnet, men må vidareutviklast gjennom heile skulegangen.

Lærarar og foreldre som «digitale portvakter» må sørge for at det blir stilt gradvis meir faglege krav til elevane sin digitale kompetanse fordi når elevane i dag blir vurderte, må dei ikkje berre meistre ein tradisjonell bokleg kunnskap, men òg dei nye digitale sjangrane som er integrert i faga.

Døme på dette ser ein igjen i at dei nasjonale prøvene er digitale, frå 2015 er alle PISA-testar digitale, eksamensformene blir stadig meir digitaliserte og alt dette krev at eleven har ein digital kompetanse for å meistre slike vurderingsformer.

Ein ny IKT-strategi må tuftast på forsking

Når ein ny IKT-strategi for grunnopplæringa no er i støypeskeia, bør denne tuftast på forsking som nett syner at lærarar sin digitale kompetanse er avgjerande for om digitale læremiddel skal kunne heve elevane sitt læringsutbytte.

Digitalt kompetente lærarar klarer å avkode den nemnte forskinga og kan både sikre at elevane gradvis utviklar ein digital kompetanse som er heilt naudsynt for framtidig student- og yrkesliv, samt at denne også kan gi vinstar inn mot det faglege læringsutbyttet i faga. For å få til dette er det naudsynt med tidleg digital innsats både i lærarutdanninga, hjå skuleeigarar, lærarar, elevar og føresette.


Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


Her kan du lese mer om IKT i skolen:

Les også

  1. Programmering og datakoding på timeplanen

  2. Den forvokste gjøkungen

Les mer om

  1. Teknologi
  2. Digitalisering
  3. Skole og utdanning