Debatt

Fram for god nynorsk og godt bokmål | Magne Aasbrenn

  • Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag

Språkkunnskap aukar språkkunnskap, og tospråklege barn skjønner raskare korleis «det andre» språket fungerer, skriv Magne Aasbrenn. Foto: NITO / Shutterstock

Forsking om språkskifte i skolen viser at mange elevar skiftar i det dei kjem i kraftig mindretal.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

1. januar publiserte Aftenposten ein kronikk av lektor Anelin Strømholm ved Ringerike videregående skole, og temaet var enda ein gong sidemålet i skolen og at det må bort.

I innleiinga si stiller Strømholm eit retorisk spørsmål: – Er det betre å skrive dårleg nynorsk enn godt bokmål? Så skriv ho at ho er sikker på at Noregs Mållag vil svare ja på dette spørsmålet. Som leiar av Noregs Mållag vil eg seie ja til nynorsk, vel vitande om at dei fleste språkbrukarar blir betre i språket gjennom bruk, og nesten berre slik. Så vil eg legge til at spørsmålet blir stilt på grunnlag av feil premissar og eit uvitskapleg syn på språklæring.

Les kronikken her:

Les også

Er det betre å skrive dårleg nynorsk enn godt bokmål? Anelin Strømholm

Det ser ut som om Strømholm ser på språk-kapasiteten til elevane som eit oppbevaringsboks-system med avgrensa plass slik at om eit språk skal inn, så må eit anna ut. Men språkkunnskap aukar språkkunnskap, og tospråklege barn skjønner raskare korleis «det andre» språket fungerer.

Enklare å skrive bokmål?

Strømholm blandar også korta når ho skriv at det er «ikkje så naturleg for dei som kjem frå bygdene å skrive nynorsk lenger» og at elevar som har skifta til bokmål, svarer at «det er mykje enklare å skrive bokmål». Val av skriftspråk er eit spørsmål om kultur, ikkje natur. Forsking om språkskifte i skolen viser at mange elevar skiftar i det dei kjem i kraftig mindretal. Ved Ringerike vgs. er det sannsynlegvis eit fåtal nynorskelevar som startar i Vg1 kvar haust. Ein del av desse skiftar sikkert til bokmål – det er lettare å høyre til fleirtalet. Sjølvsagt er det i tillegg lettare å skrive bokmål. Det har lite å gjere med dialektutvikling, meir med at det meste i samfunnet blir skrive på bokmål. Eg vil tru at ein finn lite nynorsk også om ein ser på den samla språkbruken blant lærarane ved Ringerike vgs.

Val av skriftspråk er eit spørsmål om kultur, ikkje natur.

Eg har vore lektor på ein bokmålsskole sidan 1985, og eg har også ein god del erfaringar frå klasserommet: Først og fremst trur eg det er viktig å sjå nærmare på dei skoleprosjekta som bruker mykje nynorsk som svar på dårlege nynorskkunnskapar. Mengdetrening er langt viktigare enn «morosame» prosjekt.

Haldninga til nynorsk er i endring – vi ser det veldig tydeleg i Noregs Mållag, der vi i 2016 hadde det høgaste medlemstalet på 25 år.

Eit tospråkleg land

Ein annan premiss i kronikken er at nynorsken er på vikande front, og at dette er kunnskapar elevane ikkje kjem til å få bruk for i framtida. Men eigentleg er det slik at det aldri har vore produsert meir skriftleg nynorsk i landet enn nå. Sjå på næringslivet der alt frå store regionale verksemder som Dyrsku’n i Telemark til nasjonale og internasjonale bedrifter som Skogstad sport og Kleven verft bruker nynorsk. Haldninga til nynorsk er i endring – vi ser det veldig tydeleg i Noregs Mållag, der vi i 2016 hadde det høgaste medlemstalet på 25 år. Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

Den stadig aukande mobiliteten blant nordmenn er også ein god grunn til å ha så mykje nynorsk i bagasjen som mogleg. Elevane ved Ringerike vgs. kan vi gjerne finne att som lærar på ein barneskole på Stord, som rådmann i Ål kommune eller som kjøpmann i Sogndal. Der er nynorsk det vanlege språket.

I kronikken skriv Strømholm at når ein lærar som ho ikkje greier å lære elevane ordentleg nynorsk, så kan ein like godt late vere. Det synspunktet deler ikkje vi. Samtidig ser også Mållaget at sidemålsundervisninga ikkje er god nok i dag. Eg har stor tru på daglege nynorskbad både i og utanfor skolen, og at det kan vere eitt av fleire tilskot til ei betre sidemålsundervisning

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.


  1. Les også

    Noregs Mållag avslo hyggekveld med Riksmålsforbundet for ikke å bli "fly forbanna"

Les mer om

  1. Nynorsk
  2. Bokmål
  3. Språk

Flere artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Nynorskfaget må ut

  2. DEBATT
    Publisert:

    Vi kan kutte ned på rettebunkane. Men pass på nynorsken!

  3. SID
    Publisert:

    Sidemålskarakteren er der for å hjelpe oss

  4. DEBATT
    Publisert:

    Dagens kortinnlegg, 3. mai

  5. KULTUR
    Publisert:

    Googles nye skule-pc skapar nynorsktrøbbel: – Eg ser jo at resultata er gått ned

  6. SID
    Publisert:

    Svarer Dordi Lerum (17): Dei nye læreplanane lyftar sidemål