Meninger

Are Kalvø: Ung mann får hjelp!

  • Are Kalvø
    Forfatter og humorist

nyebieberkalvoe-NNiOY42F00.jpg

Det vil nok glede mange at Justin Bieber har bestemt seg for å søke hjelp. Dessverre har han søkt hjelp på feil plass.

Ikkje prøv deg. Eg veit at du har fått med deg at Justin Bieber denne veka var i Norge, og at han avbraut konserten sin i sinne etter ein song fordi nokon hadde sølt vatn på scena. Fansen var lei seg. TV2, som skulle sende konserten på TV, er forbanna. Det er tøffe tider.

Managementet til Bieber innsåg umiddelbart etter konserten at dette ikkje går. Biebers omdømme er i ferd med å bli øydelagt. Han må gjere noko for å betre ryktet sitt i Norge. Og det fort.

Etter nokre hektiske minutts arbeid, gav First House følgjande råd: Ikkje avbryt konsertar etter ein song. Ikkje kjeft på fansen din.

Derfor tok managementet seint torsdag kveld kontakt med rådgivingsselskapet First House og bad om hjelp. First House gjekk straks i gang med hasteoppdraget. Etter nokre hektiske minutts arbeid, gav First House følgjande råd: Ikkje avbryt konsertar etter ein song. Ikkje kjeft på fansen din. Oppfør deg bra. Ver hyggelig. Sei fine ting om Norge. Og ikkje minst: Ikkje ta imot omdømmeråd frå selskap som sjølv slit ganske mykje med omdømmet.

Ein million pluss pølser og papirhatter

For desse råda måtte Bieber betale ein million, pluss dekke selskapets utgifter til pølser, brus, is, papirhattar og ein tirettar.

First House beklaga seinare alt dette. Spesielt det med pølsene, sidan pølser er kreftframkallande, og derfor ikkje bra for omdømmet. For å rette opp inntrykket, gav dei Bieber & co eit gratis råd: Snakk med Regjeringa. Det er dei som bestemmer.

Managementet til Bieber gjorde som First House hadde råda dei til, og spurde Regjeringa kva som skal til for at Norge igjen skal bli glade i Bieber.

Det første Regjeringa gjorde, var naturligvis å late som om dei ikkje høyrde spørsmålet.

Har du ein tusing til ein kopp kaffi?

First House tok så på seg å snakke med Regjeringa på vegner av Bieber & co. Ikkje for å skryte, men vi kjenner folk på toppen, sa ein talsperson for First House, og la til: Har du ein tusing til ein kopp kaffi?

Regjeringa bestemte seg for å høyre på First House, sidan mange av dei har tenkt å få seg jobb der om ikkje så lenge.

Ber kommunane ikkje ta imot Bieber

Regjeringa sette seg så ned og gjekk grundig gjennom situasjonen. Dei konkluderte med at Justin Bieber neppe kjem til å komme tilbake. Og viss han kjem tilbake, så kjem det til å vere mindre av han enn sist. Færre fans, færre dansarar, færre livvakter. Han kjem til å seie mindre, legge ut færre bilde, og han kjem til å synge endå mindre enn sist. Regjeringas anslag er at han neste gong vil synge berre eitt vers, kanskje berre åtte ord. Sannsynligvis «If I was your boyfriend, I’d lever let».

Regjeringa la vidare til grunn at det er opp til norske kommunar å vurdere om dei vil gi Bieber ein scene. Finansministeren oppfordra vidare sine eigne partifellar i kommunane til å ikkje ta imot Bieber.

Ho meinte ikkje det ho sa sist, og ho står for det ho alltid har sagt

Ikkje lenge etter forstod Regjeringa at Bieber framleis er litt meir populær enn dei hadde trudd, og at han sikkert kjem til å komme tilbake uansett kva Regjeringa seier, kanskje til og med fleire gonger, og kanskje kjem han til å synge masse songar. Og det kjem til å komme folk. Finansministeren svarte på dette med å seie at ho ikkje meinte det ho sa sist og at ho står for det ho alltid har sagt. Statsministeren lovte så å komme tilbake med ein ny politikk basert på dei nye opplysningane.

Håper Bieber flyttar til Sverige

Regjeringa søkte så råd frå First House, som dessverre ikkje hadde tid, fordi dei nettopp hadde hyra seg sjølve til å gi seg sjølve omdømmeråd etter den siste pølseskandalen.

Regjeringa måtte altså klare seg utan hjelp, og konkluderte med at det er nødvendig å avgrense skadane og sende ut eit tydelig signal om at Norge ikkje er eit attraktivt land for sånne som Bieber. Regjeringa håper at han flyttar til Sverige, han som alle andre.

Sånn. No er det pølser og is.

Les mer om

  1. Spaltist Are Kalvø

Spaltist Are Kalvø

  1. A-MAGASINET

    Hva har de lykkeligste landene i verden til felles? I alle fall ikke fotball.

  2. A-MAGASINET

    «Det skal så utrulig lite til å sjå ut som om du har greie på det du snakkar om»

  3. A-MAGASINET

    «Du er smart, Sylvi Listhaug. Du berre later som noko anna ganske ofte for å skåre poeng.»

  4. A-MAGASINET

    Are Kalvø: «Det har aldri skjedd at eit barn har ropt ut: - Når eg blir stor, skal eg bli kommunalminister!!!»

  5. A-MAGASINET

    Du kan vere sarkastisk. Men til slutt går det ikkje meir. Til slutt må du berre bryte saman og seie: Okei, kven er denne Lothepus?!?

  6. A-MAGASINET

    Are Kalvø: Årets valkamp blir nok aller vondast for dyra våre.