Meninger

Høyr på den andre sida | Edvard Lysne

  • Edvard Lysne
    direktør Hedmark IKT på dagtid, samfunnsengasjert borgar på kveldstid

Foto: Tegning: Arne Nøst

Tankar rundt den store, politiske polariseringa som har heimsøkt vårt land.

Noko mørkt er i ferd med å sige inn i norsk politikk og samfunnsdebatt. Ei voldsom polarisering og ein forbløffande aggresjon ser ut til å ha heimsøkt vårt land.

Kva slags drivkrefter ligg bak det me nå ser? Kvifor oppstår dette akkurat nå?

Det er god grunn til å tru at den tradisjonelle politiske venstre/høgre-aksen gir mindre og mindre meining viss me skal forsøke å forstå denne politiske utviklinga. Denne aksen oppstod med industrialiseringa og er basert på sosial klasse og kampen om økonomisk fordeling som dominerande konfliktlinje. Denne politiske hovudaksen er blitt balansert med eit sett av mindre parti som målbar interessene til andre større samfunnsgrupper:

KrF (kristenfolket og bibelbeltet sin pietisme), Senterpartiet (landbruket og distrikta), Venstre (dei liberale, spesielt lærarsjiktet før 68-generasjonen) og SV (dei akademisk utdanna etter 68). Og så dukka Frp opp i dette landskapet og tok sine posisjonar etter kvart som dette ordna og føreseielege politiske kartet byrja å slå sprekkar på 80-talet.

I tillegg til denne berande økonomiske konfliktaksen, er sentrum-periferi identifisert som ein viktig dimensjon i norsk politikk.

Denne har bidratt til å forklare den sterke posisjonen distrikta har hatt opp mot byane og sentralmakta her til lands.

Det ser ut til at «kulturellkapital-skiljet» i større grad kan forklare vår tids politiske skiljelinjer enn økonomisk kapital. Dette lar seg forklare med velstandsutviklinga i Noreg dei siste tiåra, skriv Edvard Lysne

Ulike verdiar og haldningar

Men skal me forstå drivkreftene under det som skjer no, må me vende oss mot sosiologien, spesielt den empiriske sosiologien som beskriv korleis ulike verdiar og haldningar fordeler seg i befolkninga. Det er spesielt to slike analyser frå vår tids sosiologi som kan bidra til å få oss til å forstå meir.

Økonomisk og kulturell kapital:
Eit grunnleggjande skille i Pierre Bourdieu sin sosiologi går mellom dei to hovudformene for kapital som forklarer sentrale skiljelinjer i eit samfunn. Den første av desse er den samme som er lagt til grunn for høgre/venstre-aksen i politikken, altså ulik fordeling av økonomisk kapital. Men i tillegg viser hans analyser at ulik tilgang til kulturell kapital også bidrar til å skape skiljelinjer mellom samfunnsgrupper.

Kort fortalt definerer Bourdieu kulturell kapital som god utdanning, «god» smak, «riktig» livsstil og «gode» haldningar og verdiar.

Dette skiljet hjelper oss for eksempel med å forklare kvifor ein relativt økonomisk «ubemidla» kulturarbeidar kan ha sterk samfunnsstemme og derfor er del av ein sosial elite. Og motsatt kan det vere med på å forklare at ein økonomisk rikeleg bemidla person med lite kulturell kapital (gjerne omtala som «nyrik», «vulgær» eller «oppkomling») ikkje alltid kjenner seg vel ansett blant den sosiale elite.

Idealistisk og materialistisk verdiorientering:
I den mest omfattande kartlegginga av verdiar i Noreg, Norsk Monitor, går det eit fundamentalt verdiskilje mellom grupper med materialistisk og idealistisk verdiorientering.

Grovt sett har folk med høg kulturell kapital ei «moderne idealistisk verdiorientering», medan dei med lite kulturell kapital har eit meir materialistisk og tradisjonelt verdisett.

Idealistane sitt verdisett er sterkt basert på «indre kvalitetar», altså kva ein person kan, meiner, liker og «ter seg». Dei tradisjonelle materialistane sitt verdisyn er i større grad basert på materielle og økonomiske faktorar. Den siste gruppa er meir opptatt av det nære og konkrete enn idealistane, som ofte ser på verda med store briller (landet, Europa, det globale). Dette er sjølvsagt ei grovt forenkla framstilling, men den får fram kontrastane. Og det er kontrastane som er interessante her.

Velstandsutviklinga

Det ser ut til at «kulturellkapital-skiljet» i større grad kan forklare vår tids politiske skiljelinjer enn økonomisk kapital. Dette lar seg forklare med velstandsutviklinga i Noreg dei siste tiåra. Noreg er inne i ein epoke med ein enorm velstand som trass alt er relativt jamnt fordelt. Internasjonale analyser viser at Noreg er eit av dei vestlege landa med minst økonomiske skiljelinjer i befolkninga. Fleirtalet sin økonomiske kvardag ligg i frå «heilt greitt» og oppover, og store delar av oss klumpar oss inn mot ein særdeles brei økonomisk middelklasse. Når det er slik, blir det kanskje andre politiske tema som framstår som viktigare enn frykta for økonomisk nød.

Les også

Les Bjørn Stærks kronikk om høyrepopulister: Høyrepopulister er høyresidens gjøkunge

Les også

Hans Rustads svar til Bjørn Stærk: Føleri som utgir seg for anstendighet

Den meiningsproduserande klasse

Sjiktet med høg kulturell kapital har ordet i si makt. Dei er flinke til å diskutere, argumentere og å snakke for seg og sitt.

I England kallar ein desse - med sedvanleg engelsk sarkasme - for «the chattering classes». Med eit meir sosiologisk korrekt begrep kan me kalle dette for «den meiningsproduserande klasse». Me finn dei att i utdanningssystemet, byråkratiet, politikken, jussen, kulturlivet, media og kommunikasjonsbransjen.
Dette sjiktet dominerer fullstendig samfunnsdebatten.

For sjølv om desse kan krangle høglydt om ei sak, har desse store fellestrekk:

Dei er godt utdanna, er opptatt av kunnskap, har dei «rette» verdiane og er engasjerte i det som er sett på som «viktige tema» i deira sosiale krets. Dette er tema som eksempelvis klima/miljø, kultur- og mediepolitikk, skule- og utdanningspolitikk og kampen for styrka rettar for definerte grupper (eksempelvis feministar, homofile). Dette sjiktet har ei sterk «humanistisk-idealistisk verdiorientering» og går derfor ofte inn i større samfunnsspørsmål med eit klart etisk blikk.

Skepsis til fjern, ansiktslaus makt

I den andre enden av «kulturellkapital-aksen» finn me dei med tilsvarande svak stemme i samfunnsdebatten. Her ser verda heilt annleis ut.

På denne sida av samfunnsaksen vil me finne ein markant avstand til dei tema og det verdisyn som pregar sjiktet med høg kulturell kapital.
Her vil sosiologien vise oss at dette sjiktet blant anna er opptatt av tema knytta til eigen økonomi (lønn, arbeid, prisar, skatt, avgifter, velferdsordningar) og tema knytta til eigen kvardag (bustad, lokalsamfunn, lokale saker).

Me vil finne skepsis til fjern, ansiktslaus makt (byråkrati, «dei inne i Oslo», EU). Og me vil finne eit sjikt som verdset det praktiske og konkrete, det nære og jordnære.

Denne gruppa anser derfor mange tema som får stor plass i samfunnsdebatten, som irrelevante og «livsfjerne».
I enkelte saker blir denne verdimessige avstanden sett heilt på spissen, og derfor blir også konfliktnivået spesielt høgt. Eit knippe eksempel:

Ulv: Dette er ein verdikamp som følgjer kulturellkapital-aksen. Handlar saka om vern av utryddingstrua dyr, eller handlar det om å sikre livsgrunnlag og tryggleik i eit lokalsamfunn? Kven har makta til å definere denne debatten? Og kva slags «bakteppe» ligg under her og forsterkar ein allerede latent frustrasjon?

Kulturellkapital-aksen og sentrum/periferi-aksen spelar saman her og skapar ein stor sosiologisk og verdimessig avstand.

Handlar debatten om ulv om vern av utryddingstrua dyr, eller handlar det om å sikre livsgrunnlag og tryggleik i eit lokalsamfunn? Kven har makta til å definere denne debatten? Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sentralisering: Kommune- og fylkessamanslåingar, nedbygging av lokale arbeidsplassar og samfunnsfunksjonar (politi, helse, post) er saker som med få unntak har ein tendens til å skape høg temperatur i norske lokalsamfunn. Mange ser ut til å frykte at staden dei bur på er i ferd med å bli utarma og marginalisert. Dette er mange stader ei høgst reell bekymring.

Kan det hende at desse meiner at det offentlege Norge (altså «storsamfunnet», «myndigheitene», «staten», «dei inne i Oslo») si oppgave er å sikre utsatte lokalsamfunn, ikkje bidra til å forverre ei allereie negativ utvikling?

Nærpolitireformen har skapt debatt over heile landet. Mange ser ut til å frykte at staden dei bur på er i ferd med å bli utarma og marginalisert. Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Innvandring: Av alle brennbare tema er vel dette den reinaste vulkanen. Men igjen vil det vere fruktbart å sjå på denne debatten med sosiologien sine briller. For kven er kritiske, kvifor er dei det og kven har «rett»?

Er det dei som faktisk er mest avhengige av velferdssamfunnet som er kritiske fordi dei er redde for ei enno større belastning på eit velferdssamfunn som allereie er under aukande press? Er det grunnlag for denne frykta?

Eller er det dei med idealistisk verdiorientering som har rett når dei meiner at me i rike Noreg har plikt til å hjelpe folk i nød og at desse uansett vil vere ein viktig samfunnsressurs og skape eit kulturelt rikare land? Svara her vil med stor sannsynlegheit henge saman med graden av kulturell kapital.

Innvandringsdebatten er den reinaste vulkanen. For kven er kritiske, kvifor er dei det og kven har «rett»? Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

ACER/EU: ACER viser den store skepsisen til EU som finst i store samfunnslag. Mange fryktar at ein stor avstand til politiske beslutningar blir enno større ved at dei blir flytta «ut av landet». Og korleis kan den tradisjonelle høgre/venstre-aksen bidra til å forklare at H, Frp, V, MDG og Ap stemte for, medan Raudt, SV, KrF og Sp stemte mot? Det politiske kartet ser ikkje ut til å stemme heilt med terrenget her.

Mange fryktar at ein stor avstand til politiske beslutningar blir enno større ved at dei blir flytta «ut av landet». Her talar leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes, mot ACER i Stortinget. Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Ny akse gir eit nytt kart

Hvis me legg til side den tradisjonelle høgre/venstre-aksen og sorterer våre politiske parti etter kulturellkapital-aksen, anar me eit anna politisk landskap. Då ser me at Sp, KrF og Frp finn store deler av sin veljarbase i den eine enden av kulturellkapital-aksen og at SV, Raudt, V og MDG finn nesten alle sine veljarar i den andre enden. Her finn me også Høgre sin tradisjonelle veljarbase – urbane, verdikonservative grupper med høg kulturell kapital.

Dette nye kartet viser oss også at dagens regjering har kulturellkapital-skiljet skjerande tvers gjennom seg.

Det borgarlege prosjektet er avhengig av å foreine Høgre sin tradisjonelle veljarbase med Frp sin veljarbase, to grupper med tilnærma diametralt motsatt sosiologisk profil.

Det som foreinar desse ytterpunkta i den borgarlege koalisjonen ser ut til å vere det liberalistiske «Kysthøgre».

I vår nylege «Listhaug-gate» kunne me rett under overflata ane ei djup verdikonflikt mellom Listhaug og «anstendige» høgrefolk. Det er grunn til å tru at det var liberalistane midt mellom desse fraksjonane som evna å balansere og som forhindra at høgresida rakna i denne saka. Viss det fins ein politisk «solbergisme», ligg den kanskje rundt her ein stad.

Dei gruppene i Noreg som historisk har knytta mykje av sin «samfunnstillit» til Ap, ser ut til å føle seg forlate av eit Ap som dei ikkje kjenner seg igjen i og som ikkje ser ut til å kjenne igjen veljarane sine. Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Stabil flukt bort frå Ap

Og da står me att med Ap. Eit parti som ser ut til å bli rive i filler av nettopp dei tema og den konfliktlinja som er skissert over. Ap sitt historiske grunnfjell er sjikt med relativt sett mindre kapital (økonomisk og kulturell) og ei «materialistisk» verdiorientering. Men partiet står tydelegvis ikkje støtt på denne grunnmuren lenger. Så kva har skjedd? Kulturellkapital-aksen er i ferd med å definere flankane i vår tids samfunnsdebatt.

Det ser ut til at sosialdemokratiet ikkje ser krafta i desse nye flankane. Er det dette som er årsaka til sosialdemokratiet sin ideologiske krise og den sakte, men stabile flukta bort frå partiet?

Det er grunnar til at denne nye flanken pregar Ap meir enn andre. Dei gruppene i Noreg som historisk har knytta mykje av sin «samfunnstillit» til Ap, ser ut til å føle seg meir og meir forlate av eit Ap som dei ikkje kjenner seg igjen i og som ikkje ser ut til å kjenne igjen veljarane sine. Kanskje kan dette også forklare dei svært negative haldningane til Ap og det tydelege og reelle «Ap-hatet» i visse grupper.

Me bør kanskje ikkje bli så overraska om ei sosiologisk analyse faktisk skulle vise at foreldra og besteforeldra til ein stor del av dei som i dag snakkar aggressivt om Ap, sjølv stemte på Ap.

Eittpartistaten og sosialdemokratiet

For å forstå Arbeidarpartiet si forflytning, kan me hente fram Jens Arup Seip sin klassiske analyse der han skil mellom «ettpartistaten» (den Ap-styrte stat i etterkrigstida) og «embetsmannsstaten» (den embetsmannsstyrte stat på 1800-talet). Seip peiker her på to fundamentalt ulike styringsformer. Eit Ap som styrer etter «ettpartistatens» kompass vil vektlegge interessene til sin eigen veljarbase og vil ofte hente sine leiarar frå dette sjiktet, gjerne frå store delar av landet. I denne styringsmodellen blir det då nesten umogeleg å skilje Ap frå LO. Medan eit Arbeidarparti som styrer etter «embetsmannsstatens» kompass vil vektlegge styringsdyktigheit, samfunnsøkonomiske hensyn, eit sterkt statleg embetsverk osb.

I ein slik modell er det ikkje til å undre seg over at Ap vil finne sine leiarar blant samfunnsøkonomar, juristar, statsvitarar og andre med embetsverket sin utdanningsprofil. Og som gjerne kjem frå nettopp embetsmannsslektene i og rundt hovudstaden. Det er mogeleg å tolke maktkampane i partiet dei siste tiåra med denne konfliktlinja som bakteppe.

Og er det denne konfliktlinja me aner bak striden mellom Støre og Giske, ei konfliktlinje som nok stikk djupare enn metoo-saken? No i det siste såg me den i ACER-saka, der det er stor avstand mellom Ap-leiinga på den eine sida og LO og lokale ordførarar på den andre.

Verdimessig og sosiologisk dissonans

Frå eit sosiologisk perspektiv bør det ikkje vere overraskande at mange i Ap sin tradisjonelle veljarbase ikkje intuitivt kjenner seg att i dagens Ap-leiarskap.

For det er ein djup verdimessig og sosiologisk dissonans som skjer gjennom Ap. Vår tids Ap ber stadig meir preg av å vere eit statsberande parti bygd på embetsmannsstaten sin styringsideologi.

Derfor er den reelle avstanden mellom dei to partia som i dag er «embetsmannsstatens» parti, Høgre og Arbeidarpartiet, bortimot mikroskopisk i mange sentrale saker.

Det er ein djup verdimessig og sosiologisk dissonans som skjer gjennom Ap. Vår tids Ap ber stadig meir preg av å vere eit statsberande parti bygd på embetsmannsstaten sin styringsideologi. Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Begge parti søker seg mot posisjonen som eit nesten «av-ideologisert styringsparti» som ber om tillit til å få styre landet fordi dei er best til å styre. Styringsdyktigheit er blitt desse partia sin grunnleggjande ideologi.

Dette kan også hjelpe oss med å forstå Frp sin vekst. Ein analyse av Frp sin vekst vil nok vise ein sterk årsakssamanheng med Ap si gradvise forflytning frå eittpartistaten si politiske styring til embetsmannsstaten si administrasjonsdrivne styring.

Etterkvart som Ap-skuta styrte mindre etter «arbeidarkompasset» og meir etter «embetsmannskompasset» låg Ap sin tradisjonelle veljarbase open for Frp.

Eimen av arroganse og moralisering

Me er inne i ei tid der stadig fleire ser ut til å kjenne ei aukande uro for sosial marginalisering og at samfunnsutviklinga er i ferd med å svekke deira kjente «livsverden». Med stadig meir aggressiv, politisk ordbruk som konsekvens.

Populismen sitt beste jordsmonn er eimen av arroganse, moralisering og følelsen av å bli forlaten på perrongen, medan det store samfunnstoget køyrer vidare.

Og me skal ikkje leite lenge for å merke at dei som meiner dei har god moral, kan oppføre seg moraliserande og at dei som meiner dei sit med dei rette svara, kan oppføre seg arrogant.

Dette er ei oppskrift for å drive ei vag «samfunnsuro» over til å bli eit aggressivt «samfunnssinne». For i det psykologiske rommet samfunnstilliten renn ut av, renn populismen, ekstremismen og konspirasjonsteoriane inn.

Ei politisk klimakrise

For å komme seg ut av dette sporet bør dei som dominerer den store, norske samfunnssamtalen i større grad bli bevisst «sin eigen sosiologi». Det er aldri dumt å ta seg ein sosiologisk rundvask av sitt eige sjølvbilde for å få litt avstand til sin eigen posisjon, eigne haldningar og eigne «blindspots».
Ein slik vask vil gi kunnskap om andre verdisyn, andre samfunnslag og andre verkelegheiter. Som fortener å bli tatt på alvor. Dette er strengt tatt ikkje veldig radikalt:

I den vestlege rettstradisjonen er det eit fundamentalt prinsipp som heiter «audi alteram partem» - «høyr på den andre sida».

Noreg, som mange andre land, er på veg nedover ein veg med stadig steilare frontar og stadig tøffare ordbruk. Polane i vår «politiske klimakrise» blir stadig varmare. Skal me få denne utviklinga til å snu, er kanskje dette den einaste sjansen me har: «Høyr på den andre sida».

Bytte briller

For å få til det, bør dei som er redde for radikaliseringa av samfunnsdebatten, oftare enn i dag ta av seg «verdi-og-moralismebrillene» og ta på seg «sosiologibrillene».

Dei som er redde for populismen bør tenke over at kvar gong dei kjenner seg så sikre på at dei står for «det rette» og at andre synspunkt er forkastelege, er det som å helle bensin på populismebålet.

Hvis me ser bort frå ekstreme miljø, vil me truleg oppdage at folk med «håplause» politiske meiningar er heilt vanlege folk som ber på ei reell uro over sine kvardagsliv og sine lokalsamfunn og som er usikre på om samfunnet dei bur i, utviklar seg i ei retning som er i ferd med å true dei trygge rammene dei ønsker rundt sine liv.

  • Få med deg debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter

Https://api.schibsted.tech/proxy/content/v3/publication/ap/multimedias/3c028eb059d5bbb0eb5b2940ae30144b/Anbefalte%20saker%20fra%20Debatt%20%26%20meninger%20

Les mer om

  1. Innvandring
  2. Integrering
  3. Samfunnsdebatt
  4. Populisme