Meninger

Kva skjedde? | Bård Vegar Solhjell

  • Bård Vegar Solhjell
    tidligere stortingspolitiker for SV
Donald Trump og Hillary Clinton i debatt før valget 2016.

Alle valsigrar liknar kvarandre, kvart tapte val går mot nederlag på sitt heilt eige vis. Men finst det felles lærdomar i det siste årets val i vestlege land?

For eitt år sidan vart Donald Trump amerikansk president ved å slå Hillary Clinton i det amerikanske valet. Hillary Clintons har skrive bok om det: Kva skjedde, heiter den.

Mange har kalla den sjølvrettferdig. Vel, prøv å tenke over det sjølv. Du har nettopp tapt leiarskapen for den frie verda til ein mann som Donald Trump. Ville du kjent behov for å forklare deg, kanskje til og med rettferdiggjere vala dine? Hillary er, etter mitt syn, ikkje meir sjølvrettferdig enn dei fleste av oss blir av å tape val. Men ho er sår, og djupt sjølvkritisk. For at ho ikkje mobiliserte fleire kvinner, for at ho blei eliten sin kandidat og for at ho ikkje klarte det ho burde klart.

Bård Vegar Solhjell er tidligere stortingspolitiker for SV.

USA og Europa

Clintons tap mot Trump er sjølvsagt ei unik amerikansk historie. Den er samstundes full av erfaringar som er slåande like dei vi kjenner att frå europeiske val. Sidan 9.november i fjor har Frankrike, Storbritannia, Tyskland, Nederland, Austerrike og vesle Noreg hatt val. Går det nokre linjer gjennom desse vala?
Etter mitt syn gjer det det.

Samtlege val det siste året har vist at høgrepopulismen - i sine høgst ulike former – har mobiliseringsevne og er komen for å bli. Statsvitar Anders Ravik Jupskås har sett på oppslutninga om høgrepopulistiske parti i 15 vesteuropeiske land. Partia har gått opp frå eit snitt på 2 prosent i 1985 til over 14 prosent i 2015. Det er ein massiv auke og den klåraste politiske utviklinga i vår del av verda dei siste tiåra.

Det store verdislaget

Men nesten alle vala viste også at den liberale motreaksjonen kan mobilisere. I dei fleste landa kunne parti som konfronterte høgrepopulistar, notere framgang, og mobilisere på det – i nokre tilfelle vinne. Der innvandring dominerte debatten og frontane var steile, synes begge sider å ha tent på det. Det står fram som det store verdislaget om vårt samfunn.

Det trengjer gjennom alle land, slik høgre-venstre aksen gjer. Det består av eit par skeier nasjonalisme vs internasjonalisering, ein dasj verdikamp og to store dosar innvandringsdebatt. Det snur etablert valdemografi på hovudet, slik vi mellom anna såg både i Frankrike og USA.

Frankrikes president Emmnauel Macron.

Macron og Corbyn

Ut av dette trer nye mønster fram. Dei europeiske topp-politikarane Emanuel Macron og Jeremy Corbyn står i dette biletet fram som like. Begge representerte ein ny kurs for landet sitt, og ein viktig del av den kursen var å avvise høgrepopulismen eksplisitt i eit polarisert klima.

I debatten heime (og i Europa) er dei stilt opp som motpolar, og dei representerer openbart ein heilt ulik økonomisk politikk. Dei har tilsynelatande vald kvar sin veg og er feira av kvar sine leirar med heilt ulik historieforteljing. Corbyn som det «det ekte venstre vann», Macron som «det liberale sentrum slo tilbake».

Begge historiene har eit visst grunnlag i det siste årets val. Vala i Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Noreg viste at meir tradisjonelle venstreorienterte bodskapar om fordeling og klassekamp har appell til mange. Det finst rom for ei tradisjonell venstreside, og relativt ulike parti med dette som bodskap gjorde det bra. Skjønt, ingen stader bra nok til å vinne makta.

Var ikkje død

Det er også sant at den moderate liberalismen slo tilbake i Europa etter Brexit og Trump, mest framtredande i dei to første vala etterpå – i Nederland og Frankrike. Den moderate liberalismen var ikkje død, men det er ingen gjennomgåande trend at den har gjort comeback i Europa som alternativ til høgrepopulismen.

Labour-leder Jeremy Corbyn.

Den lange linja for sosialdemokratiske parti og liberale sentrumsparti i Europa og Norden er negativ, og då særleg for dei sosialdemokratiske partia som har tapt oppslutning i nesten alle land. Det er også uvanleg at sosialdemokratiske parti og liberale sentrumsparti samarbeider, sjølv om det finst døme på det.

I land etter land finn det tradisjonelle konservative høgre og det nye populistiske høgre saman.

Finn saman til høgre

Det er derimot ein annan tendens som er heilt sentral for å forstå det politiske biletet i Europa. For i land etter land finn det tradisjonelle konservative høgre og det nye populistiske høgre saman. Ikkje alltid, og ikkje friksjonsfritt, men ofte. I USA finst dei i same parti. I Europa har konservative parti teke vegen frå avvising, gjennom dialog til fungerande samarbeid i fleire land, til dømes vårt eige. Det tek tid, men vil nok skje i Sverige – kanskje også Frankrike som ein reaksjon på Macron?

Oppsplitting til venstre

Partia til venstre og i det liberale sentrum opplever det stikk motsette – ei oppsplitting. I topartisystema i USA og Storbritannia skjer oppsplittinga gjennom sterke konfliktar innan dei store partia. Fleirpartisystema i Nord-Europa får nesten utan unnatak fleire parti, og i sentrum-venstre er det stort sett snakk om små parti. Mange av dei er knytt til ei særleg gruppe eller ein bestemt verdi, som ikkje vert fanga opp i det politiske systemet. Dei opplever gjennomgåande store samarbeidsproblem.

Tyskland og Nederland har i mange år hatt det politiske grunnlaget for breie, raud-grøne koalisjonar, men ikkje den politiske viljen til å bygge på det. I USA stemte 12 prosent av Sanders-tilhengarane på Donald Trump. I Frankrike nekta venstresidas toppkandidat å støtte Macron.

I Skandinavia har det gått betre, med sentrum-venstre-samarbeid i alle tre land – men også med store problem og mangel på varigheit. I både Noreg, Sverige og Danmark er det sterke spenningar og negative kjensler mellom sentrum og venstresida. Mange SV og Ap-folk kan til dømes ikkje fordra V og KrF, og det motsette er minst like tilfelle.

Kva med Noreg?

Kva med å leite etter fellesskap mellom SV og KrF, mellom Venstre og SV, mellom radikale og liberale og sosialdemokratar? Dette kan gje mykje meining langs ein høgre-venstre-akse. Dersom verdikampen mellom liberalisme og populisme blir sentral framover, er det essensielt. At alliansar mellom det nye og det gamle høgre får dominere europeisk politikk, medan sentrum-venstre står oppsplitta tilbake, må då vere verre?
Dette er ikkje ei taktisk samarbeidsoppgåve, det er først og fremst eit politisk prosjekt. Vi må søke etter politisk fellesskap i dei store oppgåvene som samfunna våre står framfor.

Kva med å leite etter fellesskap mellom SV og KrF, mellom Venstre og SV, mellom radikale og liberale og sosialdemokratar?

For meg trer dei klårt fram: Kva vi skal leve av; å ta føringa i eit grønt skifte som alle i sentrum-venstre meiner er naudsynt, og som høgrepopulistar ikkje kan leie. Å skape fellesskap mellom menneske med ulik kultur og bakgrunn, ikkje polarisering. Å redusere dei økonomiske ulikskapane som spreier seg som gift på kontinentet. Alt dette bygd på det viktigaste Europa har oppnådd på 200 år, vårt liberale verdigrunnlag og arven frå opplysningstida.

Ap-leder Jonas Gahr Støre og Une Aina Bastholm fra Miljøpartiet De Grønne.

Det som må til

Sjølv likte eg både Clinton og Sanders. Eg er nysgjerrig på både Macron og Corbyn. Eg kjenner politisk fellesskap med både Audun Lysbakken, Jonas Gahr Støre, Une Bastholm, Knut Arild Hareide og sentrale personar i Venstre.

Er det berre meg det er noko gale med, eller er det kanskje dette som manglar? Eg trur det er ein sentral del av det som må til. I alle fall om vi ikkje skal sitte igjen, val etter val, og spørje «kva skjedde?»

Les også:

Les også

  1. Therese Sollien om Clintons bok: Rapport fra Clintons furtebu

  2. Var det Støre? Sviktet Ap kvinnene? Skulle de tatt Rødt inn i varmen? Dette mener synserne om valgnederlaget.

Les mer om

  1. Donald Trump
  2. Bård Vegar Solhjell
  3. Jeremy Corbyn
  4. Økonomisk politikk