Meninger

Snevert syn på religionsfaget

  • Hallgeir Elstad

Viktig rolle. Det er viktig å kjenne til forskjellige religionar for å kunne forstå det som skjer i verda.

Religion bør bli historie, skriv førsteamanuensis ved BI, Espen Andersen, i ein kronikk i Aftenposten 8. januar. Han argumenterer for at religionsfaget i skolen bør splittast: etikkdelen bør over i samfunnsfaga og religionsdelen bør inn i eit utvida historiefag. Slik går han inn for at religionsfaget, bokstavleg tala, blir historie i norsk skole.

Eit slikt forslag er det sjølvsagt mogleg å diskutere – sjølv om eg for min del meiner det er eit dårleg forslag (det har vore framsett ved fleire høve tidlegare). Det kan vere grunn til å sjå nærare på argumentasjonen som byggjer opp under framlegget. Andersen gjer seg til talsmann for ein primitiv religionskritikk. Religion er ulike former eventyr og har ingenting med fakta og vitskap å gjere. Det er påfallande at hans gjer eigne subjektive haldningar til religion som målestokk for fagkritikk. Andersens argumentasjon speglar eit snevert og ikkje vitskapeleg syn på religion.

Religionsfaget i skolen byggjer sjølvsagt på vitskaplege fagdisiplinar på linje med andre skolefag, til dømes samfunnsfag og historie som er dei to faga Andersen meiner skal ta opp i seg dagens religionsfag. Ved universitet og høgskolar fins religionsvitskap og teologi (kristendomskunnskap) som eigne fag. Å påstå at dette ikkje er vitskaplege fag, eller at det ikkje er mogleg å forhalde seg til religion vitskapleg, treng ein langt betre argumentasjon enn det Andersen her leverer.

Andersens argumentasjon er tufta på ei svært naiv rasjonalitetsforståing. Fordi religion er eventyr, har det ikkje noko med vår "virkelighet", som han seier, å gjere. Men dei som opplever at religion i høgste grad er "virkelighet", vil protestere mot ei slik framstilling. Det er altså ikkje slik at religion er relevant å studere berre som eit historisk fenomen (i historiefaget). Religion er sjølvsagt òg eit aktuelt fenomen – og kan og må studerast òg som det. Vi snakkar i vår tid om religionens attendekomst i dei vestlege samfunna. Religion er ein del av allmenta og det offentlege ordskriftet på ein måte som var utenkjeleg for berre nokre tiår sidan. Ein må kjenne til religion for i det heile teke å kjenne til menneskes tenke— og handlingsmåte – i dag. Det er berre å sjå seg rundt i verda, så ser ein kor viktig det faktisk er å kjenne til forskjellige religionar for å kunne forstå det som skjer.

Difor bør ein ikkje bagatellisere religionen si samfunnsrolle. Det er for enkelt å seie at religion er noko som skjer innanfor dei ulike trussamfunn, i kyrkjer og moskear. Ein slik freistnad på å "privatisere" religion, samsvarar ikkje med den rolle religion faktisk har i vår tid. Noreg har i aukande grad vorte eit religiøst pluralistisk samfunn. Viktigare enn nokon gong er det å kjenne til forskjellige religionar og livssyn. Denne kunnskapen er avgjerande for å kunne leve saman i forståing og toleranse i eit pluralistisk samfunn. Her handlar det ikkje berre om "religionsdelen" i faget, men like mykje "etikkdelen". Andersen gløymer ein viktig ting, og det er korleis etikken har vore og er ein sentral del av religionane. Å kople etikken fri frå religion på den måten han foreslår, er ein konstruksjon som ikkje utan vidare samsvarar med "virkeligheten".

  1. Les også

    Religion bør bli historie

  2. Les også

    I kompromissets favn

  3. Les også

    «Jøder og muslimer må ikke tåles»

Relevante artikler

  1. MENINGER

    Monarki på museum

  2. MENINGER

    Til ære for norske jøder

  3. MENINGER

    Kulturuke!Ulturkeku!

  4. MENINGER

    Kan gnister bli flammer?

  5. MENINGER

    Lord Laks

  6. MENINGER

    Det beste av det neste