Debatt

Ring Kjetil Rolness!

  • Jon Hustad

Vi gjer alle feil, men når Hege Storhaug gjer feil, er det alltid i same retninga. Difor kan vi ikkje lita på henne, skriv Jon Hustad. Foto: /TV2

Kvar gong nokon person nokon stad i Noreg seier noko uforedelaktig om Storhaug, kjem Kjetil Rolness ridande. Han har mykje fritid, den mannen.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

På fredag var eg på fjernsyn og intervjua Hege Storhaug. Eg nemde ikkje Kjetil Rolness, på måndag skreiv eg eit debattinnlegg i Aftenposten, eg nemde ikkje Rolness, på tysdag skriv Rolness eit langt innlegg om meg i Aftenposten. Kvar gong nokon person nokon stad i Noreg seier noko uforedelaktig om Storhaug, kjem Rolness ridande. Han har mykje fritid, den mannen.

Fyrst til Statistisk sentralbyrå-tala om innvandring. Ein gjennomsnittsinnvandrar frå den tredje verda uløyser ein framtidig kostnad på minst 4,1 millionar dei neste 85 åra, seier Statistisk sentralbyrå, det inkluderer altså etterkomarane til innvandrarane. Storhaug har fått dette til å gjelde berre den fyrste som kjem i hans lilvsløp. Dette har ho fått kritikk frå Statistisk sentralbyrå for, og det utan å kvitera ut kritikken.

Feil, seier SSB sjølve

Ja, eg operer med høgre tal enn Statistisk sentralbyrå (SSB). SSB seier at innvandrarane og etterkomarane deira ikkje tek ut meir tenester enn nordmenn, dette veit vi er feil, seier SSB sjølve. Innvandrara tek ut meir helsetenester til dømes. SSB reknar og med at etterkomarar vert perfekt integrert i Noreg, slik ser det ikkje ut for tida.

Hege Storhaug. Foto: Karl Martin Jakobsen

SSB tek heller ikkje med introduksjonsstønaden, som for born under 15 år kan koma opp i 9,1 millionar dei fyrste seks åra. SSB tek heller ikkje særleg omsyn til at det er nye menneske som aukar folketalet til Noreg, og som dimed utløyser nye og store investeringsbehov. (1 prosent auka i folketal utløyser 3-4 prosent auka investeringar i høve BNP, altså mellom 90 og 120 milliardar kroner).

Hadde Storhaug sett seg inn i tala, kunne ho ha funne ut dette, og ho kunne verkeleg ha vore alarmistisk.

Ein somaliar som tek ei hentekone og til dømes får tre born, kan om dei ikkje kjem seg ut i arbeidslivet føra til framtidige investeringsbehov på minst ti millionar. Hadde Storhaug sett seg inn i tala, kunne ho ha funne ut dette, og ho kunne verkeleg ha vore alarmistisk.

Mitt enkle poeng er at alle som ser på desse tala, bør formidla dei rett og setja seg inn i dei. Russia Today er Putins propagandasentral, ein kan ikkje stola på noko som helst som kjem derifrå, anten det vert gjengjeve av Newsweek eller andre.

Kunne berre ha bede om orsaking

Ja, Storhaug stilte opp saman med Peder Fjordman Jensen og ei mengd andre Eurabia-konspiratørar i samtale. Det kunne ho berre ha bede om orsaking for og sagt var ein feil. Ho ville ikkje det. Ho nekta òg for å kjenna til Eurabia-konspirasjonen, sjølv om heimesida hennar er full av hylling av konspirasjonen. Ho har òg hatt tilsette som hyllar Eurabia-teorien.

Rolness vil at eg berre skulle stilla spørsmål frå boka hennar. Det ville ikkje eg.

Kjetil Rolness. Foto: Kjell Ruben

Rolness vil at eg berre skulle stilla spørsmål frå boka hennar. Det ville ikkje eg. Eg stilte spørsmål om heile verket hennar. Ja, det er rett at eg er redd for at den dramatisk auka innvandring til Noreg i år, og kanskje dei komande åra, kan føra til gettoar og auka kriminalitet. Men no ser Regjeringa ut til å ha fått kontrollen på ny, og Noreg kan igjen føra den same politikken som før, som har fått kriminaliteten dramatisk ned i Groruddalen.

når Storhaug gjer feil, er det alltid i same retninga. Difor kan vi ikkje lita på henne.

Ja, det er rett at eg på mi private og vesle Facebook-side vidareformidla ein kronikk av den dyktige danske historikaren Bent Jensen der han var redd for borgarkrig i Europa. Eg vidareformidla den utan å lesa den av di ein god dansk venn av meg, folketingsrepresentant Henrik Dahl, tilrådde den. Eg har på Facebook-sida til Rolness vedgått at eg ikkje las den og ikkje burde ha vidareformidla den ukritisk. Eg plar gjera mykje tøv på Facebook-sida mi. Eg tykkje det er lurare om Rolness konsenterer seg om noko anna enn mi Facebook-side.

Ja, vi gjer alle feil, men når Storhaug gjer feil, er det alltid i same retninga. Difor kan vi ikkje lita på henne.

Andre innlegg i denne debatten:

Jon Hustad:

Les også

Kva Hege Storhaug bør gjera

Kjetil Rolness:

Les også

Revolverjournalisten som skjøt på seg selv

Se klippet hos TV 2 Underhuset

Les også:

  1. Les også

    #Anbefalte meningssaker fra debattredaktør Erik Tornes: Men hva tenker ambassadøren om Raif Badawi?

Les mer om

  1. Debatt
  2. Hege Storhaug
  3. Innvandring
  4. Integrering

Relevante artikler

  1. DEBATT

    Om innvandrarar skal løna seg, må dei tena eigne pengar netto gjennom livet | Jon Hustad

  2. KRONIKK

    Ingen kan føresjå sjølvmord

  3. KRONIKK

    Kronikk: Debatt i elitens avlukker | Joachim Laberg

  4. DEBATT

    Nynorskfaget må ut

  5. KOMMENTAR

    Kjøttskam. Flyskam. Ikkje berre var nesten alt eg gjorde plutseleg feil. Mykje blei og litt vanskelegare.

  6. DEBATT

    Er det eit mål for ein historikar å bli takka av etterkomarane?