Innvandring aukar innovasjonsevna
Arbeidsplassar med kulturelt mangfald er meir innovative grunna nye perspektiv og nye måtar å løyse utfordringar på.
Nedturen i oljesektoren har forsterka behovet for omstilling i den norske økonomien. Til no har over 30 000 oljejobbar forsvunne, og stadig fleire trur at Noreg må førebu seg på ei framtid med færre sysselsette i oljenæringa.
Samstundes aukar talet på innvandrarar. Om lag 1/6 av den norske folkemengda er innvandrarar, og om lag halvparten av dei som kom til Noreg i fjor, kom grunna arbeid.
Nokre hevdar innvandringa vil øydelegge velferdsstaten og at dette kombinert med auka arbeidsløyse er ei tung bør å bere for det norske samfunn. Men kva om innvandring snarare kan medverke til å styrke evna til omstilling?
Omstilling føreset innovasjon
Det er brei semje om at omstilling krev innovasjon, og eit sentralt spørsmål er derfor korleis vi kan auke innovasjonsevna i norsk næringsliv. Mange forbind innovasjon mest med høgteknologiske næringar og høgkompetent arbeidskraft, men innovasjon er naudsynt i alle næringar.
Innovasjon er heller ikkje avgrensa til utviklingsavdelingar i verksemdene. I dei mest innovative verksemdene skjer innovasjon i stor grad «på golvet» gjennom medarbeidardriven og erfaringsbasert innovasjon.Kompetanse er sjølvsagt viktig for innovasjon, men innovasjon handlar òg mykje om nye samansetningar av kjend kunnskap – det Joseph Schumpeter kalla nye kombinasjonar.
Mangfald vert dermed viktig for innovasjon. Forsking syner at meir mangfaldige arbeidslag løyser utfordringar betre enn meir homogene lag, sjølv om dei siste har høgare utdanning.
Produktiviteten aukar
Samstundes som politikken søker å styrke evna til innovasjon, prøver ein å stogge innvandringa. Det er openbart at innvandring til Noreg fører med seg ei rekke utfordringar, men samstundes finst det ei stor mengd forsking som synleggjer positive samanhengar mellom ein fleirkulturell arbeidsstokk og innovasjon.
Forsking frå USA syner at når fødelandsmangfaldet i ei verksemd vert større, aukar produktiviteten også mellom dei som allereie arbeidde der. Produktiviteten aukar òg når mangfaldet i regionen aukar. Dette er i stor grad knytt til auka innovasjonsevne, noko som kjem til syne mellom anna i at produktivitetsauken er størst i meir kunnskapsintensive yrke. Studiar frå Sverige, Danmark, Storbritannia, Nederland og Tyskland har kome til liknande resultat.
Ulike idear og ulike perspektiv
Kvifor skulle det vere ein samanheng mellom fleirkulturelle verksemder og innovasjon? Eitt svar er nettopp at innovasjon krev nye kombinasjonar og derfor kan vere eit resultat av møter mellom menneske med ulike idear og ulike perspektiv.
Det vert for enkelt å seie at ulik landbakgrunn i seg sjølv gir andre måtar å sjå verda på. Utanlandske arbeidstakarar har likevel med seg ei anna kulturell bakgrunn og andre erfaringar enn norske kollegaer.
Mange innvandrarar utan formell utdanning har idear, erfaringar og nettverk som kan vere nyttige for verksemdene
Menneske med ulik bakgrunn ser verda ulikt, fortolkar verda ulikt, reagerer ulikt og løyser utfordringar ulikt.
Samstundes er dei heterogene og tek med seg arbeidserfaring, utdanningsbakgrunn, kultur, alder, kjønn og så bortetter, som òg vil påverke korleis dei ser verda. Mangfald har dermed fleire dimensjonar, og fødelandsmangfald er berre éin av desse.
Samarbeider breiare
Eitt anna svar, som er meir direkte knytt til fødelandsmangfald, er at utanlandske arbeidarar ofte har andre nettverk enn norske. Innovasjon er i aukande grad eit resultat av samarbeid i breie nettverk og ikkje lenger noko som hovudsakleg skjer internt i verksemdene.
I ein nyleg publisert studie spurte vi leiarane av i overkant 500 verksemder i heile Noreg om korleis og med kven dei samarbeider i innovasjonsprosessar.
Studien syner at dei verksemdene som har utanlandske tilsette samarbeider breiare med internasjonale partnarar. Dette heng i sin tur saman med meir produktinnovasjon.
Dette gjeld særleg for verksemdene med utanlandske tilsette med høgare utdanning. Noreg er eit lite land med verksemder som er avhengige av å samarbeide i ei verd med stort mangfald.
Det å vere til stades på internasjonale marknader fordrar mangfald i den marknadsspesifikke kunnskapen i verksemda og somme utanlandske medarbeidarar har andre sosiale og profesjonelle nettverk som kan hjelpe verksemda å hente inn ekstern kunnskap.
Innvandrarane må integrerast
Samanhengen mellom innovasjon og kulturelt mangfald som er påvist i empirisk forsking, kjem likevel ikkje av seg sjølv. Innvandrarane må integrerast i det norske samfunnet om dei skal kunne medverke til innovasjon.
Dei positive effektane av utanlandsk arbeidskraft avheng av at verksemdene ser og dreg nytte av dei ressursane som innvandrarane rår over. Dette gjeld ikkje berre for dei med høg utdanning.
Mange innvandrarar utan formell utdanning har idear, erfaringar og nettverk som kan vere nyttige for verksemdene.
Utanlandske arbeidstakarar har ofte meir framand utdanning og erfaringsbakgrunn, som kan bli nedvurdert av verksemdene. Dette gjer at utanlandsk arbeidskraft stundom vert plassert i lågare stillingar enn kompetansen deira tilseier.
Om utanlandske arbeidstakarar ikkje kjem i posisjonar der dei faktisk kan medverke til strategisk eller innovasjonsretta arbeid i verksemda, vil verksemda heller ikkje nyte godt av korkje perspektiva eller nettverka deira.
Kanskje er dette òg ei årsak til at fleirkulturelle verksemder innoverer meir – at dei er flinkare til å finne den beste kompetansen, uavhengig av bakgrunn.
Sterkare saman
Auka arbeidsløyse krev omstilling og innovasjon, noko som fordrar at vi må tenkje nytt og annleis. I staden for å true velferdsstaten og gjere omstillinga tyngre, kan innvandringa medverke til nye måtar å sjå verda på og til å gje verksemdene større internasjonale nettverk.
Dersom vi legg til rette for god utnytting av kompetansen til dei som kjem, kan innvandring auke innovasjonsevna og medverke til omstilling.
Les også:
Innovasjon har mye til felles med graffiti
Produktivitet er ikke så vanskelig. Det krever bare hardt og smart arbeid
Myten om den sultne gründeren
Få med deg debattene hos Aftenposten meninger påFacebookog Twitter.