Debatt

Skrekkens tarmbakteriar | Simon Nitter Dankel

  • Simon Nitter Dankel, 1.amanuensis ernæringsfysiologi Universitetet i Bergen.

Halloween og krav om søtsaker trigger dei sukkerglade bakteriane i tarmfloraen, skriv ernæringsfysiolog Simon Nitter Dankel - med eit skeivt blikk ned i tarmen. Foto: Rolf Øhman / e-mail

I desse Halloween-tider spøkjer det for tarmfloraen vår. Nokre skumle, sukkerglade tarmbakteriar har fest.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Vi har om lag like mange mikrobar i tarmen som eigne celler i kroppen. Ein gjennomsnittsperson har om lag 39 tarmbakteriar og 30 trillion eigne celler. Ein tur på do kan riktig nok tippe det i favør eigne celler, men uansett, det reiser nokre interessante, til dels filosofiske spørsmål:
Er vi åleine om kroppen vår? Fleirtal eller ikkje, har tarmbakteriane noko dei skulle ha sagt om kva vi skal ete? Og kva bakteriar bør vi tillate opphald i dette tarmsamfunnet?

Søtsuget

Søtsuget vårt kan kome av masete, sukkerglade bakterietypar som har blitt for dominante. Dei ligg og latar seg der inne i tarmen, og treng knapt løfte ein flagelle for å sende ut nokre meldingar til hjernen vår, medan det er vi som må stresse rundt for å finne maten – for ikkje å nemne lage den og deretter ta oppvasken.

Simon Nitter Dankel Foto: e-mail

Med hersketeknikkar kveler desse bøllete mikrobane dei gode tarmbakteriane, som heller vil at vi skal ete grønsakene våre. Dei fis ut ufyselege avfallsstoff og skapar riktig så dårleg stemning, og dei får barna våre til å gjere det same. Gje oss sukker, ikkje salat!
Er vi kanskje eigentleg marionettar styrt av utspekulerte tarmbakteriar?

Mus med fedme

I ei tid der fedme og diabetes truar meir enn nokon gong, gjev vi godte-produsentane enda nye unnskyldningar til å spøke med helsa vår. Direkte skummelt. Og myndigheitene manglar knep mot alt dette fælslege knasket.
Når tarmflora frå ei mus med fedme og diabetes vert overført i tarmen til ei frisk mus, får den friske musa raskt diabetes. Ikkje meir skal til! Bestemte bakteriestammar får råde og bryt ned bakteriemangfaldet. Mangfald og motkrefter er viktig også for eit godt bakteriesamfunn i tarmen.

Må ta knep

Etter nedslag av kraftfulle sukkerbomber kan ei god førstehjelp vere matvarer med gunstige tarmbakteriar, deriblant ulike mjølkesyrebakteriar som i yoghurt (utan tilsatt sukker!). Når ein får for mange vonde bakteriar i tarmen, er beste strategi å overause dei med meir kjærlege bakteriar. Då blir dei kanskje gode dei òg, eller så får dei i det minste avsmak og peller seg ut i skrekk.
Men slepp vi med skrekken? Med dette kommersielle Halloween-køyret gjev vi barna våre signal om at det er heilt greitt å stappe i seg bøtter og spann av godsaker. Vi må ta knep!




Les mer i Aftenposten om Halloween og krav om godteri -

og tarmfloraen som blir plaget:

Politiet advarer mot hærverk.

Tarmbakteriene dine kan påvirke vekten din.

Tarmen er viktigere enn du tror.

80 - 90 prosent av maten i butikken kan gjøre deg syk.

Les mer om

  1. Diabetes
  2. Halloween
  3. Sukker

Flere artikler

  1. VITEN
    Publisert:

    Er tarmen den nye religionen?

  2. SPREK
    Publisert:

    Søker folk med fedme: – Det er et mål for oss å kunne hjelpe folk på lengre sikt

  3. FORELDRELIV
    Publisert:

    Syv av ti gravide må nå ta denne testen

  4. A-MAGASINET
    Publisert:

    Hva skjer når kroppen angriper seg selv?

  5. SPREK
    Publisert:

    Kan man bli avhengig av sukker? Annabell (53) mener hun var det. Slik ble hun kvitt søtsuget

  6. NORGE
    Publisert:

    Ved hjelp av hudcellene til Heidi er forskere nærmere en kur mot diabetes