Meninger

Håper fleire tør fortelje

  • Oddvar Vignes
Det finnes mange som meg. Mitt håp er at fleire tør fortelje si historie. Når alle veit, kva er det då å vere redd for? skriv Oddvar Vignes.

Openheit var positivt, skriv Oddvar Vignes.

I april i år publiserte Aftenposten kronikken min «Det er ingen som trur at toastmasteren skal gjere sjølvmord». Eg var ikkje forberedt på kva som venta meg.

Eg var på Vinterlandbrukskulen då eg fekk ein sms. «Takk for kronikken du har i dagens Aftenposten.» I det meldinga var lest visste eg at dette ikkje kom til å verte ein vanleg dag.

Les også:

Les også

- Jeg hadde alt, men det var ikke nok

Heiv meg på sykkelen

Meldingane fortsette å ramle inn. Eg begynte å sjå meg sjølv overalt på Facebook. Det begynte å bli mykje. Då eg fekk høyre at no var kronikken lest av 100.000 hadde eg fått nok for dagen.

Eg heiv meg på sykkelen og sykla nokre rundar rundt øya eg bur på for å roe meg ned. Det hjalp berre delvis. Eg var meir eksponert enn kva eg nokon gong hadde vore. Og det som var eksponert var den verste delen av livet mitt.

Korleis kunne eg vere så dum at eg hadde skreve dette? Eg kjente meg pressa opp i eit hjørne, og eg måtte komme meg ut før eg slutta å pusta. Tankane sveiv og eg klarte ikkje hente dei ned.

Eg har brukt fire år på lære meg korleis eg skal meistre meg sjølv når tankane vert slik. Eg kan tillate meg nokre timer med svartsinn, men så må mønsteret brytas uansett kva situasjonen er. Eg tør ikkje noko anna.

Eg tok opp diskusjonen med meg sjølv. Eg hadde gjort alt kva eg kunne i forkant. Eg hadde delt kronikken med bror min og han sa at dette var ok på vegne av familien. Dei fleste rundt meg kjente historia, så kvifor skulle dette stresse meg? Alt var gjort rett. Nettverket mitt stod klar om det vart for voldsomt. Eg hadde ingenting å frykte.

Kronikk:

Les også

«Jeg kan like godt si det høyt. Jeg prøvde å ta mitt eget liv.»

Positive opplevingar

Eg gjekk av sykkelen etter tre timar for å lese meldingar. Dei kom frå kjente og ukjente. Frå menneske som hadde mista ein kjæraste, ein son, ei dotter. Nokre av meldingane var underteikna flink gut. Dei traff meg. Eg visste alt for godt kva det betydde.

Eg svarte på alle meldingar uansett innhald. Det var berre positive meldingar, men nokre var så vonde at eg måtte ha hjelp av legen min til å finne ut kva eg skulle svare. Eg måtte vere tydelig på rolla mi så eg ikkje vart dregen inn i noko eg ikkje kunne handtere. Mitt prosjekt var openheit og kva godt det fører med seg. Eg var ikkje behandlar og måtte difor heller ikkje late som eg var det.

Eg havna i diverse medier den veka. Det gav i det store og heile positive opplevingar. På slutten av veka kom det ein invitasjon til å vere med på lansering av nasjonal handlingsplan for sjølvmordsforebygging med statsråden. Det takka eg sjølvsagt ja til.

Når handlingsplanen var framlagt følte eg at det var ei naturlig avslutning på alt som hadde komme ut av min kronikk. Helga kom og eg gjekk som vanleg for å hente laurdagsavisene. Då eg bladde i DN såg eg til min forfjamselse at statsministeren hadde nemnt meg i sin kronikk. Eg hadde til og med nådd Noregs statsminister. At ho så skreiv om det i den avisa med flest lesarar som var midt i målgruppa for mi historie var berre heilt fantastisk.

Det finnes mange som meg. Mitt håp er at fleire tør fortelje si historie. Når alle veit, kva er det då å vere redd for?

Les mer:

Les også

  1. «Jeg vet at mange der ute tenker at livet ikke kan endre seg, men det kan det jo»