Meninger

Språket og demokratiet

  • Audun Lysbakken

I anledning Ivar Aasens 200-årsdag skriver SV-leder Audun Lysbakken om hvordan Norge trengte et norsk språk som erstatning for dansken unionstiden hadde ført med seg. Foto: Scanpix

Elska og hata har den språklege arven etter Ivar Aasen gjeve nordmenn eit heilt nytt register å uttrykkje seg på

Ivar Aasen er ein av landets mest kjende menn. Ei undersøking frå januar syner at 98 % av alle nordmenn veit kven Ivar Aasen er – det er langt fleire enn talet på kven som veit namnet på statsministeren i Noreg. Det er ikkje utan grunn. Aasen skapte ein språkleg heim der hundretusenvis av nordmenn flytta inn. I dag kan vi seie: Takk, Ivar Aasen!

I kamptalen Om Vort Skriftsprog skreiv 23 år gamle Ivar Aasen at Noreg trengte eit norsk språk til erstatning for dansken unionstida hadde ført med seg. At eit fritt folk skulle kunne uttrykkje seg påeit fritt språk, var ein rådande idé for både Aasen og andre ideologar på1800-talet. Då ingen andre tok på seg oppgåva, gjorde Aasen som mange andre sunnmøringar: Han blei gründer og gjorde jobben sjølv. Resultatet – landsmålet og seinare nynorsken – har forandra landet vårt for alltid. Elska og hata har den språklege arven etter Ivar Aasen gjeve nordmenn eit heilt nytt register å uttrykkje seg på

Audun Lysbakken, leder i SV Foto: Larsen, Håkon Mosvold

På parti med språket

Då dagens SV blei stifta på samlingskongressen i Trondheim i 1975, var det under parolen «Sosialisme i Noreg». Det seier litt om kva rolle målsaka har spelt i SV heilt frå starten – og resultata etter åtte i regjering bør tale sitt tydelege språk om at SV veit kor vi høyrer heime. Vi er på parti med norsk språk.

SV har levert på utdanningsfeltet, og sikra at Ivar Aasens verk framleis skal ha gode vekstvilkår både som hovud— og sidemål. Skal nynorsk og bokmål båe vere samfunnsberande språk, må nordmenn flest kjenne båe språk. Med SV i regjering har nynorskinstitusjonar fått langt betre rammevilkår enn før. Og gjennom ei storsatsing på kommuneøkonomi har folketalet auka i særs mange nynorskkommunar. Eit avgjerande vilkår for nynorsken er at det blir ført ein politikk som gjer at folk vil bu i dei nynorske kjerneområda. SV fører ein slik politikk.

Meir makt til fleire

Det er lett å tenkje at ein dag som denne er fullstendig upolitisk, og at han fyrst og fremst handlar om å feire ein av nasjonens store menn. Det er feil. Historia om Ivar Aasen og målsaka er i heile sin natur politisk – det var eit oppgjer med dei rådande samfunnstrukturane som fekk Ivar Aasen til å ta affære. Difor er den beste bursdagsgåva på ein dag som denne eit løfte om å vidareføre denne kampen.

Prosjektet til Ivar Aasen handla om å gje meir makt til fleire. Alle skulle få snakke og skrive eit språk som var deira eige, og ingen skulle vere hindra frå å delta i samfunnsordskiftet på grunn av språket sitt. Dette prosjektet trengst like mykje i dag.

Altfor mange nordmenn opplever å ikkje bli verdsett for den språklege kunnskapen dei sit på

Det maktspråket Ivar Aasen kjempa mot, lever framleis i Noreg i dag. Dei fleste av oss har opplevd å motta brev frå det offentlege og vore usikker på kva som var meiningsinnhaldet. Gjennom Klarspråk-prosjektet har mange offentlege etatar blitt betre til å bruke god og tydeleg norsk når dei vender seg til publikum, men her har vi ein lang veg å gå. Ingen skal kjenne seg mindreverdig i møte med det offentlege – alle skal oppleve å få god og forståeleg hjelp.

Språkkunnskap er verdifullt

Altfor mange nordmenn opplever å ikkje bli verdsett for den språklege kunnskapen dei sit på. På den eine sida manglar næringslivet og det offentlege medarbeidarar med fleirspråkleg kompetanse, på den andre sida tilbyd altfor mange kommunar berre eit minimum av morsmålsopplæring. Morsmålsopplæring bør ikkje berre vere eit instrument for å lære folk norsk, det bør vere ei opplæring som tek sikte på å skaffe Noreg nok folk med god kompetanse i to eller fleire språk. Språkkunnskap er verdifullt. Den verdien må me ta betre vare på i framtida.

Det er ikkje berre nyare minoritetsspråk som blir sett ned på i Noreg: Den siste tida har vi sett fleire døme på at samisktalande blir hetsa og trakkaserte forat dei bruker samisk. Det er heilt uhaldbart. Det er viktig at heile det norske samfunnet bryr seg om dette, ikkje berre samiske miljø. Når samiskspråkleg ungdom er redde for å ytre seg på morsmålet sitt, er det eit problem for oss alle.

Les også

Vi må auke respekten for verdien av nynorsk

Ei framtid med nynorsk

Det er ikkje mogleg å tenkje seg eit eittspråkleg Noreg. Den gamle ideen om «eitt land – eitt folk – eitt språk» er fordufta som troll for sola, og godt er det. Vi har framleis ein lang veg å gå før vi som samfunn fullt ut klarer å ta inn over oss den rikdomen vi har gjennom to likestilte skriftspråk, urfolksspråket samisk, dei tre nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, det offisielle språket norsk teiknspråk, den store dialektrikdomen og fleire hundre minoritetsspråk som har kome hit dei seinare tiåra. Målet for dei neste 200 åra må vere at ideane til Ivar Aasen kan leve vidare i kampen for eit samfunn som er endå meir språkleg tolerant enn i dag, og der kvar og ein av oss opplever å bli verdsett for den språklege ballasten vi har. Til lukke med dagen!

Relevante artikler

  1. DEBATT
    Publisert:

    Nynorskfaget må ut

  2. KOMMENTAR
    Publisert:

    Nynorsken har sigra

  3. DEBATT
    Publisert:

    Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

  4. MENINGER
    Publisert:

    Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?

  5. FOTBALL
    Publisert:

    «Kaos» trivst godt i Hødd

  6. SPORT
    Publisert:

    Kjempa om hoppvekesigeren i fjor - nå fryktar han for VM-plassen: – Er så flau over det eg presterer