Meninger

Lurt av systemet

  • Anonym Kvinne

Eg kunne handtere novelletolkingar og skrive fantastiske essays, men å takle livet som svingar, utfordringane som oppstår i kvardagen, synet av meg sjølv i spegelen, det er noko heilt anna, skriv kronikkforfattaren. lllustrasjon: Arne Nøst

Korleis kunne eg vere så flink på skulen, men så dårleg til å leve?

Av og til er det lite som skal til for å setje i gang store prosessar. I dag var det ein song, «Stay High – Habits Remix» av Tove Lo. I morgon kan det vere noko heilt anna.

Alle kjenslene, eg må visst vere eit av dei «ekstra sensitive» menneska. Nervane ligg utanpå huda, eg får ikkje velje kva eg tar innover meg. Eg sug til meg alle inntrykk, gode og dårlege, samlar dei, festar dei i nervetrådane. Det flyg mellom synapsane, skyt inn i hovudet, eit nettverk av sensitivitet.

Maska er alltid på, men i sjelelivet svingar det enormt. Apati. Nummenheit. Tiltakslause. Brått svingar det opp, heilt på den andre sidan av skalaen. Angst. Smerte. Hysteri. All smerten. Det er så vidt eg orkar, eg klarer ikkje å tåle det meir. Eg har så vondt av alt. Så vondt av meg sjølv. Vrir meg i senga, tviheld på bamsen min. Kva er i vegen med meg? Kvifor gjer alt så vondt?

Det er eg som er vanskeleg

Når eg får kjempa meg ut av senga om morgonen, tar eg på meg det antrekket som høver best. Skal eg på jobb, må eg sminke meg. Skal eg på trening, hender det at eg ligg fleire timar i senga for å psyke meg opp på førehand. Av og til kjem eg ikkje ut av senga heller. Av og til utset eg å dusje fordi det er så strevsamt å vaske håret.

Det er ein haug med dårlege assosiasjonar i matbutikken, men det er ikkje maten sin feil.Å handle på butikken er noko av det verste eg veit, å gå mellom hyllene og sjå alt eg ikkje har lov til å ete. Dessutan har eg veldig dårleg råd, for eg jobbar berre deltid. Smalt mellom hyllene, folk som stressar. Lukta av rå fisk og synet av døde dyr som ligg i ferskvaredisken. Det er ein haug med dårlege assosiasjonar i matbutikken, men det er ikkje maten sin feil.

Det er eg som er vanskeleg. Å ete eller ikkje ete, riktig mat eller feil mat, alle kjenslene som oppstår i overflod eller askese – eg fiksar det ikkje. Det blir for mykje. Eg blir bombardert med fargar, lydar og rørsler heile dagen.

Lei, av meg sjølv

Eg er 23 år gammal. Har det meste på stell. Gjekk ut av vidaregåande med 5,7 i karaktersnitt. Har vore på folkehøgskule, tatt opp fag og jobba deltid i Bergen, gått eit år på medisin grunnfag i Oslo. No jobbar eg deltid på ein kafé. Hausten nærmar seg med stormskritt, eg har søkt gjennom samordna opptak. Likevel verkar det overambisiøst å starte på eit studie no.

Likt av familien, likt av vennene, likt av kollegaene. Likt av alle, stort sett. Unntatt meg sjølv. Det hjelper ikkje kva andre seier til meg, eg klarer ikkje å sjå det. Eg føler meg som ein illusjon, eit svakt menneske.

Likt av alle, stort sett. Unntatt meg sjølv.Midt oppi all denne sjølvrealiseringa blir eg så enormt lei, av meg sjølv, av alt og alle rundt meg. Eg er redd for å såre andre, så redd at eg lurer på om eg eiger integritet i et heile tatt – sidan eg bøyer meg sjølv bak-fram for å imøtekome dei rundt meg.

Det er mitt første instinkt å glede andre. «Eager to please.» Viss eg ikkje gjer noko for andre sin skuld, så veit eg ikkje heilt kva eg driver med.

Universitetet ventar på meg til hausten, eg kan kome inn på kva som helst. Presset utanfrå har vore så overbevisande at eg plutselig trudde at det var dette eg ville, sjølv om magekjensla tala imot. Eigentleg såg eg at det ikkje kom til å gå, likevel hadde eg tenkt til å begynne – berre for å tilfredsstille mine bekymra foreldre.

Ein kakafoni i hovudet

I fjor bestemte eg meg for å ta eit jobb-år for å finne ut kva eg ville. Forventninga om at det berre eit år seinare på magisk vis skulle ha blitt lettare, var ein søt fantasi.

Det er ikkje plass til noko som helst i hovudet mitt, det er ein kakafoni der allereie. Det er nok best å rydde litt, få kasta ut slitt møblement før ein begynner å redekorere og fylle på med ny kunnskap.

Eg har vore langt nede tidlegare. Den store depresjonssmellen kom da eg var 17 år. Likevel klarte eg å fullføre VGS, drog meg opp etter håret og tok førarkortet da eg var 20. Mitt inntrykk var at ting begynte å bli betre. Likevel kjem alltid depresjonen listande innpå meg igjen, ein ubeden gjest, eit sett tankemønster som er innprenta i meg. Ein skugge som gjer krav på meg, skrik i øyret mitt, får meg til å sovne medan eg er vaken og held meg vaken når eg vil sove.

Det kunne ha vore mat, det kunne ha vore alkohol, det kunne ha vore trening eller noko heilt anna. Noko som døyvar symptoma i augneblinken utan å gjere noko med årsaken bak.Det var noko eg aldri trudde eg kom til å gjere, men hausten 2013 sat eg plutseleg i saksa, ein smaklaus og bokstaveleg analogi.

Eg måtte berre sleppe det ut. All smerten, alt rotet, alt eg ikkje fekk til. Så mykje smerte, eg orka ikkje å bere på det, så eg slapp det ut. Kutta armen min.

Blodet smilte til meg. Eg smilte tilbake. Letta, dog skamfull. Det kunne ha vore mat, det kunne ha vore alkohol, det kunne ha vore trening eller noko heilt anna. Noko som døyvar symptoma i augneblinken utan å gjere noko med årsaken bak. Det legg opp til at du stadig må vende tilbake for å lette på smerten.

Er ikkje god nok

Dagane er lange og korte på same tid. Eg strekker ikkje til uansett kva eg gjer. Er ikkje god nok, føler meg stygg, sjølv om eg på eit rasjonelt plan veit at det ikkje er sant. Eg søv mykje, som om kroppen tar igjen for alle åra eg sov lite.

Åra eg slava over skulearbeidet. Timane som rasa forbi medan eg kjempa meg gjennom kilometer med vatn for å bli ein betre symjar. Dei evige, paniske tankestraumane som grensa til tvangstankar.

Viss eg ikkje gjer noko for andre sin skuld, så veit eg ikkje heilt kva eg driver med, skriv Anonym (23).

Noreg er eit vakkert og rikt land, eg har alle mogelegheiter og fordelar. Likevel er det så mykje støy. No er eg i starten av tjueåra, men somme gonger føler eg meg utlevd og utsliten som om kroppen og sinnet brått har eldast ein mannsalder.Livet er 10 prosent korleis du har det og 90 prosent korleis du tar det, seier dei.

Eg er så einig i teorien, men det er så ufatteleg vanskeleg i praksis. Eg trenger hjelp og no har eg fått det, likevel tar det så lang tid. Det blir verre, så utruleg mykje verre, når ein brått skal møte kjenslene ein har heldt på avstand med ritual og beinhard viljestyrke i over ti år.

Ikkje aleine, men enormt einsamt

Følelsane er ein tsunami. Uforventa og nådelaus veltar flodbølgja innover landskapet mitt, herjar med kvar einaste vesle del av kropp og sinn, får kroppen til å riste, tårene til å strøyme, pusten til å stoppe.

Eg er ikkje aleine. Eg trur det er mange som har det slik som eg. Likevel er det enormt einsamt, mest fordi ein isolerer seg sjølv. Det er ein del av depresjonen, ein del av sjølvhatet. Same kor mykje ein lengtar etter å bli tatt vare på, så regjerer den grunnleggande kjensla av at ein ikkje fortener omsorg og kjærleik.

Same kor mykje ein lengtar etter å bli tatt vare på, så regjerer den grunnleggande kjensla av at ein ikkje fortener omsorg og kjærleik.Eg forsøker å ta tyren ved horna. Problemet er berre at tyrehorna veks ut av mi eiga panne. Eg har lyst å gripe tak i dei, røske dei laus. Faktisk, så har eg mest lyst til å hive meg sjølv utfor kanten i same slengen. Det har vore mykje medieoppslag om sjølvmord i det siste. Eg inngår i kategorien som ikkje ønskjer å setje punktum, men som leikar med tanken på dagleg basis.

Eg er ikkje suicidal, eg har berre galgenhumoren som trengs for å minne meg sjølv på kor mykje eg faktisk vil leve.

I overkant tragisk

På ein dårleg dag kan det vere befriande å sjå for seg at ein skal kaste seg framfor trikken. Det første som stoppar meg er tanken på familien, venner og pårørande. Sannsynet for at eg kjem til å feile bremsar også iveren til å gjennomføre. Trikken køyrer sjeldan så fort at eg er garantert ein rask utgang, og tanken på å ha forsøkt sjølvmord men enda opp som invalid i staden for, blir i overkant tragisk.

Eg har ein draum om å bli forfattar. Trur eg. Det er sanneleg ikkje lett å vite kva ein vil og ikkje vil, når ein ikkje har kjent så mykje etter på det punktet. Ikkje har eg energi til å gjere noko heller, så korleis kan eg finne ut om det er riktig retning for meg eller ikkje?

Å takle livet

Ofte føler eg meg lurt av systemet. Korleis kunne eg vere så flink på skulen, men så dårleg til å leve? Eg kunne handtere novelletolkingar og skrive fantastiske essays, men å takle livet som svingar, utfordringane som oppstår i kvardagen, synet av meg sjølv i spegelen, det er noko heilt anna.

Det er ukonkret, diffust og det har ingen fasit. Denne sjølvforakta for alt eg er og ikkje er, kjenner ingen grenser. Kor er lærarane mine? Kven skal eg spørje når eg ikkje veit korleis eg skal løyse likningane i meg sjølv?

I dette samfunnet smittar vi kvarandre, ikkje berre med sladder og influensa, men med livssyn og korleis vi behandlar oss sjølve.Ein blir merkeleg sjølvsentrert når ein er misnøgd med seg sjølv. Det har hatt negative ringverknader at eg stadig har vore så hard mot meg sjølv. Det blir eit ideal eg presenterer for mine nærmaste, at ein må vere tynnare, sterkare, sunnare, smartare, snillare – helst alt på ein gong.

Slike krav har eg ikkje til andre, berre til meg sjølv, men ofte smittar det. I dette samfunnet smittar vi kvarandre, ikkje berre med sladder og influensa, men med livssyn og korleis vi behandlar oss sjølve.

Eit komplett menneske

Kvifor klarer eg ikkje å omfamne meg sjølv? Som eg er, med manglar og skavankar, eit komplett menneske? Eg berer på ein stor aggresjon ovanfor meg sjølv, sjølv om eg veit at eg ikkje har gjort noko gale.

For lenge sidan såg eg ein TED-talk på YouTube som gjorde inntrykk på meg. «The Paradox of Choice» av Barry Schwarts. Vi er omgitt av så mange mogelegheiter, så mange gode alternativ, så når spørsmålet blir stilt: «Kven sin skuld er det at eg ikkje lukkast?» så er svaret sjølvsagt: «Du». Det er din feil at du ikkje lukkast. Velferdssamfunnet har gitt deg alle alternativ, så når du ikkje oppnår resultatet du ønskjer, så er det din feil.

Velferdssamfunnet har gitt deg alle alternativ, så når du ikkje oppnår resultatet du ønskjer, så er det din feil.Det er den kjensla eg sit med. Eg strekker ikkje til, eg har tatt gal avgjerd, eg må ha gjort noko dumt for å ende i den situasjonen eg er i no. Sjølvsagt har ting skjedd, eg har blitt utsett for urettferdige handlingar og livet har ikkje alltid vore godt. Men er det ikkje slik for alle? Er det ikkje berre å gjere det beste ut av det og kome seg vidare?

Ein del av meg

Hadde eg visst korleis, så hadde eg valt å ikkje vere deprimert. Det er ingen som kuttar seg sjølv fordi dei likar det. Ingen vel å ha eit anstrengt forhold til mat og kropp. Angsten kjem fram når det passar minst, på jobb, på trening eller ut av ingenting. Hadde eg kunne sagt at dei grusame opplevinga frå fortida mi sat i vesletåa, så hadde eg kappa den av utan å nøle. Men slik er det ikkje. Og kven hadde eg vore forutan dei tøffe livserfaringane? Er ikkje vesletåa også ein del av meg?

Hadde eg kunne sagt at dei grusame opplevinga frå fortida mi sat i vesletåa, så hadde eg kappa den av utan å nøle.Eg forsøker å leve her og no, men det er eit halvhjarta forsøk, for eg veit kva som skjer dersom eg slepp taket. Kvar gong eg kjem «for tett» innpå meg sjølv, bryt eg saman.

Alternativet er å overleve. Ta på seg ei maske, unngå å kjenne så godt etter og leve eit halvt liv. Det er tungt og lite givande, men alternativet gjer meg fullstendig ute av drift, og det har eg ikkje råd til.

På NAV for første gong

Når eg møter jamngamle, vil dei vite med ein gong: «Kva driv du med? Jobbar du eller studerer du? Kva er planen din?» Presset er der, samanlikning av studiar, arbeid og jorda-rundt-reiser. Er du på veg nokon plass? Skal du ikkje bli noko?

Er du på veg nokon plass? Skal du ikkje bli noko?Det er skamfullt å ikkje kunne jobbe meir enn deltid. Førre veke var eg på NAV for første gong, det var mildt sagt ei milepæl i mitt liv.

Tør eg å seie det til nokon? Etter fleire månadar på låg lønn, hadde omsider sparekontoen skrumpa inn så mykje at det ikkje heldt til mat og husleige lenger. Det er klart det ikkje skal vere «komfortabelt» å gå på NAV.

Personleg sat det så langt inne at eg måtte bli overtalt av nære venner før eg innsåg realiteten. Stigmaet som er festa til det, ideen om at alle som går på NAV er late og berre treng eit spark i baken, er stor.

Kaffi på Instagram

Sosiale media gjer presset enda større og eg er ein del av det, legg ut bilete på Instagram om at eg drikk ein kopp kaffi før trening. Eg vil jo vere ein del av fellesskapen, vere som alle andre. Normal, funksjonell.

Fitnesstrenden er enorm. Som ei jente med eit vanskeleg forhold til kroppen sin, så får eg skjønnleiksidealet inn med teskei kva einaste dag via blogg, nettaviser og overhøyrte samtalar på trikken. Sprettrumpe og magemusklar. Springe intervallar, trene tunge knebøy, følgje med på trender, ha tapas-kveld med venninnene, kapre mannen i mitt liv, utdanne meg til noko heftig, vaske huset kvar torsdag og få opp sommargardinene på kjøkkenet.

Som ei jente med eit vanskeleg forhold til kroppen sin, så får eg skjønnleiksidealet inn med teskei kva einaste dag via blogg, nettaviser og overhøyrte samtalar på trikken.Hadde hovudet mitt vore like ryddig som Fotballfrue sitt, så hadde eg kanskje fått gjort like mykje som henne kvar einaste dag, men hjernen min er visst reine spikarsuppa i forhold. Eg trur det gjeld fleirtalet. «Not hating, just saying».

Det er klart eg les bloggen til Fotballfrue, ho må vere laga av stål for å tåle all kritikken ho får etter seg. Makan til produktiv dame! Tenk om psykiske lidingar hadde fått like mykje omtale som henne, da hadde kanskje tabuet vore mindre.

Aftenposten kjenner forfatterens identitet. Forfatterens psykolog har anbefalt at denne teksten publiseres anonymt.

  1. Les også

    Tragisk systemsvikt

  2. Les også

    Avsløringer som må få konsekvenser

  3. Les også

    Kim var 18 år og ville ha hjelp

  4. Les også

    Haagen Poppe (18) blottstilte egen pubertets ensomhet og mobbing

  5. Les også

    Flere dør av selvmord enn av krig og drap

  6. Les også

    Hummer og kanari om selvmord og selvskading

  7. Les også

    Trenger hjelp for å kunne hjelpe

  8. Les også

    Åpenhet i en digital tid

  9. Les også

    Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord

  10. Les også

    Jeg kunne vært et selvmordsoffer

  11. Les også

    «Jeg tror han ble rammet av en bunnløs, svart tomhet»

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    Ny norsk Brann

  2. SID

    Krev svar på spørsmåla frå politikarane!

  3. A-MAGASINET

    Når ein kan bu kor ein vil i verda, kjem ein då til å flytte heim?

  4. FOTBALL

    Hødd-sjefen: – Vi er vår verste fiende

  5. FOTBALL

    Nevstad gir seg etter 30 år: - Ei tung avgjersle å ta

  6. SID

    Cooper-testen burde fjernast frå skulen