«Du stod på vår dødsliste»
Likvidasjon av angivarer. På langt sikt blir også dei galne spor sletta. Men det som hende under okkupasjonen må bli forstått i ledd etter ledd! Også av NRK.
NRK hadde forrige laurdag ein reportasje i Dagsrevyen om likvidasjon av ein angivar under okkupasjonen. Likvidasjonen var utført etter ordre frå Gunnar Sønsteby, mannen som ein heil nasjon heidra då han veka før vart gravlagt. Reportasjen skapte tvil og forvirring rundt legitimiteten av slike operasjonar under krigen 1940-45. Dei få av oss som ennå lever og var med i den kampen, må spørje seg, kan det vere mogleg at NRK forstår så lite av kva okkupasjonen var?For motstandsgrupper var likvidasjon av ein norsk gestapoagent, til vanleg omtalt som angivarar — ei naudverje. Sjeldan, svært sjeldan vart det aktuelt, fordi agenten for seint vart avslørt. I mine samleverk, som Englandsfarten og Svensketrafikken , vil ein snart oppdage at den farlegaste fienden var norske angivarar i teneste for Gestapo. Der er hundrevis av eksempel. La meg nemne nokre få.
Gestapoagent
«Ein sympatisk» kar kom inn i Sverre Nielsen-gruppa, som sende flyktningar med båtar til Shetland. Den unge mannen, Marino Nilsson, fekk etter kvart stor tillit og innsikt. Han reiste med brev frå ein av flyktningane til ei adresse i Oslo. Mannen han kom til var sentral i motstandsleiinga i Sør-Norge. Agenten vart avslørt der, men for seint. Adressaten og fleire andre nøkkelmenn i motstanden kom i dødsleirer, og det vart full krise med mange arrestasjonar. Sentrale motstandsfolk flykta til Sverige.
Nilsson drog tilbake til byen som var Ålesund. Eksportgruppa prøvde i all hast å rømme vestover. Dei vart tekne om bord i båten og hamna i dødsleir. Under tortur måtte nokre av dei gi opp namn til medarbeidarane sine, så vart dei og arresterte. Gestapoagenten hadde i Nielsengruppa fått kjenskap til ein annan kontakt i Bergen, Kristian Stein, som var sjefen for ein militærorganisasjon på omkring 1500 medlemer. Agenten kom seg sørover til Bergen. Han gav seg då ut for å vere dødssjuk, på flukt frå Gestapo. Marino helste frå kontakten i Ålesund som då var i fengsel, og vart vel mottatt.
- Wallenberg hadde gull i bilen
Gestapoagenten var no inne i sentrum av Kristian Stein-organisasjonen. Kort etter vart denne rulla opp og knust. Mange klarde å røme landet, men 70 mann omkom i dødsleirene. Kristian Stein og hans næraste menn slapp leirene. Dei vart halshogde. Etter «triumfen» i Bergen reiste gestapoagenten nordover igjen, forbi Ålesund til Trondheim, og kom med i Rinnans avdeling, Sonderabteilung Lola. Han reiste nå til Troms og reiv opp ei gruppe der. Nye skamslåtte nordmenn kom i dødsleir. Andre rømde landet.
Henry Rinnan
Rinnan sjølv klarte i januar/februar 1942 med to av sine agentar å vinne tillit i ei ny ålesundsgruppe som hjelpte flyktningar vestover. Dei to hadde fortalt at dei var ettersøkte politifolk frå Trondheim. Eksportgruppa si sikring hadde svikta. Gestapo med Rinnan i spissen slo til i februar då flyktningane med dei to politifolka var komne om bord i båten. I april 1942 fall 18 av englandsfararane på Trandum. Ein av dei andre vart slått ihel under forhør i Trondheim. Ein vart i oktober skoten i Falstadskogen. Omkring 50 mann var blitt arresterte i Ålesund. Eksportgruppa vart sprengt.
Marino Nilsson vart likvidert, ikkje av motstandsfolk, men av Rinnan, kanskje etter ein indre maktkamp, kanskje av sjalusi.
To jødiske barn
Minne om og sympati med menneske som vart offer for angiveri passerer revy i bok etter bok eg har skrive. Eg stansar ved to jødiske barn, søskena Vera og Tibor Tagelicht. Dei hadde gått klar aksjonen mot jødane i oktober/november 1942, men var i desember sende frå Nesjestranda ved Molde. Dei låg ei natt i dekning på Lillestrøm på veg til grensa. Den natta vart det razzia i huset. Ein norsk gestapoagent hadde kome på sporet, og dei to vart arrestert. Begge kom til Auschwitz. Her var Tibor skilt frå søstra. Den 13 år gamle guten hadde under reisa passa på si yngre søster. Nå vart han redd for henne. Han sto tvilrådig saman med mennene, men gjekk så over til kvinnene og greip Vera i handa. Ein av dei overlevande i denne transporten, legen Leo Eitinger, har fortalt om denne scenen. Søskena gjekk saman inn i gasskammeret.
Ei gruppe på Jæren som i september 1941 arbeidde med planar om å dra vestover, vart overhøyrd av ein gestapoagent. Det vart fangenskap for 25 mann, tortur og dødsdom for 17, seks av dei vart dødsdømde to gongar. — Om det sa ein av av dei seks: - Dei kan skjota oss berre ein gong. Dei fall på Trandum.
Veldokumentert
Arnfinn Moland har skrive ei veldokumentert bok om likvidasjonar under okkupasjonen. Ingen kan rokke ved den. Det burde kanskje også skrivast ei stor bok om gestapoagentane i Norge. Deira gjerningar er godt dokumentert i mitt og andre sitt arbeid om norsk motstand under okkupasjonen.
Som lingemann og veteran kan eg ennå kjenne att litt av atmosfæren frå fjell og fjord og mørkelagd bygd.
Slik har du ikke sett Josef Terboven før
Det var tilvant, eit press som låg ein under djupt vatn, men normalt den gongen og uforståeleg nå, men gjenkjenneleg i alle diktatur. Kva var det vi var på vakt mot, vi og andre i same teneste overalt i Norge? Det var mangt, men særleg folkesnakk som kunne bli snappa opp av ein landsmann i Gestapo si teneste.
Skulle Gestapo kunne svekke eller ødelegge motstanden måtte tyskarane ut av kontora, snakke med folk, vinne tillit. Det var rett og slett umogeleg. Derfor sette gestapokontora rundt om i landet frå første stund i gang med å rekruttere nordmenn. Desse nordmennene vart Gestapos arm og øyre, dei vart Gestapos hær.
En sjeldan gong fall eit skot i denne elles så stille krigen; ein gestapoagent var likvidert. Dei aller fleste i Gestapos hær gjekk klar ein slik lagnad. Kva kosta denne spreidde hæren folket vårt? 9000 nordmenn i tyske leirer. Bortimot 40 000 kom til Grini, 4500 til Falstad. Dei fleste var truleg offer for angiveri.
Feil side
Dei er nesten alle borte nå, offer og angivar. Fredsdagane 1945 møtte eg den norske gestapoagenten som hadde vore særleg farleg for organisasjonen eg hadde medansvar for. Vi hadde mist ein kontakt som var komen i Gestapos hender, hadde tagt og ikkje overlevd. Umåteleg bitter vart eg ført fram for denne mannen i fritt land ein dag tidleg i juni 1945, og det hadde lenge vore klart for meg kva eg ville seie kort og hardt:
Du stod på vår dødsliste, men freden redda deg!
Vi hadde ikkje ei slik liste, berre eit par namn i hovudet. Eit av dei var hans. Eg kom meg ikkje til å seie denne mannen eit ord. Smert og angst og bøn om nåde i blikket, eit fråver av sjølvrespekt, gjorde meg stum. Inn kom medynk og merkeleg tung sorg. Eg snudde heilt om og gjekk ut. At han hadde valt feil side i denne kampen, verka uoppretteleg. Nå veit ein at på langt sikt blir også dei galne spor sletta. Men det som hende må bli forstått i ledd etter ledd!
NRKs reportar gjorde ikkje det i programmet sist laurdag.