Solberg sjølv har gjort Hareide meir venstrevridd | Svein Tuastad

Under valgkampen i 2017 var statsminister Erna Solberg på besøk i Knut Arild Hareides barndomshjem på Bømlo. Siden har det politiske forholdet mellom dem kjølnet.

Om regjeringa til Solberg fell, har Solberg i ein viss forstand seg sjølv å takke.

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

I Aftenposten den 2. oktober har journalisten Solveig Ruud gått nøye gjennom ei rekkje saker for å sjå om KrF ligg nærare venstre- eller høgresida. Gjennomgangen hennar viser at konklusjonen til Hareide er ganske logisk.

På felt etter felt vil Hareide kunne forvente gjennomslag hjå Senterpartiet og Arbeidarpartiet. I dei sakene der det vert vanskeleg, vil KrF heller ikkje kunne forvente fleirtal med høgresida. Kanskje har ein del av KrF-motstanden mot venstresida meir å gjere med kulturell tradisjon enn politisk avstand.

Både ytterpunkt og midt i sentrum

Valforskinga har identifisert dei viktigaste dimensjonane som viser den politiske avstanden mellom partia sine veljarar. Tre dimensjonar er særleg interessante for KrF.

For det første samlar ein moralsk saksdimensjon opp saker med eit religiøst tilsnitt. KrF-veljarane skil seg meir ut på denne dimensjonen enn kva noko anna gruppe partiveljarar gjer, og det gjeld når vi samanliknar med alle dimensjonane. Det er elles ikkje noko mønster der partiveljarane på venstre- eller høgresida samla er nærare KrF-veljarane på den moralske dimensjonen. Mest like KrF sine veljarar er Senterparti-veljarane.

Les også

KrF-høvding: – Ser vi historisk på det, så har ingen angrepet kristenfolket mer enn Arbeiderpartiet.

Den viktigaste dimensjonen i norsk politikk er venstre-høgredimensjonen som fangar opp spørsmål om skatt, fordeling, privatisering og offentleg styring. Her er KrF verkeleg eit sentrumsparti med omsyn til kor veljarane plasserer seg. KrF-veljarane står midt mellom venstresida og høgresida. Også i dei andre skandinaviske landa ser vi at dei kristelegdemokratiske veljarane er sentrumsorienterte i denne typen spørsmål.

Velferdsstat og velferdssamfunn

KrFs nestleder Kjell Ingolf Ropstad

I debatten om KrF sitt vegval har fleire politikarar i partiet, som til dømes nestleiar Kjell Ingolf Ropstad og Hans Olav Syvertsen, peika på skiljet mellom velferdssamfunn og velferdsstat. Dei meiner at venstresida er for opptekne av at staten skal spele ei rolle.

Dette er eit underleg argument. Slik eg sjølv nylig var med på å vise, som medredaktør i ei ny bok om barne- og familiepolitikken (Barneomsorg på norsk, 2017), handlar dei norske velferdsstatsordningane om eit samspel mellom stat og familie, nettverk og organisasjonar.

Når til dømes KrF i sitt program i eldrepolitikken ønsker sterkare kommuneøkonomi og konkrete seniortiltak, er det ikkje i motsetnad til ei rolle for det offentlege. I røynda føreset KrF ein endå sterkare velferdsstat – fordi det svarer til nye utfordringar. Til dømes vil meir musikkterapi i eldreomsorga eller meir avlastning i heimen, som KrF tilrår i programmet, innebere meir velferdsstat.

Les også

Anstendighetens gjeter | Trine Eilertsen

Den største avstanden er til Frp

Den tredje dimensjonen gjeld innvandring og integrasjon, den viktigaste saka ved sist val slik dei første veljarrapportane viser. På dette feltet er KrF eit radikalt parti. Avstanden til venstrepartia er liten.

Frp er derimot på rakt motsett side av der KrF er. Det er interessant å observere parallellane til Sverige. Vanskane med å etablere eit ikkje-sosialistisk regjeringsfleirtal i svensk politikk skuldast at to av tre sentrumsparti ikkje aksepterer innvandringspolitikken til partiet lengst til høgre. Det gjeld jamvel om dei var i ein allianse med Høgre sitt søsterparti Moderaterna.

Fell for eige grep

I røynda er avstanden mellom partia mindre enn kva retorikken tilseier i innvandringsspørsmålet i Noreg. Men det symbolske nivået er viktig i politikken. Sentrale Frp-politikarar som Per Sandberg og Sylvi Listhaug har fleire gonger gått langt over grensa, slik Hareide opplevde det og gav beskjed om.

Les også

Erna Solberg: – Hareide karikerer høyresiden

Ved å unnlate å reagere tydelig tillét statsminister Erna Solberg sjølv at den symbolske grensa i innvandringspolitikken vart flytta lengre til høgre enn kva det parlamentariske grunnlaget tilsa. Hareide har såleis ikkje vorte meir radikal heilt på eiga hand, men som følgje av ein politisk dynamikk.
Om regjeringa til Solberg fell, har Solberg i ein viss forstand seg sjølv å takke.

Artikkelforfatteren har skrevet en avhandling der han blant annet analyserer Kristelig Folkeparti på Stortinget 1945-2005 i et ideologisk lys.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.