Då eg la livet mitt i hendene på ein handspåleggar | Åshild Ulstrup
Me veit alle at alderdomen kan vera hard og vond, men mange med meg, vil eg hevda, har fått kjenna på gleda ved å få vera gamal i uventa god form.
Eitt tema i det siste har vore alternativ behandling. Det får meg til å tenkja på handspåleggaren også eg ein gong la livet mitt i hendene på.
På ei tid då alle rundt meg var sprell levande – og la spennande planar for framtida, var eg småbarnsmor og åleine om tankane som ikkje nådde lenger enn til gravferda mi like framom.
Eg vart tidleg kjend med smertene og dødsangsten. Og eg kjenner einsemda – i dei lange dagane i uro og heimlengt på eit loftsrom i Danmark.
Etter min andre barnefødsel fekk eg eit trykk i brystet som berre ga seg når eg kvilde eller putta ein nitroglyserin under tunga, tabletten som opnar blodårane. Heile året før hadde eg gått med ein puls på 130. Nå våga ikkje legen min å ta vare på meg lenger, men sende meg til ein kjend hjartespesialist.
Frå då av endra livet seg
Eg var 26 år og gjekk heim med diagnosen «angina pectoris».
Frå då av endra livet seg.
Dagboka frå den 25. mai 1959 fortel korleis det kjendest:
Eg veit det finns ei sol – eg ser det på smilande andlet og glade barneaugo.
Men eg kjenner ikkje lenger varmen frå henne. Eg som for litt sidan bada meg i ljoset ho stråla utover livet mitt og jorda. For berre litt sidan -
Eg såg på borna mine, babyen eg nett hadde født og på sonen min på snart fire. Kor lenge fekk dei ha mor si?
Handspålegging
Eg hadde høg kolesterol og las alt eg kunne koma over om hjartesjukdom. Både foreldra og besteforeldra mine levde, tanter og onklar. Ingen i familien var plaga av hjarta.
I 1960 var det ingen medisin for tilstanden. Men kosthaldet hadde kome i fokus – og var om lag det same som det reklamerast for i dag: Umetta fett (soyaolje den gongen), feit fisk, magert kjøt og pålegg, grønsaker og heilgrovt brød utan smør, to egg i veka, tran og skumma mjølk.
Og då som nå var det også hjelparar som baud på alternativ behandling. Ei kvinne i utkanten av Oslo tok imot sjuke i siste fase – og der, i kjellaren mellom magre kroppar og sjuke blikk – sat også eg.
Etter nokre dagar med handspålegging, ga hjelparen meg adressa til ein yogi i Danmark.
Yogi med elektrisk børste
Eg som nå klamra meg til kvart halmstrå, fekk ordna med eit lite loftsrom på Gentofte hotell.
Veka etter var eg hos yogien som stadfesta at det var alvor. Men for å få meg frisk, måtte eg rekna med å vera i Danmark dei neste seks månader, meinte han.
Dagen etter låg eg i ein ring på golvet i ein villa på Gentofte ilag med andre pasientar – mens yogien gjekk over hovuda våre, først med ein elektrisk børste - deretter med hendene sine. Ein time etter gav me han kvar vår ti-kronar og såg på kvarandre. Det såg ikkje bra ut for nokon!
Eg var omgjeven av døden
Det tok ikkje lang tid før eg skjøna at eg var omgjeven av døden. Den eine etter den andre fall frå – mens nye håpeful overtok plassen i ringen.
Då var det at angsten kom smygande – og sterke smerter i hovudet. Men vona om å bli frisk, saman med viljen, fekk meg til å halda ut einsemda i dei lange dagane og nettene til jul.
Då eg eit halvt år etter sa farvel til handspåleggaren, var det berre ein skåning med diabetes og eg som hadde kome frå det med livet.
For skåningen var ikkje reisa heilt fånyttes. På skallen hans som var hårlaus då han kom, grodde det nytt hår.
Det var symjing som hjalp
For meg var det fjorten dagars symjing i lunka vatn som fekk taket i brystet til å sleppa. Då var det gått 18 år. Eg var blitt 43 og fekk tilbake ljoset i augo, sa folk – som ikkje visste så mykje om lidinga mi. Diagnosen endra seg til «kronisk krampe i blodårane.»
Mens hjarta sjølv leika seg vidare. I periodar ga det meg ein puls på 190 som varde i 5-6 minuttar og plaga meg i årevis. For kor kunne eg leggja meg mens det stod på?
Nå sit eg her, 83 år gamal - utan smerter.
Ein gong hjarta flagra med ulik rytme, låg eg i ei moltemyr under blå hausthimmel. Skulle eg døy nå, tenkte eg, kunne det ikkje vera finare plass å sei farvel på. Heilt til eg var 70 år, kom desse anfalla.
Og korleis gjekk det med hovudpina som eg tok sterke tablettar for til eg var 69 år? Den vart heilt borte etter at eg hadde fått kvitta meg med ein stygg, men vanleg magebakterie.
Nå sit eg her, 83 år gamal - utan smerter.
Gleda ved å få vera gamal
Gjennom alle desse åra eg har hatt alderdomen som hovud- og yndlingstema i yrket mitt, og har fått erfara at eventyret i livet verken tel rynker eller år.
Om me er 30, 60 eller 100, lever me stadig i vårt eige indre liv – og er den same guten og jenta.
Me veit alle at alderdomen kan vera hard og vond, men mange med meg, vil eg hevda, har fått kjenna på gleda ved å få vera gamal i uventa god form. Det meiner eg er viktig å formidla til desse som får kriser for kvart einaste år dei fyller som går mot denne siste fasen av livet.
For nokon av oss har det finaste i livet skjedd nettopp nå!
Mitt unge liv hadde sjølvsagt vore betre om eg hadde vore like smertefri som i alderdomen. Men i ettertid ser eg òg kor bra det har vore i mine møte med gamle – så tidleg å ha fått kjenna på både einsemda, smertene og dødsangsten.
Interessert i å lese mer om alternativ behandling?
- Selv uten bevis for at det virker: Nesten halvparten av oss oppsøker alternativ behandling
- Alternativ behandling: Du blir faktisk bedre om du tror du får hjelp
- Ingeborg Senneset: Ja, kreftrådene dine er helt sikkert velmente. Men slutt å slite ut pasienter med dem
Eller kanskje du heller vil lese om aldring og helse:
- Alderdommen: Bedre enn sitt rykte
- Ny studie: Antyder at aldring kan bremses
- Forskning: Gangfarten avslører eldres helse
Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.