Meninger

Avlys kulturkrigen

  • Sveinung Rotevatn

Kvar skal spørsmålet om norsk kultur bringe oss i den politiske debatten?, spør innleggsforfattaren. Foto: Gunnar Kagge

Kjære borgarlege vener: Avlys kulturkrigen. Norsk kultur er ikkje under åtak frå nokon som helst. Og om den så var, er det ikkje ei politisk oppgåve å redde den.

Konservative har til ei kvar tid sett det som si oppgåve åforsvare det beståande mot eit eller anna. I dagens politiske Noreg ser dei dettydelegvis som ei viktig oppgåve å forsvare det smått uvisse konseptet «norskkultur» mot ein endå meir uviss fiende. Vi veit lite om kven denne fiendeneigentleg er, eller kva han vil. Anna enn at det har noko med innvandring ågjere.

Og at kulturminister Hadia Tajik er involvert.

Sveinung Rotevatn

Ikkje rett adressat I haust sendte stortingsrepresentant ChristianTybring-Gjedde (Frp) eit spørsmål til kulturministeren med krav om å få servertein definisjon på «norsk kultur». Kulturminister Tajik svarte kort oppsummertat kultur er omskiftelege og dynamiske greier, og at bokmålet Tybring-Gjeddesstilte spørsmålet sitt på for øvrig er tungt påverka av andre kulturar.

Svaret fekk mange til å humre. Men ikkje Jon Hustad. Hankrev i Aftenposten 2. januar eit tydeleg svar frå Tajik, og tek på seg oppgåvamed å formulere spørsmålet på ein meir intelligent måte enn Tybring-Gjeddeklarte. Det lukkast han for så vidt med, men eg forstår framleis ikkje kva haner ute etter. Eg meiner – kulturministeren kan sikkert ta på seg å skrive eitsvar der ho definerer norsk kultur som «ein smått pietistisk og nøysomhelgefyll-kultur, der folk stort sett er kvite i huda, går i kyrkja på julaftanog et produkt frå Kraft Foods i påska».

Eller noko mindre flåsete.

Men kvar skal dette bringe oss i den politiske debatten?Politikarar jobbar med konkrete politiske forslag for å oppnå konkretepolitiske resultat. Kva forslag er det Hustad og Tybring-Gjedde vil brukekulturdefinisjonen til å legitimere? At dei vil avgrense innvandringa til Noreger tydeleg, men då er det i så fall heilt andre statsrådar som er retteadressat.

Tajik er vel omtrent den statsråden som syslar minst medinnvandringsspørsmål. Med unnatak av at ho har eit utanlandskklingande namn, då.

«Grenser for politikk»

Les også

Kronikken til Hustad byggjer på ein sentral tankefeil

Det er likevel ikkje berre herrane Hustad og Tybring-Gjeddesom har vore på ein etnosentrisk kulturoffensiv dei siste månadane. UnderStortingets spørjetime like før jul, var det eit hardkøyr mot statsministerJens Stoltenberg frå Høgre, KrF og Frp. Mine vener på borgarleg side ville hasvar på korleis statsministeren ser på og vil verne om den kristne kulturarva isamfunnet generelt, og jula spesielt. Etter nokre rundar fram og tilbake, komStoltenberg til slutt med eit hjartesukk om det han omtala som «tilløp til at [...] vi politikere nærmest skal mene noeom alt».

Det gjorde godt å høyrestatsministeren seie dette. Høgre og Frp har til tider gode, liberaleryggmargsrefleksar når det kjem til kva politikarar bør legge seg opp i ogikkje. Som regel står desse partia på enkeltindividet si side, og meiner at detbør vere «grenser for politikk» — for å låne eit gamalt Unge Høgre-slagord.Trass i dette gode utgangspunktet har mange på borgarleg side tradisjonelt vorealt for opptekne av at politikarar aktivt skal verne om beståandestrukturar – særleg kva gjeld familielivog religionens plass i samfunnet.

Les også

Ikkje min kulturminister

Eg mistenkjer at det er dette Tybring-Gjedde og Hustadeigentleg også er ute etter. I så fall bør dei spele med opne kort. På sosialemedier 2. januar var det mange som tok avstand frå innvandringsskepsisen iinnlegget til Hustad, men som for øvrig meinte at han «har eit poeng». Men kvaer eigentleg dette poenget?

Kronikken konstaterer det openbare: At vi i Noreglever i eit samfunn prega av høg verdiskaping, lite korrupsjon og høg tillitmellom borgarar og styresmakter. Dette er heilt rett. Og er det slik at Hustadkan påvise at vi etter femti år med rekordhøg innvandring har sett endringartil det verre på nokre av desse felta, slik han insinuerer? Det tvilar egsterkt på. Og i så fall har han ikkje «eit poeng». Han har einkonspirasjonsteori. Som han rir i kampen mot ei diger vindmølle.

Innbilt kulturkrig

I USA har vi lenge sett ei utvikling der republikanaranekritiserer demokratane — ikkje for tiltaka dei fremjer, eller politikken deistår for, men for å på mystisk vis undergrave sjølve den amerikanske kulturen.Denne innbilte kulturkrigen har vore med på å fyre opp om hat og kunstigemotsetnadar i amerikansk politikk. Eg håpar vi slepp å sjå det same i Noreg.

Relevante artikler

  1. MENINGER

    «Noko mørkt er i ferd med å sige inn i norsk politikk og samfunnsdebatt»

  2. MENINGER

    Kva skjedde?

  3. SID

    Krev svar på spørsmåla frå politikarane!

  4. DEBATT

    Solberg selv har gjort Hareide mer venstrevridd

  5. KOMMENTAR

    Lille speil på veggen der, hvem er norskest i landet her? | Helene Skjeggestad

  6. SID

    Unge Høgre vil ikkje tvinge kommunar til å byggje vindmøller