Debatt

Insektbestøving er mindre viktig for matproduksjonen | Åsmund Bjørnstad

  • Åsmund Bjørnstad
    professor i planteforedling, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Det finnes trolig over 6000 arter tovinger (Diptera) i Norge, over 300 av dem er truet. 90 eksperter har vurdert artene som har havnet på rødlisten over truede arter i Norge. Hallvard Elven, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo (lisens CC BY 3.0)

Kor stor rolle spelar så insekt i dagens matproduksjon?

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

I Viten 26. mars skriv forskarane Wenche Dramstad og Christian Pedersen om nedgangen i mengd og mangfold av insekt. Dette er svært urovekkende av mange grunner, men rolla i matforsyningen er ofte sterkt overvurdert. Så også her.

Dei viser til at tre fjerdedeler av verdens viktigste jordbruksplanter trenger pollinerende insekter for å gi god avling. Dei nemner vidare brød, poteter, tomater, eple og nøtter, og at fellesnevneren (…) er at plantene må bestøves for å gi frukt eller frø.

Ja, men det siste betyr ikkje bestøving med insekt.

Åsmund Bjørnstad er professor ved Institutt for plantevitenskap. Håkon Sparre

Favorisering over tid

Ulikt ville planter avheng dei viktigaste vi dyrkar til mat ikkje av insekt. Dei har sjølv- eller vindbestøving, som korn («brød»), eller vegetativt formering (potet). Utan insekt- eller vindbestøving kan vi lettare bevare sortar vi likar.

Ein poda eplesort er uendra og om frukta treng insekt, blir frøa heilt andre eple. I sjølvbestøva ris kan eitt frø bli til astronomiske tal, uendra. Derfor har vi ofte favorisert slik formering. Villfiken avheng av ein viss veps, men alt for 11.000 år sidan finn vi vår storfrukta fiken utan hjelp av vepsen. Trass i velluktande blomar er insekta sjalta ut i mange sitrusfrukter og uynskt fordi det blir steinar (frø). Her finst alle gradar. Mange sjølvbestøvande kan ha nytte av insekt, slik veksthustomatar blir betre bestøva med humler.

Insektbestøva vekstar var også verre å flytte verda rundt, med mindre dei fann seg nye insekt, slik raudkløver gjorde i Nord-Amerika. Dei sterkt avhengige av bestemte insekt blei verande der dei var.

Les også

Simen Gaure i Uviten: Insektapokalypsen og naturens snarlige død

Samanblanding

Kor stor rolle spelar så insekt i dagens matproduksjon? Her er tala ofte forvirrende. Talet tre fjerdedeler av verdens viktigste jordbruksplanter – henta frå Naturpanelet IPBES sin rapport i 2016 – reknar berre med dei vi et som frø. Knoll- og rotvekster er ikkje med, heller ikkje fôr-, sukkervekster og bladgrønnsaker. Prosent av artane og prosent av produksjonen blir dermed blandet saman.

Ellers m.fl. (2011) reknar i staden med dei 150 «leiande» artane i Food and Agriculture Organizations database, etter produsert avling (stadig er fôrvekster ikkje med). Då kjem kring 80 prosent av alt karbohydrat og protein frå planter frå vekster som er helt uavhengige av insekt. Resten varierer frå å ha litt nytte av insekt (5-10 prosent meir avling) til å vera 100 prosent avhengige.

Uten insekt vil vi netto få 5 prosent mindre mat, Naturpanelet seier 5-8 prosent – som er viktig nok! Feitt frå oljevekstar vil minke med 7 prosent (særleg raps og solsikke, men ikkje t.d. soya eller oliven). Dermed ville vi få knapt med feittløyselege vitamin.

Les også

Insekter dør som fluer. Nå skal Norge ut og telle insekter.

Slagord bommer

For å unngå misforståinger: Dei mange insektavhengige artane bidrar sterkt til variasjonen i maten. Mange frukt-, bær-, grønnsak- og kryddervekster treng insekt – med tallrike unntak, som druer. Frøavlen er dessuten meir utsett. Kløver går til fôr, men bestøving treng insekt. Det gjeld og mange grønnsaker.

Ein rikdom av insekt og blomsterenger er veldig bra, som del av framtidas meir mangfaldige landbruk. Slagord som «Ingen bier – ingen mat» eller at vi kan takke biene for «kvar tredje munnfull» stemmer derimot ikkje – heldigvis.

Les mer om

  1. Pollen
  2. Viten

Relevante artikler

  1. VITEN

    Disse trendene er dårlig nytt for pollinerende insekter

  2. VITEN

    Må vi konkurrere med insektene om maten når det blir varmere?

  3. BOLIG

    Pollensesongen er i gang: Slik lager du en allergivennlig hage

  4. NORGE

    Skal vi spise frikadeller, kjøttboller og kjøttkaker i fremtiden? Eller blir det spirer og insekter?

  5. KULTUR

    Google og Amazon satser milliarder på jordbruk i byen – uten jord

  6. NORGE

    29-åringen spiser bare planter som kan dyrkes bærekraftig i Norge