Nei, Unge Venstre vart ikkje knebla | Joachim Laberg
At Unge Venstre ikkje får dele ut legalize it-materiell på skular, er ikkje «omfattande sensur».
Det å stogge utdeling av politisk kampanjemateriell er ikkje det same som å stogge politisk debatt. Det har korkje NRK, Dagbladet, Aftenposten eller kunnskapsministeren fått med seg.
Også på Nordahl Grieg vidaregåande skule fekk Unge Venstre beskjed om å droppe hasj-promoteringa si. Men under sjølve debatten var det ingen slike restriksjonar.
Det veit eg fordi det var mine elevar, i mine timar, som planla og gjennomførte debatten.
Likevel har det blitt skapt eit bilete av at Unge Venstre har blitt sensurerte i legaliseringsdebatten. Og då det vart kjend at ein skule i Tromsø forsøkte å fjerna plakaten til ungdomspartiet med makt, troppa kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) opp på Dagsrevyen og kritiserte skulen for å «kneble politiske standpunkt».
Aftenposten fronta mykje det same bodskapet på leiarplass dagen før, og no har òg Dagbladet kritisert hendinga med påstand om «omfattende og grov sensur».
Tre løgner
Poenget er ikkje dumt: ungdom skal læra om deliberasjon og demokratisk praksis også i skulen, og sensur er difor kontraproduktivt. Men er det verkeleg slik at Unge Venstre har blitt fråteke mogelegheita til å ytra seg?
Nei, så enkelt kan ein ikkje seie det. I alle høve ikkje utan å fortelje tre løgner:
Den eine er at ytringsfridomen er absolutt. Det er han ikkje.
Den andre er at sjølve skuledebatten vart sensurert. Det vart han ikkje.
Den tredje er at skulen skal tillate all politisk materiell. Det skal vi ikkje.
Vi tek det enklaste først.
Det å stå på stand og dele ut politisk valkampmateriell, er ikkje det same som å delta i debatt. Både tidspunktet, formatet, retorikken, publikum si rolle, og demokratisk legitimitet er annleis. Å legga restriksjonar på den fyrste av desse, er ikkje det same som å ta vekk mogelegheita for å ytra seg. Hevdar ein det, forenklar ein for mykje.
Erna Solberg reagerer mot skolens debattinngrep
Ytringsansvar og nabokjerringar
Og så skal vi hugsa at grunnen til at Unge Venstre ikkje fekk framføra bodskapen sin i sjølve debatten ved Brievang VGS ikkje var at skulen hindra dei. Nei, det var politikarane sjølve som boikotta debatten.
Dette er detaljar som er vesentlege å vite for å kunne vurdere om det er rett å karakterisere hendinga som eit åtak på ytringsfridomen. Dessutan:
Skal vi lære elevane å forstå demokrati og ytringsfridom, må vi også lære dei å forstå ytringsfridomen sine grenser.
Og ikkje berre dei grensene som jussen set. Sosiale normer og samfunnet sine verdiar er vel så relevant.
Ytringsansvar, digitale nabokjerringar, diverse opprop mot hatefulle ytringar, kritikken mot kvinnediskriminerande russelåtar, kampen mot kroppspress og ikkje minst Sylvi Listhaug sin avgang som justisminister, er alle døme på samfunnet på ulike måtar seier at ikkje alt er ok å ytra. Og då har eg ikkje ein gong nemnd vanleg folkeskikk.
Therese Sollien kommenterer: Listhaugs metode er oppbrukt
Kunnskapslaus kritikk
Vi kan godt problematisere hendinga. Det å gå inn og bestemma kva for valkampsmateriell som er ok og ikkje, gjer jo skulen sjølv til ein politisk aktør. Men skulen er ein slik aktør. Ikkje i partipolitisk forstand, men i den forstand at vi er forplikta til å operere innanfor eit politisk bestemt verdisyn og lovverk.
Ein kan gjerne meina at det er teit, men å forvente at skulen ikkje skal meine noko om kva som går føre seg på skulen sitt område er kunnskapslaust.
Og ja, det bra å vere kritisk til ulike åtak på ytringsfridomen, og det er riktig og viktig at avisene bryr seg i slike spørsmål. Men at Unge Venstre ikkje får dele ut legalize it-materiell på skular, gir ikkje grunn til å snakke storleikar som «knebling» og «omfattande sensur».