«Pilleskam» ut av proporsjonar

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Alle har ein meining om psykiatrien og korleis faget bør ytast.

Eg synst det er viktig å påpeike at Norsk psykiatrisk forening nemner alvorlege sjukdomar.

Som overlege på akuttpsykiatrisk mottak er det umogeleg ikkje å reagere på kommentarar til innlegget.

Forsking viser at alvorlege sinnslidingar har best effekt av medisinar, saman med samtaleterapi.

Psykosar, alvorlege depresjonar, mani. Korleis kan vi sikre adekvat, forsvarleg og ikkje minst etisk behandling utan medisinar? Vi veit at prognosen er betre med medisinar, og at tilbakefall kan reduserast.

Når fagfolk innanfor same felt er så ueinige, er det ikkje rart at befolkninga er skeptisk. Når Sigmund Karterud, professor i psykiatri, meiner psykiatrane slit med ein identitetskrise, vil eg ønskje han hjarteleg velkomen til mottaket!

Vi bør vere varsame med utsegnene våre.

Det er viktig ikkje å sjukeleggjere alle symptom. Men vi må få fram at medisinar har ei viktig rolle i behandling av alvorlege sjukdomar. Ikkje minst for å redusere valdsepisodar.

Fagfolk må jobbe med å redusere stigmaet rundt psykofarmakum!

Jeswanthiny P. Mayooran, overlege, AMC2, akuttpsykiatri