Debatt

Vi som ler av Sverige | Sveinung Rotevatn

  • Sveinung Rotevatn
Svenskane måtte seie stopp til asylstraumen. Talet på flyktningar vart uhandterleg då andre land stramma inn. Men dei forsøkte i det minste, skriv artikkelforfattaren. Biletet viser eit barn som reddast ombord på norske «Siem Pilot».

Mens born framleis druknar på veg over Middelhavet, sit vi og ler av svenskane fordi dei var dei siste til å smelle igjen døra.

Debatt
Dette er et debattinnlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Skadefryden blant norske debattantar over Sveriges kapitulasjon mot asylpresset har vore på høgde med ein spurtsiger i Ski-VM. I mellomtida held born fram med å drukne i Middelhavet.

afp000642342_doc6d69ag3sgys1avsgo56d.jpg

Slik alle veslebrødre elskar å slå storebror, elskar vi nordmenn å slå svenskane. Mindreverdskomplekset etter eit knapt hundreår som juniorpartner i union, og eit hundreår etter det som tilskodar til verdssuksessar som Volvo, ABBA og IKEA, har gjort at kvar einaste siger mot storebror må dyrkast. Å vinne VM-gull i stafett er stort. Å sjå Jörgen Brink gå på ein smell på siste etappe gjer det minneverdig.

Det svenske systemet klarte ikkje meir

No har Sverige igjen tatt ein Brink. Denne gongen på asylfeltet. Landet som så lenge låg i leiarposisjon, og så seg sjølve som eit humanismens og liberalismens fyrtårn i eit bekmørkt Europa, har måtte innføre grensekontrollar. Systemet klarte ikkje meir, mottaksapparatet hadde ikkje fleire ressursar, asylantane vart for mange.

Dei måtte sei stopp ein gong

Norske samfunnsdebattantar på den innvandringskritiske høgresida har fryda seg. Rekka av kronikkar, debattar og statusar i sosiale media om «naive Sverige» har vore endelaus. «Kva var det vi sa»? er gjennomgangstonen. «Omsider har Sverige vakna opp», er den skadefro konklusjonen.

I eit EU med opne grenser og fri ferdsel, kan ikkje kvart einaste land lene seg på at dei andre skal ta ansvar.

Javel. Det måtte seie stopp ein gong. Eit land kan ta imot mange, men på eit tidspunkt blir det rett og slett meir krevjande enn systemet er rigga for. Sverige vart tvungne til å stramme inn. Men flukta til Europa held fram. Born druknar framleis på veg over Middelhavet. Og her sit vi og ler av svenskane fordi dei var dei siste til å smelle igjen døra.

Ja, det var kanskje naivt med ein open dør-politikk

Ja, det kom eit uhandterleg tal på flyktningar til Sverige. Og så lenge andre land stramma inn, var det kanskje naivt av svenskane å føre ein open dør-politikk. Men her er vi ved poenget: I eit EU med opne grenser og fri ferdsel, kan ikkje kvart einaste land lene seg på at dei andre skal ta ansvar. Landa i Europa må ta ansvar saman.

I staden for eit felles system, har vi endt opp med ein situasjon der populistiske politikarar, særleg i Sentral-Europa, spelar på framandfrykt og skyv menneske på flukt over til naboen.

I fjor vart det levert 1.221.855 asylsøknadar i EU, eit år med ekstraordinært mange flyktningar. Land som Sverige og Tyskland tok imot brorparten. Medan land som Tsjekkia, Portugal og Island knapt tar imot ein einaste asylant.

Vi treng ikke le av at dei forsøkte

Dersom vi tar utgangspunkt i asylsøknadane i fjor, og fordeler dei mellom land etter folketal, ville Noreg tatt ansvar for om lag 12.000, Tyskland for nesten 200.000 og Sverige for om lag 24.000. Dette er «normaltal» som er fullt ut handterbare, ikkje minst i lys av at mange søknadar ikkje vil bli innfridd. Sjølv om ein også justerer fordelingsnøkkelen etter kor rike landa er, vil det framleis vere tale om ein handterbar situasjon.

I staden for eit felles system, har vi endt opp med ein situasjon der populistiske politikarar, særleg i Sentral-Europa, spelar på framandfrykt og skyv menneske på flukt over til naboen. Dette har medført at nokre få land, som Sverige, har tatt eit ekstraordinært ansvar på vegner av alle andre. Heilt til det ikkje gjekk lenger, og systemet kollapsa. Det måtte kanskje skje. Men vi treng ikkje le av at dei i det minste forsøkte.

Twitter: @Rotevatn

Si din mening og få med deg de viktigste og beste debattene — følg Aftenposten meninger på Facebook og Twitter


Her er flere saker om Sveriges håndtering av asyltilstrømmingen:

Les også

  1. SISTE: Sverige regner med rundt 100.000 asylsøkere i år

  2. Ingen bruker større andel av landets inntekter på flyktninger enn Sverige

  3. Svensk avis: Sverige planlegger å sende ut opp mot 80.000 asylsøkere

  4. Svenske kommuner knelte på grunn av flyktningkrisen. Regjeringen tok det ikke på alvor.

  5. Færre asylsøkere til Sverige

  6. I Malmö er asylkrisen så prekær at selv flyktningene mener det er nok

  7. Sverige tok imot 150.000 asylsøkere. Så ble dørene stengt.

Les mer om

  1. Debatt
  2. Asylpolitikk
  3. Asylsøkere
  4. Asyl
  5. Sverige
  6. Flyktninger