Debatt

Bibliotek treng e-bøker

  • Mariann Schjeide

Vi har no kome i gang med e-bokutlån så godt som overalt i landet. Biblioteka har inga interesse av å utkonkurrere kommersielle aktørar, skriv Mariann Schjeide. Foto: Strøm Trond J.

Det er for tidleg å slå fast at salet av e-bøker minkar når utlåna i biblioteka aukar.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Rekk opp handa alle som slutta å kjøpe bøker fordi dei får bøker på biblioteket. Ikkje det? Nei, det er fordi bibliotek skapar lesarar. Også for e-bøker.

I Kulturnytt i P2 30. mai seier Kristenn Einarsson at e-bokutlån må vurderast. Det lånast ut fleire e-bøker her til lands enn det selgjast. Det er ikkje teikn på underganga for norsk e-bokmarknad. Det er starten.

Mariann Schjeide

E-bøker er på full fart inn i biblioteka. Dei har lenge vore etterspurt av våre brukarar, og mange hadde vel rekna med at dei skulle få tilgang til lånte e-bøker tidlegare. For biblioteka har form alltid vore underordna innhald.

Eit språkpolitisk verkemiddel

Vi har no kome i gang med e-bokutlån så godt som overalt i landet. Biblioteka har inga interesse av å utkonkurrere kommersielle aktørar.

Biblioteka ønskjer å vise fram breidda i litteraturen. Vi ønskjer å sjå vidare og forbi Nesbø/Lindell/Ragde-triangelet. Ønskjer du å kjøpe ei bestemt bok i ein nettbokhandel, ja, så gjer du nettopp det. Vil du låne ei e-bok på biblioteket og det viser seg at ho er opptatt, leiter du etter noko anna å lese på nettbrettet.

E-bøker i biblioteket er eit viktig språkpolitisk verkemiddel. Lesande nordmenn har lenge kjøpt engelskspråklege e-bøker frå Amazon og andre med særs stort utval og enkelt brukargrensesnitt. Lån frå bibliotek og kjøp frå bokhandlarar utfyller kvarandre i bokmarknaden og det litterære krinsløpet. Det skal ikkje vere nokon forskjell no når innhaldet er det same, men forma elektronisk.

Det er for tidleg å slå fast at salet av e-bøker minkar når utlåna i biblioteka aukar. Både sal og utlån av e-bøker er framleis i startgropa, og det kan vere lurt å ha is i magen ei stund til.

No er om lag 70 lisensar fordelte på bibliotek av ulik størrelse rundt om i landet. Forsøket har vart i snart tre år. Norsk Bibliotekforening meiner at evalueringa må ta til snarast råd slik at vi kan få ei løysing på plass for heile landet frå januar 2015.

Biblioteka vil vere med

Biblioteka sin lojalitet ligg hos lånarane. Etter biblioteklova skal vi drive aktiv formidling, og for bibliotekarar er det altså likegyldig kva for ein form litteraturen kjem i. For 25 år sidan fekk vi høyre at ved å ta inn VHS-filmar gjekk vi videobransjen i næringa, sjølv om vi sa at vi hadde filmar som ein ikkje ville finne i den mest velassorterte videosjappa.

I dag har biblioteka mellom anna lydbøker, DVD, dataspel og spelkonsollar og mikrofilm. E-bøker er det neste steget for oss. Og vi er så ubeskjedne at vi veit at vi har ei viktig rolle som uavhengig aktør i det litterære krinsløpet.

Eg er overtydd om at alle vil finne e-bøker både på biblioteket og hos nettbokhandelen. Den eine aktøren drar den andre med seg. Norsk Bibliotekforening vil vere med på å finne langsiktige løysingar som tener både lesaren og bokbransjen.

Les mer om

  1. Debatt