Debatt

Smittestopp-appen kan bli god butikk | Nils Norman Haukås

  • Nils Norman Haukås
    Utvikler i Netlife Design

For å få allmenn aksept for masseovervåkning må man tilsynelatende handle under en samfunnskrise, skriver innleggsforfatteren. Heiko Junge / NTB scanpix

Det me treng no, er ein nasjonal dugnad i kritisk tenking.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Eit av hovudargumenta til tilhengjarane av Smittestopp-appen er at det umogeleg kan vere verre enn kva Google og Apple koker opp, men kor skråsikre bør dei vere på dette?

I 2017 forsøkte Lysne II-utvalet, leia av professor Olav Lysne, å fremje eit system for masseovervaking av det norske folk kalla Digitalt grenseforsvar (DGF). Dette blei fordømt av eit samla fagmiljø, og no spørst det om dette forslaget til ny e-lov som opnar for DGF, vil bli vedtatt.

Men, korleis kan ein få allmenn aksept for masseovervaking? Tilsynelatande må ein visst vente på ei samfunnskrise og så sjå sitt snitt til å handle. Ifølgje Simula så var det dei som tok kontakt med Folkehelseinstituttet for å tilby sine tenester under denne krisen.

Les også

Venstres stortingsrepresentant nekter å installere myndighetenes smittesporingsapp nå: – Jeg er veldig bekymret

Ingen anbodsprosess

Folkehelseinstituttet (FHI) innrømmer sjølv at dei har hoppa bukk over ein offentleg anbodsprosess. Og ein skulle nesten tru at viss FHI berre gjentek orda «dårleg tid» og «nasjonal dugnad» nok gonger, så slepper dei å få Økokrim på døra. Men no kan FHI altså risikere eit klekkeleg gebyr.

Nils Norman Haukås er utvikler i Netlife Design.

Simula si prosjektgruppe bak Smittestopp blir no leia av professor Olav Lysne og researchprofessor Ahmed Elmokashfi. Etter å ha møtt kraftig motbør i 2017, tek no det norske folk og trykker koden deira til sitt bryst. No er det fritt fram for Simula å opparbeide seg salbar erfaring med masseovervaking og gjenbruksbar kode som er felttesta på ein ekte befolkning.

I 2018 omsette Simula Research Lab AS for litt over 175 millionar kroner. Og på Simula sine sider så kan ein lese at kjerneaktivitetane deira er forsking, utdanning og innovering gjennom 17 startups som dei huser i sin «Startup Garage».

Simula har sagt at dei ikkje ynskjer å tene pengar på lisensiering av Smittestopp til andre land. Men dei har ikkje sagt eit ord om mogeleg gjenbruk av Smittestopp-koden i andre appar.

Les også

Korona kan ikke bekjempes gjennom ukritisk teknologioptimisme | Ida Aalen

Overvaking er god butikk

Når støvet har lagt seg etter koronakrisen, så meiner eg at det er grunn til å tru at Simula vil prøve å tilverke Smittestopp-koden til andre formål. Eit godt døme på dette er Project Firefly, som ein Google- tilsett avslørte i 2018. Dette var Google sitt forsøk på å bygge masseovervaking inn i deira søkjemotorteknologi og selje det til Kina.

Etter krisa kan Simula til dømes finne på å halde ein intern hackathon med sine startups, der dei deler ut Smittestopp-kode på minnepinne for å sjå kva for nye appar dei kan lage. Det er i alle fall ingenting som stoppar dei frå å gjere det.

Overvaking er god butikk. I 2016 gjekk norsk politi til innkjøp av programvare for masseovervaking ved å inngå ein sjuårig kontrakt med Palantir på totalt 81 millionar. Året etter avslørte Aftenposten at tolletaten også inngjekk avtale med Palantir.

I praksis betyr dette at viss ein tilsett i norsk politi eller tollvesenet misliker deg sterkt nok, som ein politisk meiningsmotstandar, så kan dei gjere eit oppslag på deg i Palantir sine system og håpe at dei finn noko inkriminerande på deg. Det ville i så fall ikkje vere fyrste gongen at den norske stat har trøbbel med utru tenarar.

Ureglementert bruk av programvare

Staten søkjer stadig etter nye system for overvaking. No i mars måtte vår justisminister Monica Mæland svare for ureglementert bruk av programvare for anletsgjenkjenning, kalla Clearview AI. Det er no lovd ein juridisk avklaring, så det er ikkje sikkert at politiet får bruke Clearview AI, men kanskje dei kan kjøpe programvare frå Simula?

Dette kan bli starten på eit forretningseventyr for Simula og ein våt draum for regjeringa. Det er ein mager trøyst at Simula er eit statseigd aksjeselskap, så då kan me nyte ikkje berre overvaking på nye måtar i framtida, men også kapitalavkastninga.

Det me treng no, er ein nasjonal dugnad i kritisk tenking. Og eg vil at du skal vite, at viss du føljer råda om sosial distansering og fører ein liten logg på kven du omgåst, så kan du slette Smittestopp-appen med godt samvit.

  1. Les også

    Vi må velge mellom pest og kolera. Appen Smittestopp kan være en middelvei. | Adele Mestad og Alf Butenschøn Skre

  2. Les også

    De har testet smitteappene. Her er erfaringene fra resten av verden.

  3. Les også

    En omstart for Smittestopp? | Jørgen Dalen og Yiting Xue

  • Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.

Les mer om

  1. Koronaviruset
  2. Smittestopp
  3. App
  4. Programvare
  5. Folkehelseinstituttet
  6. Monica Mæland
  7. Palantir

Koronaviruset

  1. NORGE

    Vil starte forsøk med blodplasmabehandling mot covid-19 i Norge

  2. OSLOBY

    Raymond Johansen er skuffet over Oslo-folk i kollektivtrafikken. – Jeg kan ikke begripe at de ikke bruker munnbind

  3. NORGE

    Klarer Oslo det Europas storbyer ikke makter? Nå flater smitteveksten ut også i Oslo.

  4. NORGE

    Regjeringen vraket ekspertenes råd. Hytteeiere fortviler: – Provoserende.

  5. NORGE

    De er trent opp til å snuse seg frem til covid-19. Nå er hundene i gang på flyplassen.

  6. NORGE

    Dødstallene i Europa skyter i været. Oslo kan avgjøre om det samme skjer i Norge.